Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#78080] Anna Ellingsdotter, f. Hemsedal 1836 - far Elling Hansson Dahl frå Svanø?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Denne barbnedåpen er innført i kyrkjeboki for Nes i Hallingdal ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1110&idx_id=1110&uid=ny&idx_side=-67>Lenke):Anna Ellingsdotter, fødd i.7.1836 av foreldri Elling Hansson Dahl frå Kinn og Sigrid Haagensdotter Bjørnebergstølen (Hemsedal).Dette var haugianarar, og om Sigrid heiter det i bygdeboki for Hemsedal at ho ''budde på Strilelandet nord for Bergen''. Truleg vart Anna oppali på Svanø i Kinn, men ho gifte seg i Førde 7.1.1858 (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Kan dette være den same Elling Hansen Svanøe som eg har leita etter tidlegare (sjå spesielt frå innlegg 14 og nedover, koblinga til Elling Hansen Høydal er feil). Eg har som du ser funne nokre aktuelle kandidater. Kanskje kan innlegget ditt løyse floka? Lenke russøy&nr=13&antinnlegg=20&startnr=&antall=&spraak=#ankermvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Det at sigrid var frå Hemsedal gjer kanskje til at det er karen frå Modum som er mest interessant. (sjå innlegg 15 i link i innlegg 3). Sjølv om det er eit stykkje frå Modum til Nes, så ligg det ganske nært samanlikna med dei andre kandidatane.Dessutan var kona til Ole Torgersen, som dreiv garden på Svanøy, frå Modum. Kanskje er det ei kobling?Finnes det noko bygdebok for Modum?mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Dessverre ikkje så mykje eg har å bidra med, utanom ein masse synsing og spørsmål. Eg har kome til at kandidaten frå Bjelland i Vest-Agder kan vi stryke. Han lever i beste velgåande i 1865. Når vi også kan stryke kandidaten i Møre og Romsdal, så minkar det litt (sjå lista i linken i innlegg 3)Eg har dessverre ikkje kome noko lenger med denne Elling Hansen i Modum. Eg har fått hjelp av biblioteket i Modum til å gå gjennom det som finnes av lokallitteratur om garden Sporspin i Modum, men det er ikkje noko informasjon om Elling Hansen der, heller ikkje om søsken og foreldre. Her er familien i 1801 [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=38&filnamn=f18010623&gardpostnr=77&merk=77#ovre>LenkeEg trur eg har funne eit uekte barn av søstra til Elling Hansen på Sporspin, Johanne, som blir døypt Elling i 1818 (øverst på høgre side) Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Modum, Ministerialbok nr. 3 (1783-1819), 'Uægte' fødte og døpte 1818, side 660-661. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: LenkeHer er dei i 1865 på garden Mitskoven (det er vel same gard som der Elling Olsen er fødd i 1818, kan familien ha flytta dit?): LenkeEg trur også at eg har funne bror til Elling Hansen i Modum på garden Jahr i 1865: LenkeEg finn ingen andre klare kandidater i FT 1801, som kan være Johanne eller Ole HansJørgens)Dessverre ikkje spor etter Elling Hansen på Modum, som kan seie noko om det er han som var på Svanøy eller ikkje. Det at søskena nyttar etternamnet HansJørgens/-d kan vel være eit moment som taler i mot, men ikkje nødvendigvis utelukke.Kanskje kan det være aktuelt å ta fram at min tidlegare favoritt, Elling Hansen Dahle frå Stadsbygda prestegjeld i Sør-Trøndelag (no Rissa kommune). Etternamnet Dahl kan jo passe litt i forhold til denne. Det er ei stund sidan eg har sett på denne, men dette er så langt eg er komen: Elling Hansen er fødd