Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#77668] Svend Aslagsen Ruud - f. Ruud i Hallingdal ca 1780

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Han står oppført i Undersøkelseskommisjonen 1804-1805 for Bergen LenkeFarsnamnet kan opprinneleg ha vore Aslesen, som ser ut til å være meir vanleg i Hallingdal.Eg finn fleire Ruud-gardar i Hallingdal. Kva for ein Ruud-gard var dette, og kven var foreldra hans.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svehn Ruskelöv

Hei Egil!Jeg henviser til etterlysning/släktsforum : LenkeMvh,Svehn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svehn Ruskelöv

Dette er min kandidat i FT 1801 Näs : LenkeMvh,Svehn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Tusen takk for opplysningane Svehn. Det er rette personen som er omtalt i innlegg 2. Opplysningane der samsvarer for det meste med det eg har frå før, men han fekk ein del fleire døtre enn dei tre som er nemnde der. Eg har 7 døtre fødd 1813 - 1833.Interessante opplysningar om kona Karen, som eg ikkje har lett så mykje etter. At ho var frå Gol, kan vel forklare kvifor eg ikkje har funne ekteskapet deira i Bergen. Då blei dei kanskje gifte ein stad i Hallingdal?Eg har også sett han du har som kandidat i 1801, og det er ein god kandidat om vi legg til grunn at Aslagsen og Aslesen er det same, men det var det med dåpen då.Eg har også kikka litt på denne i FT 1801 Lenke i tilfelle han har flytta til Bergen via Rogaland, men eg har ikkje funne noko som stadfestar eller avkrefter det.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg har sjekka for giftemål i Nes i Hallingdal, men ikkje funne noko.Derimot fann eg denne (øverst til høgre) Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Nes, Ministerialbok nr. 6 (1808-1814), Ekteviede 1812, side 688-689. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3051&idx_id=3051&uid=ny&idx_side=-198>Lenke Permanent bildelenke: LenkeDette må vel være den same Kari/Karen Olsdtr Ødegaarden som det blir vist til i FT 1801 i linken i innlegg 2 (tar med FT 1801 her:) Lenke, som då i 1812 giftar seg med Svend Olsen Ejdal. Dette er vel då Svend Olsen Ejdal i 1801

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Stavehaug

Eg trur me har å gjera med denne karen:Svein Asleson Rud (Rud i Liagardane i Ål), 1775-1846, g 1811 m Helga Ivarsdtr. Gunhildgard (faren nok frå øvre Gunhildgard i Votndalen i Ål). Barn: Birgit (f 1811), Rangdi (f 1817), Anne Marie (f ??). Familien reiste 1814 til Drammen/Skoger. Fleire av borna arbeidde ved Konnerudverket i 1851 (Sjå meir om Svein sin familie i nye bygdeboka for Ål, band 3, s 123; om Helga sin familie i nye bygdeboka for Ål, band 4, s 190-91; og vidare i Skoger-boka s 540).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for innspelet Lars.Ein interessant kandidat kanskje?Utfordringa er kor vidt denne Svein Asleson Rud var i Bergen kring 1804-1805? Eg trur også det må være den same Sven Aslagsen Ruud som er oppført i 1804/1805 i Bergen, som saman med kona Karen Olsdtr får barn i Bergen i åra 1813-1833, og deretter dør i 1852. Då passar ikkje denne heilt inn.Vrien denne ....mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svehn Ruskelöv

Hei Egil!Da kan vi definitivt se bort ifra Kari Olsdtr. Ödegaarden, og jeg kan heller ikke se att kandidat i nr.6 kan väre den samme som din Svend A. Ruud i Bergen.Ha en bra dag.Mvh,Svehn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Ja, sånn sett er eg ikkje komen noko særleg lenger. Ei merkeleg sak dette.Kanskje er han ikkje ein gong fødd i Hallingdal, men har flytta dit. Likevel merkeleg at eg ikkje skulle finne konfirmasjonen.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svehn Ruskelöv

Jeg ser i FS att ''Svend'' og ''Aslagsen'' var ett vanligt navn i Östfold på 1700-talet, men ingen som er födt ca. 1780.Men her har jeg en ''Sven Aslesen'' döpt 15/10-1780 i Ål, foreldre Asle Svenson (så står det ett etternavn Högfeldt ??) og Aagoth Torgiusdtr, ca. midt på venstre side. : [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8545&idx_id=8545&uid=ny&idx_side=-46>LenkeEller her FS :

