Gå til innhold
Arkivverket

[#77383] Thore Pederson Mo (1822-1892) frå Hafslo til Vardø - opplysn. om huslyden hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter fleire opplysningar om denne karen frå Hafslo som i ung alder flytte til Vardø, og eg vonafr at einkvan med lokal kunnskap kan hjelpa meg?~~~~~~~~~~~~~~~~~~Thore Pederson Mo, fødd i Hafslo 18.7.1822, flytte i 1840 til Bergen, men fór sidan til Tromsø og derifrå vidare til Vardø der han 1.7.1860 gifte seg med Wilhelmine Marie Larsen frå Tromsø. Ho var dotter av arbeidar Lars Larsson Grystad i Tromsø, opphavleg frå Stange, og kona Maren Gurine Willumsdotter frå Tromsø og fødd i Tromsø 11.12.1841. Thore Mo livnærte seg som fiskar, og parfolket vart buande i Vardø levetidi ut. Wilhelmine døydde i Vardø 24.2.1890, medan Thore Mo døydde som enkjemann same staden 2.4.1892. Dei fekk åtte born i lag:* Maren Gurine Thoresdotter Mo, fødd i Tromsø 20.7.1859, døydde i Vardø 11.9.1892. Maren gifte seg i Vardø 10.4.1882 med Peder Olaus Larsson Nordgreen frå Vardø, fødd i Vadsø 26.11.1854. Han døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? - etter 1900!)Peder Nordgreen var både fiskar og moloarbeidar, men vart sidan los og bestmann på redningsskøyta. Han gifte seg att og vart buande i Vardø levetidi ut.¤¤¤¤¤ (sjekka om dette stemmer? - andre kona Maren Sofie, fødd i Alta 1871)Peder Nordgreen fekk i alt¤¤¤¤¤ (kor mange born? - minst sju!)born; av dei var fem frå første ekteskapet med Maren Mo.* Martin Olai Thoreson Mo, fødd i Vardø 25.5.1861, døydde i Vardø 1.7.1861.* Thora Marie Thoresdotter Mo, fødd i Vardø 4.7.1862, døydde i Vardø 11.5.1893. Thora gifte seg første gongen i Vardø 13.6.1880 med Rasmus Walberg Hansson Olsen frå Lenvik, fødd i Trondenes 14.8.1849. Rasmus var fiskar og miste livet under fiske utanfor Vardø 7.7.1890. Thora gifte seg so 18.10.1891 att i Vardø med Peder Antoni Pettersen, fødd på Haugnes i Dverberg 27.4.1867. Han døydde på Haugnes i Dverberg 1.8.1940. Peder Pettersen var moloarbeidar i Vardø der altso Thora budde med begge ektemakane sine, men som enkjemann flytte Peder attende til Haugnes i Dverberg der han gifte seg att. Han livnærte seg i mange år som smed i Harstad, men flytte som pensjonist attende til Haugnes i Dverberg. Thora fekk i alt seks born, fem frå første ekteskapet og eitt frå det andre.* Peder Olai Thoreson Mo, fødd i Vardø 7.4.1865, reiste til sjøs i ung alder og var fyrbøtar på eit skip frå Sunderland i England då han 2.12.1904 drukna i Marseille i Frankrike, ugift.* Lauritz Martin, kjend som Martin Thoreson Mo, fødd i Vardø 5.11.1867, var fiskar, men døydde ugift i Vardø 4.4.1886.* Klara Antonie Thoresdotter Mo, fødd i Vardø 13.10.1870, døydde i Vardø 18.2.1903. Klara gifte seg i Vardø 27.5.1894 med Haagen Andreas Olsen. Han var fødd på Vold i Buksnes 12.10.1865 og miste livet under fiske utanfor Vardø 3.12.1902. Haagen Olsen var fiskar, og han og Klara budde i¤¤¤¤¤ (Vardø 1894 - 1900 i Wold gade - seinare kvar?)¤¤¤¤¤ (kor mange born? - 1900: Tordis 1892, Odisius 1894, Edgar 1898, Hernulf Kornelius 9.2.1901)* Anna Marcelie Thoresdotter Mo, fødd i Vardø 9.3.1874, døydde i Vardø¤¤¤¤¤ (dødsdatoen?)1944. Ho gifte seg i Vardø 14.5.1894 med Ole Johan Theodor Olsen, fødd på Balstad i Buksnes 16.9.1863. Han døydde i Vardø¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hans?)1921. Ole Johan var fiskar, og han og Anna budde i Vardø levetidi ut.¤¤¤¤¤ (kor mange born? - 1900: Adolf Johan 1889, Thoralf Marthin 1892, Sivald Marenius 1895, Nelli Oliva 1898, Atala 10.5.1902, tvillinger Klara og Maren 30.11.1905)* Petter Georg Thoreson Mo, fødd i Vardø 29.9.1879,¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - ikkje i Vardø 1900 – ikkje konf. eller avliden Vardø!)~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!God Påske til Finnmark!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for fleire gode innlegg om yngste sonen i denne huslyden. Då veit me at ogso han voks opp og fekk familie.Kan henda finn me òg etterkomarar etter desse folki som kan fortelja oss meir?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Villy Ovesen

Ville bare gjøre oppmerksom på en liten detalj angående Ole Johan Theodor Olsen. Han hadde først et forhold til Anna Dorthea Andreasdatter, og Adolf Johan nevnt ovenfor (f. 26 Aug 1890) var sønn til Ole Johan og Anna Dorthea. Anna Dorthea døde 3 dager etter at Adolf Johan var født. Ole Johan giftet seg så med Anna Marcelie Mo i Vardø 14 Mai 1894.Mvh Odd Villy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Villy Ovesen

Ville bare gjøre oppmerksom på en liten detalj angående Ole Johan Theodor Olsen. Han hadde først et forhold til Anna Dorthea Andreasdatter, og Adolf Johan nevnt ovenfor (f. 26 Aug 1890) var sønn til Ole Johan og Anna Dorthea. Anna Dorthea døde 3 dager etter at Adolf Johan var født. Ole Johan giftet seg så med Anna Marcelie Mo i Vardø 14 Mai 1894.Mvh Odd Villy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.