Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#77219] Adressebøker Oslo 1930-talet - - oppslag Døhle og Dohrn

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ei dødsmelding for Ingebrigt Johnson Sjøtun frå Hafslo i Sogn, avliden i Oslo 15.10.1934 (http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/27318/48) syner at to av døtrene hans var:Ida (Antonie) DØHLE (f. 10.3.1889), Kristian 4s gate 9 i OsloSofie DOHRN (f. 27.6.1897), Tollbodgata 20 i OsloIngen av desse personane finst i DIS-registeret over gravlagde i Noreg.Er det nokon med tilgjenge til adressebøker for Oslo som kan finna ut:* Kva heitte ektemakane til dei to søstrene?* Kor lenge (omtrent) kan dei ha butt i Oslo?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg freista eit par telefonar og har funne ut følgjande:Sofie var gift med Emil Heinrich Dohrn, ein konditor frå Elmshorn i Schleswig-Holstein, Han døydde i Oslo 19.7.1944 (Lenke) og let etter seg fire bnorn frå eit tidlegare ekteskap. Sofie og Emil var barnlause.Som enkje skal Sofie Dohrn i mange år ha drive ei liti kolonialforretning i ei sidegate til Karl Johan, den nedre delen mot Austbanen. Ho levde framleis på 1970-talet.Eg veit ikkje om dette hjelper...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Det er ingen Sofie Dohrn i adresseboka for Oslo 1955, men det er ei enkefru Sofie Johnsen som driver en melk- og delikatesseforr. i Dronningsg. 23 (sidegate til Karl Johan). Hun bor i Bergsalleen 17, Berg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for spennande innlegg. Dette stadfester nemlig kva eg akkurat har funne ut:Enkjefru Sofie Johnsen, fødd 27.6.1897, døydde i Oslo 10.10.1971.So er det eit spørsmål kvar dødsmeldingi hennar kan vera å finna?Elles Carsten, eller andre, kan de gje ei meining om kva ættenamnet til søster Ida kan ha vore frå dødsmeldingi nemnd over? Eg har tolka det som Døhle, men kanskje er det Døble? Eller Bøhle?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Jeg fant Ida Antonie Døbler på gravminner f.10-3-1889 og død 7-5-1977 Vestre Gravlund, Fagerborg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Dette er jo heilt fantastisk, Carsten! Hjarteleg takk skal du ha for den gravferdsinnføringi! Då reknar eg med at Georg var mann hennar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Her har eg funne dødsmeldingi til han som me lyt tru var mann hennar Ida Antonie, restauratør Georg Willy Døbler, død 8.8.1946 (Lenke).Namnet Døbler ser ut til å vera utgått (jmf. telefonkatalogen), so kanskje ogso dette paret var utan born?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.