Gå til innhold
Arkivverket

[#77223] Miljeteig - Skålnes


Gjest Øyvind Østvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Øyvind Østvik

Så langt eg kan sjå av Gards- og ættesoge for Kvinnherad, bind 5,side 282, så hadde Ola Aslakson Skålnes og kona Gro Johannesdtr. f. Miljeteig flg. born: a) Laurits 1907 - 1970 b) Gudrun Oline 1909 - c) Ivar 1911 - 11 d) Ingeborg 1912 - e) Ivar 1913 - f) Konstanse Gurine 1917 g) Alfred 1917 - 2006 h) Olav 1921 -Brukar i Svanevik etter Ola Aslakson Skålnes var Aslak Olsen Skålnes (1896 - 1962). Han er truleg son til Ola A. Frå 1896 til 1921 er det 25 år og mellom Aslak og Laurits er det 11 år. Alle namna på bildet på side 281 stemmer heller ikkje med namna på borna som er oppførte i boka.Kan nokon stadfeste opplysningane for denne familien i Gards- og ættesoga ?Fins det elles selektsopplysningar om Miljeteig-slekta frå Åkrafjorden ?

bilete9028.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Ole Aslaksen Skålnes er bror av min bestefar Lars Aslaksson Skålnes. Eg har lagt merke til at alle borna ikkje er lista opp i Fjellbergboka (Kvinherrad bygdebøker), som du sikkert har lese. Det er nok dei borma som er døypte i Skånevik som manglar.I Skåneviksoga, Åkra Sokn, er desse borna heller ikkje lista opp.Aslak og Gro budde mange år heime i Skålnes. Her er dei i 1900 saman med dei 4 eldste borna: LenkeDen eldste sonen, Johannes, var det me i dag kallar psykisk utviklingshemma, det er sikkert derfor han ikkje er med på biletet.Eg meiner å ha høyrt at familien budde i Skålnes til etter at Aslak byrja på skulen.Ola og Gro fekk born i 28 år. Alfred (som døydde for eit par år sidan) var fødd i 1917, men det er ikkje sant at eine systera er fødd same året, som det står i Kvinnherradssoga!Ein av etterkommarane til Ola og Gro, Skrunes, har laga eit hefte over både forfedrar og alle etterkommarane av Ola og Gro til eit slektsstemne dei hadde for ein del år sidan. Me fekk det for nokre år sidan då ein del etterkommarar var samla på plenen i Skålnes. Men eg fann det dessverre ikkje sist eg var heime.Eg har også vore borti ditt namn, Østvik, i slektssammanheng. Er du etterkommar av Ola og Gro, eller av søsken/søskenborn av Gro? Dei var fleire som flytta til Fjellberg.Ola og Gro var tremenningar. Både bestefar, Ola og to andre brør var gifte med tremenningar på to sider.Eg har funne ut at barnebarna til Ola og Gro nå er mellom nokon-og-tretti til nokon-og-åtti år, altså ein aldersskildnad på 50 år!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Øyvind Østvik

Takk til Johan Arthur Hansen og Marie Skålnes.No forstår eg betre kvifor gards- og ættesoga er mangelfull.Gro Johannesdtr. Miljeteig gift Skålnes var syster til morfar min, Ivar Johannesson Miljeteig (174-1933) frå Miljateigen i Åkrafjorden. Han gifta seg med Jørgine f. Sæbø og busette seg i Fjelberg. Det same gjorde broren Elias (1969-1929), gift med Gjertrud.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.