Gå til innhold
Arkivverket

[#78040] Thomas Knutson (fødd 1786-1789) - frå Vang i Valdres til Årdal og Hafslo i Sogn?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1801 for garden Holsete i Årdal syner ein tenestedreng på 12 år med namnet Thomas Knutson. Han er tydelerg ikkje fødd i Årdal.Husmann Thomas Knutson Dahlen (Kinserdalen) gifte seg i Hafslo 4.8.1822 med enkja Martha Jensdotter Kinserdal ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11456&idx_id=11456&uid=ny&idx_side=-110>Lenke). Aldrene er oppgjevne til 27 og 46. Me veit at Martha i røyndi var 50 år gamal. Thomas har nok òg vore noko eldre enn 27... Fødestader er ikkje oppgjevne, heller ikkje fulle namn på fedrane!FT1865 for Hafslo syner at Thomas Knutson var legdelem i Kinserdalen, i sitt 79 år (fødd 1787); fødestad VANG i Valdres!Legdelem Thomas Knutson Kinserdal døydde i Hafslo 23.6.1869, 83 år gamal (Lenke)!Kven var so Thomas Knutson? Han fekk ingen born, so me kan ikkje vurdera oppkalling.Han må vera fødd kring 1786-1789 i Vang, og den EINASTE ''rimelege'' kandidaten eg kan sjå, er:Thomas Knutson, døypt i Vang 25.3.1787, son av Knut Olson og Ingrid Andersdotter på Dalsøygarden i Vang (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg ser at Knut Olson og Ingrid Andersdotter i 1801 bur som kårfolk på Dalsøygarden i Vang, og dei har ein son Thomas på 7 år(!). Kan alderen frå vigsli i Hafslo vera rett likevel? Her er han døypt 24.3.1793: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9393&idx_id=9393&uid=ny&idx_side=-204>LenkeOg her er gravferdi til den første Thomas i Vang 3.6.1792:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

For ordens skuld; her er huslyden i 1801 på Dalsøygarden i Vang:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Knud Olsen Mand 50 Begge i 1ste ægteskab Have føderaad i gaarden MIngri Andersdtr Hans kone 49 Begge i 1ste ægteskab Have føderaad i gaarden KAnders Knudsen Deres børn 23 Ugivt MThomes Knudsen Deres børn 7 MOle Knudsen Deres børn 5 MIngri Knudsdtr Deres børn 11 KRagnild Knudsdtr Deres børn 16 K~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Flaten

Gardar og slekter i Vang, bind B, side 388:Under 78. (Dals)Øydgarden:KNUT Olsson (frå Håli'n?) (o. 1751-1829) var brukar o. 1785-1800. Var først ei kort tid på Tørstad og så nokre år, 1778-85, i Håli'n. G. 1774 m. Ingrid Andrisdotter (Ø. Helle?) (1752-1834?). Ho døde som legdslem i Fygle? Born:Dorte (1775-)Andris (1778-1862), brukar herOla (1781, 2 veker)Ola (1782-) døypt i Lome kyrkjeRagnhild (1783-)Tomas (1787-1792, 5 år)Ingrid (1790-), fekk son Knut (1817-) m. Løytnant Torleiv T. Vik, V.S. (1781-1826, seinare kaptein), og son Halldor (1830-) m. Knut Halldorsson Ljøsne frå Lærdal. Ingrid vart g. 1835 m. Aslak Torleivsson Tveit, Søre Øyo under Belsheim. Åtte 90/1 Ljøsne av Tveit 1856-60.Tomas (1793-)Ola (1796-) Bygdeboka gir altså ikke svar på hvor det ble av den yngste Tomas

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Harald for spennande opplysningar frå bygdeboki for Vang! Utifrå dette KAN Thomas Knutson i Hafslo so absolutt vera denne karen frå Dalsøygarden... Og so mange alternativ finst vel ikkje, so lenge me veit at Thomas Knutson i Hafslo var fødd i Vang!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Flaten

Den eneste jeg vet om (i Vang)i det aktuelle tidsrom i tillegg til han fra Dalsøygarden som heter det samme er Thomes (Tomas, Tommas) Knudsen, f. 1795, på Torstad i Vang. Men han eide 26/3 Høyne (Sør-Ellestad) i V. Slidre 1819 - 1850-åra, og hadde en sønn; Anders Tommassen, så denne kan det jo ikke være.Thomas Knudsen Dahlsødegaarden ble konfirmert i Vang 1809 LenkeHar du sjekket om Tjenestedrengen på Holsete i Årdal er konfirmert i Årdal? Hvis du finner ham der er det ikke samme karen som Tomas fra Dalsøygarden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Terje Hagen

Tomas Knutson (1788-1885)Eg trur dette er son av Knut Larsson (1739-1791) som var husmann i Geithus under Vee. Han var igjen son av Lars Knutson Bolstad (1709-1777) frå Luster.Knut Larsson vart gifte med Guri Pedersd. Nørøyni Øvstetun (1753- )Desse folki fekk 5 barn:Per, Lars, Gjertrud, Tomas og Ole.FT-1801 finne me Guri som enke under Vee med yngste sonen Ole. Det ser ut til at ho bur med Tomas Madson her.Denne Tomas Madson kan vere sonen til Mads Knutson Grehamar.Tomas Knutson vart gift med Anne Olsd. Haug Åbøle (1792- ) og kom til Lykkja i Svalheim.Dei fekk 3 barn Ole, Knut og Kari.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

lite til.Det ser ut som at Tomas og broren Per budde hjå farbror Nils som då hadde Holseter.Mvh. Terje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.