Gå til innhold
Arkivverket

[#78380] Tre tønner med bergensk brød.


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

I eit skifte etter ein gjestgjevar på Tingvoll, Nordmøre er det registrert heile tre tønner med 'bergensk brød'. Det går for så vidt fram av skiftet kva det dreiar seg om, men kor mange veit i dag kva det er og kan det vera meir enn ein ting? Sjå også debatten om Gunder Kofoed.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg gløymde å opplysa om kva tid skifta var, og det dreiar seg altså om siste halvdel av 1700-talet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg trudde bergenserane visste dette eg, men det ser skralt ut ;-))Kanskje forklaringa er at namnet 'bergens brød' berre vart brukt om dette særskilde brødet utanfor Bergen by? Dei fleste vil nok kjenna dette bakverket under andre namn, og om ein les artikkelen som Eva linka til i innlegg (3), så er den nemnd med 2-3 andre namn enn 'bergens brød'Bestefar som var sjømann, brukte å ha sjømannskofferten full av dette når han drog på tur.Bergenserane har vel eller mange spesielle bakverk etter som eg har sett, m.a. Vannkringler som Ann nemner. Skillingsbrød (kaker?) er kanskje også spesielt bergensk?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann Helle

Kan det vera slik som det er med våre / (Hardanger) sine Nordlandslefser. Slik eg har forstått det, så var dette lefser som vart baka som 'nistemat' for dei som drog til Lofoten for å fiska / handla fisk.Når desse lefsene kom til Lofoten, fekk dei namnet Hardangerlefser, dette fordi det var haringar som hadde desse lefsene med seg. Altså ein type lefsa har to heilt ulike namn.Kanskje Bergensk brød, hadde heilt andre namn i Bergen, at bergensarane ikkje kjenner til det begrepet?No er vel eg ingen bergensar, alikevel er dette begrepet ukjend for meg. :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg trur ordet 'brød' òg omfatta 'kringle', jfr. Stoltz. Her trur eg du får forklåringa på kva det er:'Alle disse forskjellige kringlesorter blev kokt før de stektes i ovnen og dette ga dem en haard, sprød konsistens som gjorde at de kunde gjemmes i længere tid uten at tape synderlig av sin smak. De var derfor meget yndet ikke bare av byens egen befolkning, men blev sendt i større mængder til alle de deler av landet som Bergen stod i forbindelse med. I de gamle nordfarstevner hadde man gjerne i de forskjellige bakerier et daglig kringlebakster paa ialfald 3-4 tønder brød.'Så det er nok noko slikt, som kan lagrast over lang tid, skiftet syner til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg tør ikkje seia heilt sikkert kva det er, men truleg var det litt av kvart, - kavring og kringle truleg?

bilete9389.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann Helle

God sundag morgon!Bjørn, bra at mattradisjonane vert helde i hevd.Det er skikkeleg spanande at det rundt 1800 var eit begrep om Bergensk brød.For meir enn 15 år sidan var eg på omvising i museumet Gamle Bergen i Sandviken. Gamle Marten`s bakeri er ein av bygningane. 2 - 3 sundagar i året vert den gamle bakaromnen fyrt opp og det vert laga Skillingsbollar, for sal.Meinar å hugsa at på omvisinga i Bakeriet vart det fortalt om Vannkringlene, at den deigen er så tung å jobba med, at bakaren hadde ein innretning med ein 'staur' som dei brukte for å arbeida ut deigen med. Etter at kringlene var utforma vart dei kokte i varmt vatn, før dei vart steikte i omnen. Ut i frå den historien, tenkjer eg at det er ikkje sikkert at alle bakeri bakte Vannkringler.Er Vannkringler noko Hanseatane hadde med seg?For eit par dagar sidan var det ein kollega som fortalde at ho hadde vore på Byvandring på Nordnes. På den byvandringa vart det fortalt at dei fleste bakeria i Bergen var lokalisert til den bydelen. På Tyskebryggen handla dei med fisk, så kryssa båtane Vågen, for å kjøpa 'Bergensk brød' som dei hadde med heim igjen.Tønner vart altså brukt til meir enn å salta fisk / sild i. :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Hei og god søndags føremiddag!Ja, truleg var det for å halda bakarvarene tørre at dei vart pakka i tønner. Vart dei fuktige hadde dei sikkert lett for å mugla.Som vi ser her, er det altså kjøpmann Peter Stalin (eller Aalin?) i Trondheim som får den eine tunna utlagt i skiftet, og akkurat i dette tilfellet er det i tillegg til 'Bergens Brød' oppgjeve at bakverket består av 'Kavringer og Kringler innholdende efter paategnelsen'. Det var altså påskrive tønna kva innhaldet var.Når det var såpass mykje av Bergens Brød ved dette skiftet (4 tønner, ikkje tre), så var det nok fordi Bekkjen var eit gjestgjeveri. Truleg var dette billeg mat som dei fleste kunne spandera på seg.Det var forresten kavring bestefar hadde kofferten full av når han drog på tur til dømes på Lofoten. Han var ofte styrmann eller bestmann på fartøy som gjekk i såkalla 'slofart'. Det vil seia at fartøya gjekk til Lofoten eller Finnmarka for å kjøpa opp fisk som dei så flekte og salta ombord i skuta. Når båten var full eller det ikkje var meir å få tak i, så gjekk skutene sør igjen det fisken vart seld til profesjonelle fisketørkarar og vart etter kvart til klippfisk. Dette var ei stor næring på Nordmøre i tida før ca 1950.Eg trur kavringen var einaste kosten utanom middagsmaten på desse turane og på slutten av turen var det visst mykje muggel å skrapa bort seiest det ;-))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg har sjølv prøvd med på 'Bergenskringler (vasskringler)' etter den moderne utgåva av 'Stabæk', kor oppskrifta er om lag som fylgjer: 2 dl mjølk, 25 g gjær, 50 g margarin og 300 g kveitemjøl = 12-15 kringler. Lag ein fast, varmheva deig. Kna han ekstra godt. Kna han ein gong under hevinga. Trill ut med våte fingrar og form til kringler. Kok kringlene i vatn så snart dei er utbakte. Dei synk fyrst til botnar og flyt opp når dei er heva. Steik dei 15 min. midt i omnen ved 200 gr. La dei tørke vidare ved svak varme til dei er sprø.Verre er det ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann Helle

