Gå til innhold
Arkivverket

[#77206] Lorents Andreas Helmers (1863-1911), styrmann frå Florø, busett Bergen - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Grethe (23): Eg tok nokre telefonar og traff på nokon som hadde nedskreve noko opplysningar om Helmersfamilien. Dessverre ikkje noko meir om Lorentz enn yrket, ekteskapet med Anna Helena og at dei hadde ei datter, Solfrid fødd 1908.Eg ser av det eg har skreve, at vedkommande kalte ektefellen til Lorentz for Helena, kan ho ha brukt dette namnet til vanleg?Edith (25): Står det Reimers i dødsannonsen?mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Lars (27): Det trur eg kan passe bra. Han eg snakka med meinte ho skulle ha to barn, men visste ikkje namn på dei. Han var usikker på om ho var gift.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

669300 Randi Helmers 1208 1939 1408 1988 2306 1989 015 03 010 Vestre gravlund Velg kirkegård i Oslo FagerborgJf. innlegg 14.Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Flott Grethe. Den virkar jo lovande. Dette ser jo ut til å være same gravnr. Eg har sendt inn ein forespurnad til Vestre Gravlund om Solfrid. Eg skal sende ein på Randi også.Utfordringa blir framleis å finne ut kor Solfrid er fødd, for så å forhåpentleg vis finne Lorentz gravlagd same stad.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Attende etter ein kort ''utflukt'' er eg imponert over dei mange flotte innleggi som er komne om dette problemet! Hjarteleg takk til Egil, Grethe, Gisle, Edith og Lars for bidrag! Eg har ei kjensle av at ''nettet'' no etter kvart tek til å ''snøra seg'' kring Lorents og huslyden hans, og eg har god tru på at dette skal gå bra! Nok ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Det er visst ikkje berre digitalarkivet som har dataproblem for tida. Eg har difor ikkje fått noko tilbakemelding om festarane på gravene til Solfrid og Randi. Reknar med at dette ordnar seg i neste veke.Denne Helmers-slekta er for så vidt interessant for meg også, av fleire grunnar.Så vidt eg har forstått det, så kom Helmers-slekta til Bergen under Hansa-tida, og alle (i alle fall dei aller fleste) Helmers-ane i Norge stammer derifrå.Slekta i Kinn/Florø er ei avgreiing frå denne slekta. Tippoldefar til Lorentz kom til Kinn kring 1730. Han gifta seg til den eine garden i Batalden, og overlet den seinare til eine sonen. (bror til Lorentz sin oldefar). Når denne sonen døde, så kjøpte tipp-tipp-tipp-oldefaren min garden, og sidan er det slekta etter han som har eigd garden.Farmor til Lorents er også ei som eg har på lista over 'interessante' personar.Eg kjem tilbake når eg har fått tilbakemelding på festa, eller fått andre opplysningar. Eg har også nokre lause trådar i 'nettet' som eg jobbar med.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Skal si du står på, Egil! Jeg har ikke noe mer å bidra med foreløpig i dette temaet, og har vært med på å løse andre 'gåter' i mellomtiden. Spennende å se om du får svar.Ha en fin helg!Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg er ogso imponert over innsatsviljen som dykk båe, Egil og Grethe, har synt med omsyn til dette temaet.Eg har forresten problem ogso med den eldste søsteri til Lorentz; får eg lov til å leggja det inn i same andedraget...?* Oleane Margrethe Helmers, fødd i Florø 18.2.1847, skal vera avlidi 6.8.1919, rimelegvis i Florø? Ho gifte seg i Florø 2.5.1878 med Marcus Olson Skaaden, fødd på Skåden i Innvik 4.10.1840. Dødsdato ukjend. Marcus var handelsmann og budde i Florø, men ved FT1900 var han åleine i Florø! Kan Oleane vera flytt frå mann sin? Dei var barnlause.Eg takkar igjen so mykje for alle nye tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Om det kan være ei trøst, så har eg heller ikkje funne verken Markus eller Oleane i 1900. Eg finn dei i FT 1885, og då bur dei i Florø.Lars: Har du sjekka om det er eit skifte etter faren til Oleane som døde i 1897?mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Egil for nye innlegg!Og her er mannen som eg meiner må vera Marcus Skaaden i FT1900 for Florø: (Lenke) Han er mellombels forsørga av Per Helmers!Dette funnet bringer eller opp nok eit spørsmål som framleis står utan svar:Denne Per (Peder Olaus) Helmers gifte seg kring 1886 med Ragnhild Olsen frå Lærdal, men denne VIGSLI har eg heller aldri greidd å finna!?Dødsmeldingi etter Jens Helmers har eg ikkje undersøkt, men eg vil leggja inn eit spørsmål i Arkivforum! Hjarteleg takk til Egil for tipset!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Edith  M Toft

