Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#78206] Johan Fr. Sjøstrøm (1802) g 1834 m Elen Oline Hermansd. Laxevaag -Finland/L.våg?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johan Fredrik Andreasson Sjøstrøm, skonmakarsvein, fødestad ikkje oppgjeven, opphaldsstad Solvorn, far skomakar Andreas Sjøstrøm, gifte seg i Hafslo 20.12.1834 med Elen Oline Hermansdotter Laxevaag, fødd Laxevaag ved Bergen, far tømmermann Herman Laxevaag ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11459&idx_id=11459&uid=ny&idx_side=-2>Lenke). Aldrene er ikkje oppgjevne, men Johan Fredrik Sjøstrøm døydde i Bergen 5.1.1866, og alderen er då oppgjeven til 63 år (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kirsti for eit spennande og nyttig innlegg! Eg har gått litt etter desse foreldri og ser dei òg fekk ei dotter Anna Pernille Hermansdotter f. 1800, som likeins nytta namnet Laxevaag då ho gifte seg i 1823. So dette er nok rette foreldri til Elen Oline. Og det ser ut til dei gifte seg i Gaular 16.11.1791 (Lenke)!Med dette reknar eg problemet kring Elen Oline for løyst, men kva med Johan Fredrik Sjøstrøm?? Var han verkeleg frå FINLAND?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har oppdaga ein bøkkerarbeidsmann Andreas Sjøstrøm som døydde i Bergen 16.12.1840 (Lenke). Dødsmeldingi oppgjev ''ingen umyndige arvingar'', medan kyrkjeboki seier han var enkjemann og fødd i GØTEBORG!Kan dette vera far til Johan Fredrik Sjøstrøm?Eg ser det finst ingen Sjøstrøm i heile Noreg i 1801!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.