Gå til innhold
Arkivverket

[#78036] Gravferd Møllendal 1926 - frå Johanneskyrkja?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Knut Brekke, fødd i Bergen 16.10.1906, son av Gerhard Johan ''Johan'' Brække eller Brekke og Marta Olava f. Flugum, skal ha vore ein særs musikalsk gut som i ein alder av 15 år dirigerte mannskoret i Johanneskyrkja i Bergen der han òg spelte orgel. Han reiste som musikkstudent til Tyskland der han døydde 14.5.1926. Ein bror henta liket heim frå Tyskland, og guten vart gravlagd på Møllendal kyrkjegard.Eg finn ikkje noki dødsmelding for han i Bergen, og ikkje heller finn eg gravferdsprotokollar frå Johanneskyrkja frå den perioden.Er det mogeleg å finna ut KVAR i Tyskland han studerte og KVAR i Tyskland han døydde?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Ifølge dødsmeldingen til Midhordland skifterett og Bergen folkeregister døde organist Knut Brekke på Nedre Nybø, Hop i Fana hos sin mor. Faren var i USA. Dødsfallet ble meldt til skifteretten av broren Olaf F. Brekke. Ifølge Bergen folkeregister flyttet Knut Brekke fra Bergen til Fana 20. april 1926.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for oppklarande opplysningar! Her ser me eit døme på korleis det gjennom åri har vore ''pynta'' på soga. Rett nok var Knut organist, og kanskje har han vore ein tur i Tyskland, men nokon lang liktransport var ikkje naudsynt...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.