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svehn Ruskelöv

Nr.10, blev noe feil på FS lenken, skriv ''Sven Aslesen'' i feltet, så får du det opp.Her er enkemand Asle Svendsen og 3 barn og 1 barnbarn på gården ''Höysett'' i FT 1801/ Ål . LenkeMvh,Svehn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Ja, den kan være lovande. Garden les eg som Høgsædt. Dette tilsvarer vel Høysett i FT 1801, og der er også faren, medan mora då er død. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18010619&gardpostnr=98&personpostnr=1905&merk=1905#ovre>Lenke Han har ein eldre bror Torjus, og det kan jo passe.Svend Ruud i Bergen si første datter vart døypt Agotte Maria, og det passer jo også bra.Då har vi konfirmasjonen hans her som nr. 1 i 1797 Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Ål, Ministerialbok nr. I 2 (1771-1806), Konfirmerte 1796-1797, side 325-326. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Tusen millioner takk Ottar. Her var alt eg leitte etter. Då er det rett kandidat Svehn fann både på fødsel og 1800. I tillegg stadfestar det at det er den same Sven eg hadde i 1804 og han som blei gift med Karen Olsdtr.I tillegg svarer den på det eg endå ikkje hadde spurt om, nemlig koblinga til garden Helling i Ål og Svanøy i Sunnfjord. Mor hans var altså frå Helling og dattera blei gift med ein Svanøy. Full treff altså.Då gjenstår det berre å avklare eit evt. slektskap mellom Ågot Torjusdtr. og Torjus Olsen Helling f. ca. 1750, så er eg i mål.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg trur kanskje eg kan ha funne ut av dette, men den elektroniske utgåva av BB Ål går ikkje så langt tilbake at den kan stadfeste mine tankar. Det gjer heller ikkje kirkebøkene som ligg ute. Det er ulike Hellinggardar i Ål prestegjeld, men det er her snakk om den i Ål sokn.Så langt er eg komen:Torjus Olsen Helling f. 1748.Foreldre: Ola Torjussen Helling og Birgit Holgesdtr f. Håheim. Ukjente fødselsår, men Ola Torjussen Helling må være konfirmert før 1745.Ågot Torjusdtr Helling f. 1741Foreldre: Torjus Botolvsen f. Ulshagen og Birgit Olsdtr Hove. Ukjente fødselsår, men det dør ein Torjus Helling 51 år i 1750. Torjus Botolvsen og Birgit Olsdtr. får også ein son Botolv i 1732.Vanleg namnetradisjon ville vel tilseie at første sonen til Torjus og Birgit skulle heite Ole (og må då være fødd før 1732) og at den neste skulle heite Botolv. (Det kan jo være variantar av dette, men slik var det vel ofte).Kan då slektskapsforholdet mellom Torjus Olsen Helling f. 1748 og Ågot Torjusdtr Helling f. 1741 være slik at Ågot er tanta til Torjus.Sagt på ein annan måte: Var Ola Torjussen Helling og Åtot Torjusdtr Helling søsken?Er det nokon som har kjennskap til dette, eller kan sjekke dette i papirutgåva av BB Ål.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Stavehaug

Slektskapet var slik:Torjus Botolvson Ulshagen/Helling (søre H. i Ål) 1699-1750, gm Birgit Olsdtr. Hove 1700c-Barn 2: Ola Torjusson Helling 1722-1771, g m Birgit Olsdtr. Rud i Torpo 1725c-Barn 3: Botolv Torjusson Helling/Bakketeigen 1732-. g 1756 m enka Birgit Henriksdtr. HoveBarn 6: Ågot Trjusdtr. Helling/Bøygard, g 1 m Gjermund Larsson Rime/Bøygard/HøgsetOla og Ågot var således søsken.Se ellers bygdeboka for Ål, band VI, s 641 under Helling, søre, gnr 106/bnr. 8

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Tusen takk Lars. Då fall alle brikkene på plass.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Lise Hovdal

Jeg har kjøpt bind 7 av nye Ål Bygdesoge, og finner på side 7 om Torjuls Botolvsson Ulshagen Helling(ca -1699-175=: Som det er skrevet så giftet han seg med Birgit Olsdatter Hove. Torjus drev stort med pengeutlån. I 1728 bygslet han nordre Ulshagen på livstid av presten. Han skulle også ta seg av mora hvis hun ble enke. I 1739 sa han ifra seg bygslingen i Ulshagen, mot at den neste bygselmannen skulle 'syte for' mora. I 1744 overtok Torjus gården Breie for 200 riksdaler. På skiftet etter Torjus i 1751 var det 3046 riksdaler å dele på mellom arvingene. Arvingene overtok m.a. noen hus ved tingstua på Sundre(Sundre er i Ål sentrum i dag).Du kan sikkert fjernlåne bind 7 og de andre bygdebøkene for Ål gjennom nærmeste bibliotek. Det står jo litt mer i bokutgaven enn det gjør i det som er utlagt på internett. Tidligere var det vel ikke noe særlig før 1750 der iallefall, men det er en stund siden jeg har vært inne på bygdeboksidene til Tor Varaberg på internett. Selv vurderer jeg også å kjøpe bind 1 og bind 8. Fant den del av mine i Ål bygdebøkene, og da særlig i bind 7, men også i bind 1 og 8 da jeg var på biblioteket i Ål 26.06. 2009.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for informasjonen Anne. Det kan då sjå ut som om denne Torjus sat godt i det i forhold til pengar.For min del var målsettinga å fastslå om denne Svend Aslagsen Ruud frå Hallingdal, var i slekt med denne gjengen på Helling. Det blei jo god treff.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Østro