Til tema 20Andreas Johanson (som han heter her)med familie finner vi i Ankenes i 1900 telling. Bostedet heter Oskarsborg. Her har han ny kone og flere barn. Henriette, Hans, Johanne og Artur, er han og Siri (Sigrid's) barn. De to yngste er antagelig barna til Andreas og Marie. Det yngste barnet er oppkaldt etter hans første kone Sigrid. Siri (Sigrid) må ha dødd mellom 1892-1897. Finner ikke deres eldste datter Anna Caroline.Mvh Edith

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin, Edith og Grethe for nye flotte meldingar! Eg er imponert!Eg meiner eg søkte etter Helmers-vigsli i Lærdal utan å finna ho, men no er ho i alle fall komi til rette...Elles ser eg at Sigrid Johansen døydde so tidleg at ei dødsmelding/skifte ikkje hjelper oss til å finna ut kvar det vart av dotter hennar...Eg ventar framleis på opplysningar frå dødsmeldingane etter Jens Helmers og dotteri Oleane. No får me vona at dei fortel oss litt meir... Med mindre sporet etter dotteri Solfrid i Oslo kan gje oss resultat...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Ditta her var ikkje lett. Men svaret om Solfrid og Lorentz ligg nok og lurer.Eg trur eg har funne det andre barnet til Sofrid, John Arvid Helmers, fødd 1839 og død 2008. Han er i alle fall gravlagd i same grava som Solfrid og Randi. Dessverre ikkje noko opplysningar endå som kan stadfeste at det er rett Solfrid og kor ho evt. blei fødd.Eg har litt opplysningar som eg ikkje vil legge ut her, dei kan eg sende til deg på epost, så kan du sjå om du kan nytte deg av dei.Eg har framleis nokre lause trådar ute, så kanskje får vi eit svar.Eg har heller ikkje funne noko meir om Oleanne, men får forhåpentlegvis tilbakemeldingar om henne også. Eg ser at 'ektemannen' som du fann, står oppgitt som 'ugift'. Om dei skulle være skilde, og då oppført som 'ugift', så kunne dette være ein kandidat, sjølv om fødselsåret er feil. Ho må også ha tatt 'ektemannen' sitt farsnamn. Men eg har ikkje fått sjekka denne ut noko meir. Lenkemvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande opplysningar og dessutan for privat mail!Eg har nettopp hatt ein hyggeleg samtale med mannen som har ansvaret for desse Helmers-gravene på Vestre Gravlund, og han har referert meg vidare til ei god venninne av nemnde John Helmers som skal sitja på ein heil masse papir om slekti. Det er berre det at eg ikkje får tak i vedkommande i dag...Han kunne elles stadfesta at Solfrid var fødd Helmers og at ho tok attende jentenamnet etter at ho vart skild frå mann sin. So dette er heilt sikkert rett familie...Me nærmar oss MÅL!Med venleg helsing,Lars E. ØyanePS: Som det går fram av Arkivforum, døydde Oleane Helmers Skaaden i Florø som ENKJE, men ervingane er ikkje namngjevne...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande opplysningar og dessutan for privat mail!Eg har nettopp hatt ein hyggeleg samtale med mannen som har ansvaret for desse Helmers-gravene på Vestre Gravlund, og han har referert meg vidare til ei god venninne av nemnde John Helmers som skal sitja på ein heil masse papir om slekti. Det er berre det at eg ikkje får tak i vedkommande i dag...Han kunne elles stadfesta at Solfrid var fødd Helmers og at ho tok attende jentenamnet etter at ho vart skild frå mann sin. So dette er heilt sikkert rett familie...Me nærmar oss MÅL!Med venleg helsing,Lars E. ØyanePS: Som det går fram av Arkivforum, døydde Oleane Helmers Skaaden i Florø som ENKJE, men ervingane er ikkje namngjevne...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande opplysningar og dessutan for privat mail!Eg har nettopp hatt ein hyggeleg samtale med mannen som har ansvaret for desse Helmers-gravene på Vestre Gravlund, og han har referert meg vidare til ei god venninne av nemnde John Helmers som skal sitja på ein heil masse papir om slekti. Det er berre det at eg ikkje får tak i vedkommande i dag...Han kunne elles stadfesta at Solfrid var fødd Helmers og at ho tok attende jentenamnet etter at ho vart skild frå mann sin. So dette er heilt sikkert rett familie...Me nærmar oss MÅL!Med venleg helsing,Lars E. ØyanePS: Som det går fram av Arkivforum, døydde Oleane Helmers Skaaden i Florø som ENKJE, men ervingane er ikkje namngjevne...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg har i dag fått greie på at Solfrid Helmers voks opp i Narvik, og her har me fødsli hennar: 6.11.1908 (Lenke).So truleg er det meir å henta i Narvik, men eg finn ikkje dødsfallsprotokollar for 1911... Kanskje andre har meir hell enn eg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.