I Erik O. Paulsen si kokebok; Fra det bergenske kjøkken 1985, står det om:VANNKRINGLERKjært barn har mange navn heter det, så også med vannkringlene. Noen kaller dem vare Vannkringler, andre Bergenskringler, og atter andre skriver fullt navn: Bergenske vannkringler.Kringlene er uløselig knyttet til Bergen. Navnet har kringlene fått fordi de etterheves i vann.Ellers er vannkringler mest kjent fra litteratur om de nord-norske fiskerne som hadde sitt faste stevne i Bergen, hvor fisken fra feltene i nord ble solgt, og proviant kjøpt inn og brakt tilbake til fiskeværene. Og vannkringler ble solgt i store mengder hos byens bakere i denne tiden, før nordlandsjektene igjen satte baugen ut Byfjorden. Den lille bisarre detalj var vel kanskje lagringen underveis.Det hadde seg slik at fiskerne i den tiden de var i Bergen måtte kjøpe inn alle nødvendigeheter for det kommende året (senere ble dette Nordlandsstevnet en halvårlig begivenhet), inklusiv likkister, og smått med plass var der ombord så den fornuftige brukte også kisten til lager; og her havnet altså de bergenske vannkringlene, godt skjermet mot sjøsprøyt.Oppskrifta på Vannkringlene er omtrent slik Bjørn beskriv i forrige innlegg.Her kjem forslag til variantar: Hvis en ønsker å sette en litt moderne spiss på disse tradisjonsrike kringlene kan en tilsette urter i deigen, f.eks. karve eller basilikum eller timian. For egentlig er vannkringler noe av det mest anvendelige det bergenske kjøkken har frembragt.Som tilbehør til matretter er det bare fantasien som begrenser oss. Til speket fårelår (spikkekjøtt) er de obligatoriske, likeledes til mange grøttyper.Og som msagt, de kan gjøres til noe nytt og spennende ved å blande forskjellig urter i. Og en trengar ikke da føle seg bundet av kringlefasongen. Med en smule oppfinnsomhet kan de tynne pølsene gjøres til andre små kunstverk.Med urter er de godt tilbehør til suppe. uten nkrydder kan de f.eks. lages til stenger som vi kan surre tynne skiver av spekeskinke på, på italiensk og fransk maner.Så neste gang tenåringene skal ha selskap: Finn frem oppskriften på bergenske vannkringler og ta en ekstra titt på krydderhyllen.Kanskje Kringlene også kan vera med når det vert servert Tapas. :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Har du kringlene klare til den syttande no då Ann? Eg går ut frå som sjølvsagt at alle som bur i Bergen et vannkringler den 17. mai (same korleis veret er) ;-))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann Helle

Ja, vannkringler høyrer med til den bergenske 17. maien.Eg reknar med at dei smakar på ein ny måte i år, iallefall så har eg no fått mange nye historiar knytt til Bergensk brød. Snakka med fleire gamle bergensarar i går kveld,. Ei sa at det var meir mat i Vannkringlene enn i flatbrødet. Vannkringlene kunne brukast i 'soppa', dvs kringlene vart smuldra opp og så helte ein surmjølk over.Ein mann fortalde at når dei hadde festar der det var spekemat og vannkringler, kunne vannkringlene henga i ein tråd over bordet, når ein skulle ta seg ei Vannkringle gjorde dei eit rykk og så var kringla laus. på denne måten var kringlene med å laga ein dekorasjon over bordet.Nett no er det høge skyer og opphaldsver i Bergen, håpar at me slepp regn.Ynskjer alle til lukka med 17. mai!Beste helsing frå Ann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Finn Oldervik

Hadde besøk av to hyggelege damer i går, og den eine (Ann) hadde med seg vannkringler til meg. For fyrste gong fekk eg smaka denne bergenske retten, - og dei smaka slett ikkje ille. Tusen takk til dei to damene og spesielt til Ann som hadde med seg denne spesialiteten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.