Gå til innhold
Arkivverket

[#77041] Andreas Olsen (178?-e.1846) - kona Agathe - jekteskipper og ølbryggjar Bergen?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Andreas Olsen, av ukjent opphav, gifte seg i Bergen 30.3.1812 med Agatha Larsdotter, fødd i Hafslo og døypt der 17.12.1780. Dei busette seg som huseigarar i 3. rode nr. 59 (nordre Schreudersmug 4) i Bergen, og der har dei truleg budd i alle fall til midten av 1840-åri. Andreas kallast matros (1812-1820) og sidan jekteskipper (1820-1845) og sidan ølbryggjar (1848), men eg har ikkje greidd å finna dødsfalli deira i Bergen! ''Madame Agathe Olsen'' stod fadder på eit barnebarn i Nykyrkja i Bergen i 1844, og i 1846 var ''skipper Andreas Olsen'' forlovar for ein son som då gifte seg i Krosskyrkja i Bergen.Dei fekk fem søner i lag:a. Lars Olai Andreasson Olsen, fødd i Bergen 11.5.1813, nemnd i FT1815, men sidan ukjend.b. Nils Andreas Andreasson Olsen, fødd i Bergen 5.1.1815, nemnd i FT1815, men sidan ukjend.c. Carl Johan Andreasson Olsen, fødd i Bergen 30.1.1818, døydde i Bergen 3.6.1876. Carl gifte seg i Bergen 28.4.1844 med Anna Lovise Salomonsdotter Jørgensen, fødd i Bergen 20.3.1821. Ho døydde i Bergen 27.4.1871. Carl var kontormann og spansk tolk(!), og han og Anna fekk sju born i lag.d. Severin Andreasson Olsen, fødd i Bergen 30.9.1819, døydde i Bergen 4.12.1906. Han gifte seg i Bergen 22.11.1846 med Helle Margrethe Juliusdotter Wiesener, fødd i Bergen 5.2.1822. Ho døydde på Fløen i Årstad, Bergen 14.2.1900. Severin var handelsmann og sidan meklar(!) i Bergen og delvis på Fløen i Årstad. Han og Helle fekk elleve born i lag.e. Michael Blydt Andreasson Olsen, fødd i Bergen 1.2.1822, døydde i Bergen 6.3.1904. Han gifte seg på Seim i Hosanger 21.7.1849 med Alida Marie von Krogh Willadsdotter Doth, fødd på Lindås 21.2.1821. Ho døydde i Bergen 19.12.1898. Michael var ei tid landhandlar på Valde i Seim (Meland), men flytte snart til Bergen og heldt fram som handelsmann der, visstnmok i trelastnæringi(?). Han og Alida fekk tre born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg står med andre ord heilt fast når det gjeld følgjande:* Opphavet til Andreas Olsen?* Lagnadane (dødsfalli) til Andreas og Agatha Olsen?* Lagnadane til dei to eldste sønene, Lars Olai og Nils Andreas?Eg tek med stor takksemd i mot alle gode forslag til løysing av desse spørsmåli!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

I aftes fann eg skøyti på eigedomen i Nordre Schreudersmug 4 i Bergen då Andreas Olsen selde eigedomen. Ho er datert i 1850, og Andreas er då titulert ''kjøpmann her i staden'' (Lenke), men dødsfallet hans er like fullt umogeleg å finna. Ikkje heller finn er kona Agatha sitt dødsfall.Eg TRUR dei på sine eldre dagar må vera flytte ut av sjølve Bergen, kan henda til Meland (Hosanger) der sonen Michael Blydt Olsen budde då han gifte seg i 1849, eller kanskje til Åsane (Hamre)? Eller til Minde (Fana)?MEN; om han var kjøpmann, so må han vel ha hatt borgarbrev? Eg kan likevel ikkje sjå at han er nemnd i borgarboki for Bergen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Ser i alle fall at Michael Blydt ble konfirmert i Nykirken i 1838 - Bergen fylke, Nykirken, Klokkerbok nr. A 5II (1821-1843), Konfirmerte 1838, side 383. Permanent sidelenke:  [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8729&idx_id=8729&uid=ny&idx_side=-51>Lenke Permanent bildelenke: Lenke Konfirmasjonen til Lars Olay Olsen i 1829, Nykirken – se nr. 32 - Bergen fylke, Nykirken, Klokkerbok nr. A 5II (1821-1843), Konfirmerte 1829, side 362. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande detaljar! Då veit me altso at Lars Olai i alle fall levde i 1829... Har du sett etter dei andre borni ogso, Grethe? Eg vil tru dei alle må vera konfirmerte i Nykyrkja...Elles beit eg meg særleg merke i at ein av sønene var spansk tolk! Det var vel eit uvanleg yrke på den tidi...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Jeg har sjekket konfirmasjonslistene i Nykirken og har funnet både Carl Johan og Severin foruten altså Lars Olai og Michael Blydt, men Nils Andreas har jeg så langt ikke funnet.Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Når jeg tar søk i alle databaser i Digitalarkivet på Andreas Olsen, får jeg blant annet tilslag på dåpsinnførslen til sønnene døpt hhv 1818 og 1819 i Nykirken. På begge innførslene står det 1784 i klamme som fødselsår på far Andreas. Men ser at ved dåpen til Lars Olay er faren registrert som Anders Olsen. Mens han står som Andreas Olsen ved dåpen til Nils Andreas og da er fødselsåret 1780 i klamme.I 1785 ble det døpt et uekte guttebarn i Nykirken som fikk navnet Andreas. Faren var bortreist dreng Ole Sivertsen og moren het Anne Elisabeth Andersdatter [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=25&filnamn=dp12011668&gardpostnr=53471&personpostnr=157484&merk=157484#ovre>LenkeDette blir bare helt hypotetisk, men den ene sønnen til Andreas og Agathe het Severin, det er ikke så langt unna Sivert og Sivertsen....Finner også en Andreas Olsen, 17 år, som ble konfirmert i Nykirken i 1799. Som foreldre ser det ut som det er oppført baker Christian Christensens enke - Bergen fylke, Nykirken, Klokkerbok nr. A 1 (1770-1821), Konfirmerte 1799, side 44-45. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: Lenke Christian Christensen, mesterbaker, døde i 1798 - Lenke Mesterbakerens enke het antakelig Anne Mette Wichman - LenkeI 1801 var Anne Mette gift på nytt og i tjenerskapet finnes en Anders Olsen på 21 år, f.ca. 1780.Som sagt er alt dette hypoteser som det antakelig ikke finnes hold i. I 1801 finnes det også to Andreas Olsen som er hhv svenn og læredreng hos rebslager Jacob Olay Grung LenkeJeg ser at Lars Olay hadde faddere som het Schuman og Holterman og Krohn til etternavn. Det er noen av de sammen navnene som dukker opp ved dåpen til sønnen Nils Andreas. Ser for øvrig at en av sønnene til Daniel Schuman også het Michael Blydt -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Grethe, for kjempeinnsatsen med å freista finna opphavet til denne Anders/Andreas Olsen. Eg har mest ei kjensle av at det er som å leita etter den velkjende ''nåli''. Det er so mange med likt namn, og ikkje veit me heller nøyaktig kor gamal han var! Og han kan vel egentleg vera frå nær sagt kvar som helst i Bergen, Hordaland og Sogn og Fjordane... So eg må tilstå eg er ikkje heilt optimistisk når det gjeld sjansane for å finna opphavet hans, med mindre me kan finna eit skifte?Men, Gud ta meg i vare, ikkje noko ville gleda meg meir enn om du skulle greia å løysa denne gåta, Grethe, ei gåte som eg vil tru er meir utfordrande enn den tradisjonelle påskekrimmen på norsk TV...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hei Lars, Her har jeg funnet trolovelse/vielse for matros Anders Olsen og Agathe. Forloverne var M. B. Schuman og Peter Fasmer - Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. A 8 (1776-1814), Ekteviede 1812, side 177. Permanent sidelenke:  [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8724&idx_id=8724&idx_listetype=vi&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-182>Lenke Permanent bildelenke: Lenke På brudgommen synes jeg så tydelig det står Aase...I 1812 ble det holdt skifte etter Ole Andersen Aase i Førde. Hans eldste sønn het Anders Olsen Aase og var «Sømand» - Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Lenet tinglag, Skifteprotokoll A 12a , 1812-1817,

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Du Grethe, du Grethe!Det var litt av eit påskeegg du kom med i stad! Eg hadde ikkje tenkt på å sjå på trulovingi til Anders Olson og Agatha, og ingen tvil om at det står Aase der! Og, den einaste (jmf. FT1801) er jo han som er fødd i Naustdal, Førde i 1786.Det hadde vore spennande å høra kva bygdeboki for Naustdal har å seia om denne huslyden, men eg er faktisk overtydd om at det må vera rett person. Om han var gift eller ikkje då skiftet vart teke til handsaming, speler vel liten rolle...?Eg trur eg vil leggja inn eit nytt tema der eg ber om bygdebokoppslag!No er eg jamen spent på om lagnaden til dette paret òg kan finnast...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hei igjen Grethe!Som du sikkert har lagt merke til, so var Anders Olson Aase frå Naustdal IKKJE vår mann i Bergen, so ''back to square #1''...Eg lurer på, kan ''vår'' Anders Olson Aase ha noko med garden Åse i Alversund å gjera? Som me hugsar, so var sonen Michael Blydt Olsen ei stund landhandlar på Valde i Seim (i dag Meland kommune).So problemet med Anders/Andreas Olsen er framleis ein ''påskekrim''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk Grethe for eit nytt spennande tips! Eg finn ingen Anders Olson Aase i Bergen som høver (vigselslista eller fødselslista), so eg har lagt ut eit nytt tema med spørsmål om denne karen, som tydeleg har opphavet sitt på Åse i Sund!