Gå til innhold
Arkivverket

[#78044] Johannes Johannesson (1806)/Bertha Hansd (1818) frå Hafslo/Sogndal til Lærdal?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Johannesson (Aasen), døypt i Hafslo 23.11.1806, flytte i 1848 til Lærdal, men gifte seg i Sogndal 13.11.1848 med Bertha Hansdotter frå Foss i Sogndal. Ho var fødd i Sogndal 7.10.1818. Dei budde altso i Lærdal i 1848.Men kvar i all verdi vart det av dei etter 1848? Kan dei ha utvandra?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg forstår ikkje riktig spørsmålet ditt, Harald. Kven er ''dei andre'', som du tenkjer på? Meiner du søskeni til Johannes og Bertha, so veit eg lite om Bertha sine i Sogndal; berre at ei søster Britha (f. 1811) var gift og budde på Ølnes i Sogndal.Johannes hadde mange søsken, og fleire av dei hamna i Amerika, men ingen utvandra før den yngre søsteri Britha (1809-1902); ho flytte i 1847 som enkje til Årdal og utvandra med andre mann sin i 1857. Elles flytte ein eldre bror Ole (1804-1869) til Målselv, men det var ikkje før i 1861!Eg har forresten leitt gjennom fødslene i Lærdal for 1848 og 1849, men finn ingen foreldre som høver... Heller ingen i FamilySearch som passer...So, problemet står ved lag: Kvar vart det av Johannes og Bertha?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Lars !Har du sjekka at Johannes Johannesen og Brita Hansdtr på Hamrun i Fjærland, IKKJE kan væra dei du leitar etter ?Johannes Johannesen Åsen flyttar 9.5.1848 frå Hafslo til Lærdal. 4.4.1848 reiser Johannes Johannesen Åsen frå Luster til Amerika.Alle 3 opplysningene er frå Fylkesarkivet i SF.Bibloteket i Bergen er stengt i dag (syndag), men eg kan sjå etter i morgon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Reppen

(3) I første avsnittet skriv du at Bertha hadde ei søster Britha som var gift og budde på Ølnes. Denne Britha, gift 17.11.1844 med Sjur Hermundson, var dtr. til Hans Torkelson og Anna Jonsdtr. Uglane.Britha Hansdtr. Foss f. 05.12.1812, lever i 1900, vart gift 30.06.1834 med Jens Pålson Bakken dpt. 25.05.1806, frå Bakken i Jostedalen. Han døde 08.04.1866 på Holen i Kaupanger.(1) Her er eg blank dessverre. Eg og har leita i alle tenkelege protokollar, men finn dei ikkje.M.v.h. Per.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Per for nye innlegg!Eg oppdaga òg det andre paret med liknande namn, Johannes Johannesson og Britha Hansdotter i Fjærland, men det kan ikkje vera same folki; Johannes og Britha i Fjærland fekk, so vidt eg hugsar eg fann ut, fleire born fødde FØR 1848, og dei var ikkje ''uægte''!Johannes Johnson Aasen utvandra frå Åsen i Luster i 1848 og er ikkje den same som Johannes Johannesson Aasen frå Åsen i Hafslo. Me har i dag tre gardar Åsen i Luster kommune, ein i ''gamle'' Luster, ein i Jostedalen og ein i Hafslo! Det er i ulike retningar lenger mellom dei enn mellom Sogndalsfjøra og Hermansverk!Elles takkar eg Per for oppklaringi om Britha Hansdotter; eg er diverre ikkje lokalkjend i Sogndal og endå mindre i bygdebøkene derifrå... Kanskje du òg har funne ut kvar det vart av dei andre søskeni til Bertha Hansdotter, Ole og Anna?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Reppen

Eg har ikkje klart å finne ut kvar det vart av desse søskeni. Bygdeboka for Sogndal, bind 2, s. 127, viser denne familien, men har heller ikkje noko svar på kvar det vart av dei:1. Peder f. 1810, døydde 1841 på Rud som tenar. 2. Britha f. 1812, som nevnt. 3. Ola f. 1815. 4. Bertha f. 1818, som nevnt. 5. Anna f. 1822. 6. Anders f. 1824, døydde 1824.M.v.h. Per.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Du verda kor glad denne famelien er å flytta. Eller er det nøden som tvingar dei ??Peder / Per f. 1810, StedjeBritha f. 1812, UglumOla f. 1815, FossBertha f. 1818, NesAnna f. 1822, FossAnders f. 1824, MalthaugHans Olason Uglum og kona Guri Andersdtr Stedj er gift 11.6.1811Kjelder: Fylkesarkivet i SFSom Per (nr 5): Eg har leita i mange protokollar, men borte vekk er Johannes og Bertha, Lars !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.