Gå til innhold
Arkivverket

[#77879] Litt leitehjelp i Nordfjord - Sunnmøre


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Ola Larsson og Kari Olsdtr Kvamsbakke i (dåverande) Herøy i Møre og Romsdal fekk barnet Oline Katrine i 1812 LenkeOla Larsson er frå Torheim i dåverande Davik, der eg finn han heime hos foreldra i 1801. Eg har fått opplyst at han har vore gift med Mari Rasmusdtr før han vart gift med Kari, og at dei begge, både Mari og Kari, skal vere frå Nordfjord.Eg leitar og finn ikkje - skulle gjerne funne ekteskapa hans, slik at eg kan sirkle inn fødestaden til begge konene. Er det nokon som kan delta i ein liten leiteaksjon?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

I samband med denne Marte Rasmusdtr har eg funne fram til dette skiftet http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24244/334 som faktisk også inneheld namnet hennar, men eg slit litt med samanhengen. Kan nokon hjelpe meg med det som står på denne fyrste sida, lengst nede i høgre hjørne. Eg les greit fram til 'behandling og slutning'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

...af Skifte efter Frabytteren Rasmus Olssen Hundvig. Skiftets Foretagelse har været bekjendtgjort inden Retten ved Maanedsthinget for Ejds og Horningsdahls Skibrede paa Thingstædet Ousness den 9de September sidstleden. Saa er og dette Skifte averteret i Bergens Adresse Aviser.Over Boets Midler er af Lensmand og Mænd optagen en lovlig Registeringsforretning som her indtaget og er saalydende: Aar 1816 den 21de October indfandt jeg Lensmand C. Wittrup mig paa Gaarden Hundvig i Ejds [....]

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Takk skal du ha, dette var ein litt pussig ordlyd, tykte eg. Kva er Frabytteren? Eg lurte nesten på om det sto Forbryteren ;-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det kan vel heller vere 'Fribytter'. Det var ein som hadde løyve til å borde fiendtlege handelsskip i krig; det same som 'Kaper'. Kongen utferda kaperbrev under krigen 1807-14, så Rasmus kan ha hatt eit sånt løyve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

'Frabytteren' er den som i levende live gir fra seg hele eller deler av boet, han 'byttet fra seg' sine eiendeler. Dette var en svært vanlig praksis i Nordfjord så langt tilbake vi har skifteprotokoller, og det ser ut til å være gjort ved overgang til kår.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Takkar - ein lærer så lenge ein lever. Hunvik ser forresten ut til å vere svært vanskeleg å nøste opp, med alle sine Rasmusar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bergesen

Hva er det du trenger hjelp med på Hunvik?, hvis det er Marthe R. Hunvik sine forfedre, kan jeg prøve imorgen å hjelpe deg. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Der er nokre linjer mellom Gloppen og Hunvik, og dei prøver eg å få orden på. Det inneber rydding i nokre Rasmusar, og eg takkar gjerne for hjelp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Rune - det er særleg skiftet etter Ola Jørgenson Hunvik som forvirrar meg akkurat no, så har du noko å bidra med kan du gjerne ta kontakt på aasers@c2i.net

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.