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hei Grethe!Du, eg veit ikkje kva som var orsaki til salet, men eg ser ikkje bort ifrå at han selde huset fordi han då flytte frå Bergen! Likevel er det underleg at ein av sønene (Carl eller Severin) fleire år etter salet framleis budde der, om enn berre ved ein av fleire barnedåpar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Så vidt jeg kan se, har ikke presten ført inn hvem som flyttet ut av Nykirken på den tiden da Anders/Andreas solgte eiendommen. Da hadde det vært mulig å se om Anders og Agothe sto der. Pussig at de bare forsvinner ut det store intet, liksom....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg må berre seia meg samd med deg, Grethe; det er underleg at Andreas og Agatha berre ''forsvinn'', men eg har rimeøleg stor tru på at dei vil dukka opp som avlidne like utanfor Bergen, ein eller annan stad... Men dette er jo ein del av ''påskekrimmen'' vår. ''Utan lik, ikkje noko mord''...God Påske!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hei Lars,ja, du sier noe. Det er spennende med genealogisk påskekrim/-nøtter. Apropos genealogi, så kan jeg jo si som lille Vera (8 år) skal ha uttalt: Forfedre er noe man har, når mor har vært gift flere ganger! (Hentet fra boka 'Krokodiller snakker ikke norsk' av Unni Lundell).GOD PÅSKE :))) (jeg skal prøve å få sykkelen på veien).HilsenGrethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg Grethe!So er det vorte stadfest at Anders Olson frå Åse i Fjell framleis levde då foreldri sitt skifte vart registrert i 1842! Det er nok han me finn att i Bergen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Legger for orden skyld inn lenke til tema 77188 vedrørende Anders Olsen Aase - da er det enklere å ha koll på funnene: LenkeGrethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Dødsfallet til Knut Olsen Aase i 1868 - [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=FJELL35&gardpostnr=1427&merk=1427#ovre>LenkeKan dette være den andre broren Mons Olsen Aase? Død 1848 - LenkeLurer på om Mons Olsen var gift med Elisabeth Jacobsdatter og hadde ei datter Kari til konfirmasjon i Fjell i 1840. Datteren var født på Aase... LenkeSønnen Jacob Monsen ble konfirmert i 1842 Lenke og i 1845 fulgte sønnen Ole Monsen LenkeHer er giftermålet i Sund mellom Mons og Elisabeth/Lisbet - LenkeLurer på om dette er giftermålet til Knut Olsen Aase i 1812 i Sund; bruden het Anne Johannesdatter Windenæs Lenke Her er giftermålet i kirkeboka m/navnene på cautionistene - Hordaland fylke, Sund, Ministerialbok nr. A 8 (1788-1815), Ekteviede 1812, side 71. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: Lenke Her er første barnet til Knut og Anne, sønnen Ole – Lenke. Her blir sønnen konfimert LenkeI 1865 bodde Knut Olsen som føderådsmann på Aase. Men da het kona Brithe Andersdatter; de ble gift 23. november 1855 i Fjell - Hordaland fylke, Fjell, Ministerialbok nr. A 6 (1849-1877), Ekteviede 1855, side 22. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: Lenke Hvis disse to jeg har funnet, er brødrene til, Anders Olsen Aase, ser det ut som begge hadde arvinger. Det finnes en Anders Aase i Sund, men jeg tror det må være Anders Pedersen Aase som ble gift i Sund i 1811, året før Knut Olsen Aase – Lenke.I 1801 bodde både Knut og Mons hjemme på Aase sammen med foreldrene Ole og Brithe Lenke Mulig storebror Anders Olsen var tjenestedreng på Logøen i Fjell sogn -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Eg trur ein bør avgrensa leitinga etter Andreas Olson (Aase) til mellom 1850, siste året me veit at han var i live, og 1865, då han _ikkje_ er å finna i den landsdekkjande folketeljinga for 1865.No er det - som vi veit - sjølvsagt lakuner i FT 1865, men på den andre sida ville Andreas Olson f. 13. okt 1782 vore 83 år gamal om han var i live. Med det meiner eg at statistisk sett er større sjanse for at han var død enn at han framleis var i live i 1865. Men, statistikk er naturlegvis 'intet hinder' for å bli 100 år eller eldre ....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

So har meendeleg fått 100% prov for at me har funne den ''riktige'' Anders Olson Aase (Lenke). Her kjem det fram at Anders var avliden før 1870, men at han lét etter seg dei tre sønene, som me alt kjenner til. Lars Olai må vera avliden mellom 1829 og 1870!Eg er elles samd med Terje om at Anders/Andreas Olsen/Aase HØGST SANNSYNLEG døydde mellom 1850 og 1865, men om me strekkjer oss fem år til, so gjer vel ikkje det so stort utslag.Men KVAR i all verdi kan Anders/Andreas og kona Agatha ha enda dagane deira...?Påskekrimen held fram...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.