Svein eller Sveidn heitte han helst her i dalen, men han skreiv nok Svend, og så er det Asleson/Aslesen, ikkje Aslaksen. Han var fødd på Høgset i Liagardane i Ål i 1780, men voks opp hjå halvbror sin i Finnesgarden, innafor grensa til Gol. Halvbroren Lars Gjermundsen og kona Ingebjørg vart tidleg blant dei vekte av haugianarrørsla her i dalen, også Svein vart ein ihuga haugianar. Hans Nilsen Hauge var sjølv i Finnesgarden, og elles var dei nok på dei næraste samlingane Hauge heldt i den tida han vandra i dalen vår (ca. 1801-1804). Svein vart med Hauge og lærde, og sjølv reiste han omkring og tala på slike samlingar her i dalen. Omkring 1803 skal han ha blitt med Hauge til Bergen. Der skal han fyrst ha virka som sjømann, før han i 1810 løyste borgarbrev og vart kjøpmann der. Kona Kari Olsdtr. var frå Ålrust i Hemsedal, f ca. 1784, også haugianar. Det er nokså sikkert at dei ikkje vart gifte her i dalen, vart vel helst gifte i Bergen. Svein og Kari er nemnd i 'Boka om Gol', band I, side 449, og band V, side 419; 'Hallingdal i tekst og billeder', side 75; 'Hemsedals slektshistorie', ny utgåve, side 57.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Lise Hovdal

Bare hyggelig å kunne være til hjelp, men ser det gikk litt fort når jeg skrev om levetiden til Torjus. Det skulle stå ca 1699-1750.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Lise Hovdal

Vil bare si at det ser ut for meg som om Tor Varaberg virkelig har gjort et godt arbeid med bygdebøkene han har skrevet. Jeg slår gjerne opp i bind 7 som jeg har kjøpt, og som omfatter gårdene Ulshangen, Sundre Prestegarden, Hus, Leksvold, Stave og Rime. Leste jo også en del i de andre bøkene i sommer den dagen jeg var i Ål, og skrev av en del. Mye bra, og etter det bibliotekbesøket dro jeg rett til bokhandelen før tilbaketuren med tog til Geilo hvor jeg var på festival i gammeldans/folkemusikk. Det blir noe helt annet, så der stopper jeg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Lise Hovdal

Legger ut e-postadressen i tilfelle noen har spørsmål fra bok 7 av bygdebok for Ål, og denne debatten skal jo ikke brukes til det: anlih@online.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for interessante innlegg. Eit godt tilbud Anne.Eg kan legge til at Torjus Olsen Helling f. 1748 fekk ein son Ole Torjussen Helling i 1781. Ole møtte Hans Nielsen Hauge på garden Haftorn i 1801 (reknar med at dette no er Hoftun i Gol). Ole Torjussen Helling blei ein av Hauge sine aller næraste vener, og Hauge forhandla fram avtale om kjøp av garden Svanøy i Sunnfjord, som Ole Torjussen kjøpte i 1804. Han tok så namnet Ole Svanøe, og bygde opp ein samlingsstad for Haugianarar på garden.Ole Torjussen Helling kom til Bergen i årsskiftet 1803/1804. Om lag samtidig dukkar då denne Svend Aslesen/Aslagsen Ruud frå Hallingdal opp i Bergen. Han får hyre på ei av Hauge sine jekter, og fleire kjente Haugianarar stiller som fadder for barna hans. Altså må han også truleg være Haugianar (som då er stadfesta ovanfor).Sidan Svend var om lag jamngamal med Ole, og det finnes ein gard i nærleiken av Helling kalla Ruud, tenkte eg dei to kanskje kunne være i slekt. Det har då vist seg å stemme, sjølv om det har blitt litt rot i generasjonane. Svend er altså søskenbarn til Ole sin far.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Brynhild Berge Person

Hei Egil!Denne mannen har eg leita etter opphavet til lenge. Tippoldefar min var haugianar og fødd i Hallingdal.I samband med eiga slektsforskning finn eg Svend og Karen oppført som faddrar i Bergen saman med nokre andre. Det er ofte dei same namna som går igjen.Oldeforeldra mine gifte seg på Askøy,og no har eg funne ekteskapet til Svend Aslagsen Ruud i 'Kyrkjebok for Askøy 1801- 1818', på side 116,år 1811,Øverst til høgre på sida. Å lage lenke får eg ikkje til no. Torbjørn Samsonsen (Tråe) er nemnt i samband med ulike kyrkjelege handlingar i dette miljøet. Mvh Brynhild

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.