Gå til innhold
Arkivverket

[#77557] Christen Jensson (1817-1860) - matros frå Hafslo til Bergen -kvar vart borni av?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Christen Jensson (Solvorn), døypt i Hafslo 19.1.1817, flytte i ung alder til Bergen der han 10.3.1844 gifte seg med Johanne Christine Olsen frå Bergen. Ho var dotter av snikkar Ole Simonson Høines og kona Torina Henriksdotter¤¤¤¤¤ (kvar hadde desse foreldri opphavi deira?)og fødd i Bergen 18.5.1815. Christen Jensen reiste ei tid til sjøs som matros, men vart sidan dagarbeidar. Han og Johanne budde mellom anna i Vaskerelven og sidan i Sandviksveien i Bergen, men Christen døydde som almisselem i Bergen 1.12.1860. Johanne Christine Jensen døydde som enkje same staden 13.3.1886. Dei fekk tre born i lag:a. Rebekka Christine Christensdotter Jensen, fødd i Bergen 24.3.1844, døydde på Voss 27.4.1940. Rebekka tente ei tid på sjukehuset i Bergen, men gifte seg¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar?)med Hans Andreas Hansson Hille frå Bolstadøyri, Voss, fødd på Voss 28.11.1841. Han døydde på Bolstadøyri, Evanger 29.7.1911. Hans Hille var stasjonsmeister på Bolstadøyri i Evanger, Voss, men som enkje flytte Rebekka til Gjerskvål på Voss.¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.:* Alfred H. Hille, f. Evanger 1882, n. 1900* Dorthea Rasmine Hille, f. Evanger 1883, d. Evanger 1884* Rasmus H. Hille, f. Evanger 1889, n. 1900, d. Evanger 1908)b. Henriette Jensine Christensdotter Jensen, fødd i Bergen 22.3.1852,¤¤¤¤¤ (lagnad? – finn ikkje i Bergen 1865/1875/1900/vigde)c. Christian Johan Christenson Jensen, fødd i Bergen 19.4.1856,¤¤¤¤¤ (lagnad? – finn ikkje i Bergen 1865/1875/vigde)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Denne huslyden er svært ''frustrerande''. Dødsmeldingi til Christen frå 1860 seier berre at han var etterlevd av enkje og tre umyndige born, medan Johanne si dødsmelding frå 1886 ikkje seier noko om ervingar i det heile.Det er òg underleg at eg ikkje finn nokon av desse borni i FT1865? Heller ikkje finn eg Rebekka som vart gift med Hans Hille. Og ikkje finn eg vigsli deira!?Ein svært so ''anonym'' huslyd...Eg vonar at einkvan er i stand til å hjelpa meg finna ''lykkjelen'' til denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Alle tre barnene levde ved farens død i 1860 (adr 9-26), men ved morens død i 1886 (adr 17-52) er det ikke nevnt noe om etterkommere.Høines er vel Haugesund- eller Karmnøynavn... tror jeg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Alfred Johan Hille, pensj. stasjonsformann. Født 24-5-1882 i Evanger. Gift med Gjertrud Bryn, f.5-3-1897 på Voss. Beg. som sesongarb. 1896, st.betj. 1911, sporsk. 1913, st.form. 1937. Pensj. 1942. Tidl. tillitsmann i foren. Faren og en bror var st.mestre. (Utv. stasjonspers. i Bergen distrikt i de norske jernbaner og deres personale)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Christian Johan bor som leietaker ulike steder på Fjellsiden, de siste 34 årene i Søndre Blekevei 3, der han dør i 1934 Lenke han var ugift.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid, Carsten og Øystein for mange spennande innlegg! Og eg er skikkelig imponert! Du Arnfrid har funne både Henriette og Christian, og når det gjeld Rebekka, manglar no berre:* dato og stad for vigsli hennar med Hans Andreas Hille?* og samla tal på born fødde av Rebekka og Hans Hille?Elles er eg framleis interessert i opphavi til Ole Simonson Høines og Torina Henriksdotter. Eg ser du Øystein har ein kandidat frå Eid i Nordfjord for Ole, og denne ser svært spennande ut.Når det gjeld Torina Henriksdotter, finn eg i 1801 berre EIN person som høver so nokolunde, Thyrine Marie Henrichsdotter på Barstad i Ulstein, 6 år (Lenke). Men ho er kanskje litt i yngste laget?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg ser at Ole Simonson og Torine Henriksdotter vart vigde i Domkyrkja i Bergen 3.7.1803, so ho frå Ulstein er det heilt sikkert ikkje...Men undersøkingskommisjonen frå 1804-1805 støtte Øystein sitt forslag om Høynes i Eid! (Lenke), so då er spørsmålet:* Kven var Torine Henriksdotter?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Øystein Ask

En Ole Simonsen Høynas dør 60 år gammel i Bergen den 22.10.1833 (f. ca 1773/4) og begraves DK 26.10.1833:[url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=28&filnamn=1301begr&gardpostnr=3226&merk=3226#ovre>LenkeEn Thorine Henrichdatter dør 88 år gammel i Bergen den 26.4.1853 (f. ca.1767) og begraves DK 2.5.1853:LenkeOle Simonsen Høynes(28) er tjener hos Dancert Danchesen Krohn i Bergen 1801:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Øystein Ask

En Thora Henrichsdatter(28) er tjener på Soleim Store i Årstad i 1801:LenkeDet finnes ingen Ole Simonsen på Høynes i Skudenes som passer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Øystein og Elin for nye flotte innlegg! Den vigsli var god å få tak i! Men opphavet til Thorine Henriksdotter er vel framleis eit spørsmål...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.