Gå til innhold
Arkivverket

[#78141] Kari Johnsdotter på Tjønn i Feios (1778-1855) - var ho frå Vange i Vik? -Opphav?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg syner i denne samanhangen til tema #10611, innlegg #29 der eg er overtydd om å ha oppdaga den rette Einer Andersson frå Hafslo. No freister eg finna opphavet til den andre kona hans:Kari JohnsdotterI 1801 finn me Kari som tenestejente på Tjønn i Feios, men ho er tydeleg ikkje fødd i Leikanger. Ved leiting hjå Fylkesarkivet finn eg eigentleg berre EITT godt alternativ for denne Kari, og sjølv om alderen avviker med nokre år, so trur eg at denne Kari var frå Vange i Vik, døypt der 4.1.1782 (Lenke).Foreldri finn eg att i FT1801 som jordlause plassfolk under Vanmge i Vik:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Jon Andersen Mand 53 Bægge i 1ste ægteskab Huusmand uden jord MAnna Johansdtr Hans kone 56 Bægge i 1ste ægteskab K~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Fylkesarkivet har vigsli deira 3.7.1780: John Andersson Skjerven og Anna Johannesdotter Hopperstad.So er det at eg lurer på: Er det nokon med ekspertise på Vik som kan stadfesta eller eventuelt avkrefta at denne Kari flytte til Tjønn? Etter at Einer og Kari hadde kalla opp eldste dotteri etter første kona hans (dei var barnlause), fekk dei ei dotter som vart døypt som Gjertrud, men gravlagd som ANNA, medan neste dotteri heitte Britha, som òg var førenamnet til mor hans! Soleis ville det høva godt om mor hennar heitte ANNA!?Dersom min teori stemmer, so er eg interessert i å få greie på:* Kvar hadde John Andersson opphavet sitt ifrå - garden Skjerven i Vik?* Kvar hadde Anna Johannesdotter opphavet sitt ifrå - garden Hopperstad i Vik?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Lars: Eg referar til Gards- og ættesoge for Vik i Sogn av Gudmund Balvoll (GB), utg. 2008.På s. 182: Kari Endresdtr Skjørvo (1719-1807) gift 1735 Anders Jonson Tenål 1718-85. Har bygsla L.nr 109, Tryti men flytte kring 1758 til L.nr 114, Skjervo. Jon f. 1749 kjem til Vange.Presten bygsla i 1780 L.nr 8, Vange, s. 124, til Jon Anderson (1749-??) gift 1780 Anna Johannesdtr Hopperstad (1742-1812). Kari f. 1782 finn ein så på s. 209. GB skriv at dei kan væra sjukelige, det er difor dei i 1801 KAN VÆRA 'husmand uden jord'.Kari Jonsdtr Vange 1782-1839 gift 1809 m/ Anders Tollakson Vikøyri 1783-1835. 3 ongar.Ikkje noko her som tyder på flyyting til Feios, Lars ! Leegenalogy.net har Kari Jonsdtr Vikøren som død husmannskone 29.3.1840.Ein bitte lite detalj: Fylkesarkivet har oppgitt 3.7.1780, mens Leegenalogy.net har 9.7.1780.Eg har ikkje sett tema 10.611 innlegg 29 enno, så kanskje eg har noko meir ??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

So rauk altso den teorien min, men takk skal du ha for klargjeringi, Jon!Dersom Kari Johnsdotter er frå Sogn, so er det vel, so vidt eg har registrert, berre Lærdal og Gulen som har ufullstendege fødselsregister for denne perioden, og sodan Einer hadde vore ein tur i Gulen, kan det tenkjast at Kari flytte med han derifrå?Eg finn ei Kari Johnsdotter på Sande i Gulen, dotter av John Hougneson, døypt 13.8.1776 ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11444&idx_id=11444&uid=ny&idx_side=-3>Lenke).So har me ei Kari Johnsdotter på Midthun i Gulen, dotter av John Ellingson, døypt 17.1.1779 (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.