utanom ekteskapet i 1783 av foreldre Hans Ellingsen og Ane Olsdtr på garden Olsøen i Ridsen sokn i Stadbygda. Når han blir konfirmert i 1800 bur han på garden Dahle. Her bur han også i 1801, då som fosterson hos Hans Henrichsen og Hjertrue Olsdtr, og då sannsynlegvis foreldrelaus. Lenke. Deretter finn eg heller ikkje noko informasjon om denne Elling Hansen heller. Det er ikkje laga bygdebok for denne delen av Rissa, så dessverre ikkje noko informasjon der heller.Hans Nielsen Hauge skal ha besøkt ein gård som heitte Dahle på ei av sine ferder i Trøndelag, men ingen har klart å fastslå kor denne ligg, så vidt eg har funne i litteraturen. Nokon meiner han ligg i Romsdal, andre i Trøndelag. Det er fleire gardar å velge mellom i dette området. Kanskje kan det være garden på Rissa som er den rette. Hauge var i alle fall innom Stadsbygda på byrjinga av 1800-talet.Dessverre er det vanskeleg å finne noko kobling mellom denne Hans Ellingsen og Hallingdalen, men han kan jo sjølvsagt ha vore på reise som så mange Haugianarar var.Kanskje det kunne vore greit å kikka litt på denne Elling Hansen Løche i Nordrehaug prestegjeld (Buskerud)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Hei Lars.Her er det eg har kome til så langt i forhold til Elling Hanssen og Sigrid Haagensdotter.Elling Hanssen skal være fødd kring 1786. Han kom til Svanøy før 1817 og ser ut til å ha budd på Haugianergarden, eller i alle fall hatt ei tilknytning til Haugianermiljøet der. Han er fleire ganger nytta som fadder, blant anna av 'Haugianerhøvdingen' Ole Svanøe.Han fekk denne dottera som du nemner ovanfor, Anna, med Sigrid Haagensdotter i 1836. Om det er han som har vore i Hallingdal, eller Sigrid som har vore på besøk på Svanøy, er ukjent. Eller dei kan ha truffe kvarandre ein annan stad.Elling Hanssen Svanøe døde ugift 70 år gamal på Svanøy i 1856.Av dei kandidatane i FT 1801 som eg hadde i forhold til opphavet til Elling (sjå innlegg 15 i link i innlegg 3), sit eg igjen med tre:Lands Prestegjeld (oppland): Elling Hansen, Grime gard, 15 år.Modum prestegjeld (Buskerud): Elling Hansen, Sporpin gard, 16 år.Stadsbøygden prestegjeld (Sør-Trøndelag): Elling Hansen, Dahle gard, 17 år.Når det gjeld Sigrid, så er dette det eg har funne:Ho er fødd på Nes i Hallingdal på garden Biørneberstølen i 1808. Foreldra hennar var Haagen Olsen og Giertrud Bjørnsdtr. Ho Flyttar til garden Kjernagel i Sveio (Finnås prgj) den 23. august 1846 for å inngå ekteskap. Flytta frå Støels-eid? i Gols pr.gj. (litt usikker på tolkinga av gardsnamnet her, har ikkje funne denne garden). Det er ikkje oppført nokon barn som flyttar saman med henne.Ho blei gift i Sveio 21. august 1846. 21. Ho er då oppført som pige. Ektemann Johannes Tollefsen Kjernagel. Ho dør 41 år gamal på Kjærnagel 29. oktober 1847.Eg har ikkje funne barn av Sigrid og Johannes i dåpsregisteret for Finnås, og i skiftet etter Sigrid er det heller ikkje oppført nokon barn (heller ikkje Anna, men det er vel ikkje så uvanleg at uekte barn ikkje er oppgitt)Gitt at det ikkje er gøymde nokre 'skattar' nokon plass, så ser det då ut som om verken Elling eller Sigrid fekk fleire barn.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

I Sveio bygdebok står det at de var barnløse.Johannes giftet seg på nytt og fikk 8 barn. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Kan også opplyse om at Kjernagel skrives Tjernagel. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.