Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#77547] Maria Aamundsdotter Solvorn, f. 1796 - med huslyd - frå Hafslo til Florø i Kinn?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg strever svært med å finna att opplysningar om denne huslyden som so å si fullstendig ser ut til å vera flytt frå Hafslo til Kinn midt på 1800-talet:Sjur Sjurson Solvorn (1804-1866), òg kalla ''Bjørga-Sjur'', var fiskar og strandsitjar i Solvorn i Hafslo og døydde der. Han gifte seg i Hafslo 5.12.1825 med enkja Maria Aamundsdotter, fødd på Nes i Sogndal og døypt der 23.11.1796. Ho vart enkje i 1866 og forsvinn frå Hafslo kort tid etter, rimelegvis til Florø i Kinn, der dei fleste av borni hennar då budde?Maria hadde vore gift før og hadde frå første ekteskapet ei dotter Synneva Olsdotter (1820-1871), truleg den første av ætti som flytte til Florø der ho var gift med gardbrukar Jens Bloch Helmers (1825-1898). Dei fekk ni born i lag. Denne ætti har eg so nokolunde oversikt over (sjølv om mange detaljar framleis manglar...).Sjur og Maria fekk so fire born i lag:1. Ole Sjurson, fødd i Hafslo 25.6.1826, døydde i Florø 2.8.1893. Han var gift to gonger og tok over heimen i Solvorn etter foreldri sine, men flytte i 1892 som enkjemann til Florø der yngste dotter hans då budde. Eg vil kort nemna to av borni hans:a. Ole Olson, fødd i Hafslo 16.4.1865, utvandra til Amerika i 1885, men var til stades då skiftet etter faren vart slutta i Florø i 1894. Seinare lagnad ukjend!b. Maria Olsdotter, fødd i Hafslo 4.2.1869, gifte seg i Florø 17.3.1893 med Gunder Elias Rasmusson Gundersen, fødd i Florø 27.1.1870. Gunder Gundersen dreiv skomakarverkstad i Florø der han døydde 27.3.1898. Seinare lagnad til Maria er ukjend. Dei fekk tre born i lag:- Konrad Martin Gunderson Gundersen, fødd i Florø 10.2.1893, døydde i Florø 15.5.1896.- Karen Otilie Gundersdotter Gundersen, fødd i Florø 29.3.1896, døydde i Florø 17.12.1899.- Gunda Elisa Gundersdotter Gundersen, fødd i Florø 11.4.1898, lagnad ukjend, men presten har ved dåpen føyd til: ''attest til ekteskap 10.9.1921”'2. Anna Sjursdotter, fødd i Hafslo 14.11.1829, flytte i ung alder til Florø i Kinn der ho vart konfirmert i 1845. Sidan ser eg ikkje meir til ho!3. Sjur Sjurson, fødd i Hafslo 4.8.1832, flytte òg i ung alder til Kinn der han ei tid var dreng hjå halvsøsteri Synneva, men elles livnærte han seg som fiskar. Han døydde ugift i Florø 15.6.1887, men dødsmeldingi hans har ikkje noko å fortelja...4. Aamund Sjurson, fødd i Hafslo 25.7.1835, fekk både i 1855 og i 1860 attestar for å flytta frå Hafslo til Kinn, men eg ser ikkje noko meir til han!Eg står skikkeleg fast på denne huslyden, og alle positive tips vert tekne imot med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Maria Olsdtr. med dottra Gunde i Florø 1900 [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=f01401&gardpostnr=57&personpostnr=290&merk=290#ovre>Lenke Ser ut som ho fortsatt driv skomakerverkstaden.Gunda blir konfirmert i Florø 1913 Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Florø i Kinn, Ministerialbok nr. C 2 (1895-1916), Konfirmerte 1914, side 73. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Det er mogeleg at dette er di Anne Sjursdtr som får ei datter Elen Marie på Tirdalen i Kinn 1850, men det er ikkje lett å slå det fast. (nr. 106) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 5 (1841-1857), Fødte og døpte 1850, side 108. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6889&idx_id=6889&uid=ny&idx_side=-116>Lenke Permanent bildelenke: Lenke Eg finn ein annan kandidat i Kinn til å være mor til Elen Marie, men kven av desse to ho då har vore ....? Elen Marie dør 12 veke gamal (nr. 27) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 11 (1841-1855), Døde og begravede 1851, side 49. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg trur nok at eg etter kvart vil halde ein knapp på den andre kandidaten. Anna Sjursdtr f. 1830, datter av Sjur Anderson blir gift i 1855. Ho bur då på Trettevika, som er ein gard like innanfor Tirdalen. Ho og mannen flyttar seinare til Grønenga, som er ei øy mellom Trettevika og Tirdalen. Eg trur du kan sjå vekk frå innlegg 3. Den ville vel uansett ikkje hjelpt deg noko vidare.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg finn berre ein Sjur Sjurson i Kinn i 1865, nemleg din som då bur i Florø. Så finn eg to uektefødde barn på Florøen 1868 og 1871 med far Tjener/ungkarl Sjur Sjurson. Mor til begge desse barna er Thomasine Eliasdtr. Kan din Sjur Sjurson ha vore ute ein og annan kveldstur?Her er nok Thomasine i 1865 [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=8&filnamn=f61437&gardpostnr=9&personpostnr=80&merk=80#ovre>Lenke1868 (nr 47) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 6 (1857-1885), Fødte og døpte 1869, side 157. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: Lenke1871 (nr. 57) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 6 (1857-1885), Fødte og døpte 1871, side 170. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeI FT 1885 bur det framleis berre ein Sjur Sjurson i Florø. Han er då notbas LenkeHer er Thomasine i 1885, saman med den eine sonen hennar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.