Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#78420] Vardø, Finnmark: Absalon Hanssen Andenes, skolelærer, kven er han?

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Denne mannen finn eg i 1801-tellinga [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=24&filnamn=f1801&gardpostnr=57325&personpostnr=878830&merk=878830#ovre>LenkeErfaringa mi viser at mange skulelærarar var tidleg ute med å bruke etternamn i vår meining, og derfor lurer eg på om denne mannen kan vere identisk med konfirmanten på tredje nederste linje her

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Kombinasjonen Absalon, Hansen og Andenæs synes unik. Det er to garder i Norge med navn Andenæs, den ene i Gloppen og den andre prestegarden i Andenæs prestegjeld i Nordland.Navnet Absalon var svært lite utbredt utenfor Nordre Bergenhus på 1700-tallet.Når også alderen på Absalon Hansen i Gloppen og i Vardø 1801 passer, skal det svært mye til om det IKKE er full match!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Problemet med Absalon Hansson Andenes er at han kjem 'ut av intet' - blir konfirmert og forsvinn. Der er ingen Hans Andenes i kyrkjebøkene på denne tida, men alderen på Absalon kan passe med denne i 1759 [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11426&idx_id=11426&uid=ny&idx_side=-8>Lenke - fødd på Egge, men siste teikn til foreldra hans på Egge er i 1760 når dei får barnet Ragnhild. Sidan forsvinn dei for meg, heile familien.Der er to andre Hans-born Andenes i Gloppen på same tida, nemleg Gjertrud, gift til Balsnes, Lenke og Peder, konfirmant i 1772 Lenke og far til eit uekte barn her

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Det er en Absalon Hansen til i Gloppen, men en god del yngre, og med Rygh som gardsnavn. Han endte i Bergen.Det finnes militære ruller fra 1770-årene for kompaniene i Glopppen. Jeg skal sjekke dem.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Merkeleg at eg ikkje har funne denne før - Peder Hansson Andenes, død i Bergen 1839, då skal eg nok kunne lokalisere lagnaden hans. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Johannessen

Finner fire barn døpt i Davik (på FS), foreldre Hans og AneGiertrue døpt 16. juli 1752 [url="http://www.familysearch.org/eng/search/igi/individual_record.asp?recid=500223714826&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&juris1=&juris2=&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=>LenkePeder døpt 2. mai 1754 LenkeAbsalon døpt 25. september 1756 LenkeAnders døpt 13. januar 1759

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Ja,Absalon Hansson Rygg har eg kontrollen på, han er t.d. konfirmert i 1791, 22 år gammal LenkeMilitær-rullane høyrdest flott ut - blir vel ei stund til vi får dei på nett.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Lars, dette ser då spennande ut. Enn om eg greier å knyte denne familien til Andenes - denne Absalon passar endå betre i alder enn han på Egge, i forhold til 1801.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Dette er vel truleg Peder Hansson i Bergen 1815 - adressa er NESTEN den han døyr på - og eg legg merke til Hans BALSNES på same adressa. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

No er det svært freistande å gjere ein del koblingar, men eg skal passe meg for å gjere meir enn eg har dekning for.Men eg meiner vi må kunne fastslå at Peder Hansson Andenes og Gjertrud Hansdtr Balsnes, f. Andenes er sysken, sidan sonen hennar bur på same lokalitet som Peder i Bergen i 1815.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inge Nygård

Eg kobler i alle høve saman med etterlysing på DIS sine sider vedrørande opphavet til Gjertrud Hansd. ('Gården Haus i Davik Prestegj.'): Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Mange takk!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Dette var interessant, eg har gjort startaren av tema på DIS merksam på denne tråden.Mvh Harald.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Og eg har endra fokus på Absalon i Finnmark - eg var nokså sikker på at dette måtte vere den same som Absalon Hansson Egge, men då visste eg ikkje om denne familien på Haus som også hadde ein Absalon i korrekt alder. Det må vere ein annan Absalon enn den du har funne i DIS-tråden, for han er for gammal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Aase (14): Ja det ser det eg også no, han (A.H. Haus) var f. 1747. Eg burde jo ha sjekka det fyrst sjølvsagt......

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Takk for det Inge (16) då er familien på Haus plutelig interessant igjen med den andre sonen med namnet Absalon f. 1756 !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Inge, du tek ein liten snarveg der, vi veit ikkje sikkert at Peder og Absalon Hansson Andenes er frå denne familien.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Det ville no være litt merikelig dersom det ikkje er denne syskenflokken som vi finn igjen på Andenes då det er så mange namn og årstal som høver, men det er sjølvsagt ikkje sikkert så lenge vi ikkje har sikre bevis.Då Gjertrud Hansdtr. gifte seg med Erik Jonson Vereide i 1783 var ho skriven Andenes og Peder og Absalon Hanssøner det same ved konfirmasjnen i 1772 og 1774. I og med at Brithe/Berte og Giertrud ved konfirmasjonen var skrivne Davigen/Davig kan det tyde på at denne familien flytte rundt litt (under forutsetning av at det er dei same personane det er tale om) og då er det vel ikkje unaturleg at dei seinare kom til Andenes av ein eller annan grunn.Aase: Det er ikkje mulig at Hans eller Ane kan opphaveleg vore frå Andenes ?- Har du Aase oversikt over personar frå Gloppen i høveleg alder som du ikkje har plassert vidare ? Hans var vel iallefall to gongar kalla Hans Olsen Haus. Då er det verre med Ane som vi ikkje har farsnamnet på.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Eg har ein Oluf Søreids barn Hans i 1692 Lenke men om han levde opp burde han vore i 1701-tellinga ein stad, og det er han ikkje. Elles er det smått med kandidatar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Carlsen

Dette var en meget interessant tråd! Det vises til Inges innlegg nr. 11, der han har tatt inn min tråd fra DIS. Jeg har lett etter Gjertrud Hansdatter gjentatte ganger i løpet av det siste året uten å komme til noe endelig resultat. Er temmelig sikker på at Gjertruds mor hette Ane da hennes og Erich Jonsen Vereide Balsnes sin datter nr. 1, Mari, er oppkalt etter farmor, og datter nr. 2 heter Anne. Det var jo vanlig at 1. datter var oppkalt etter farmor og datter nr. 2 etter mormor, så dette stemmer med at besteforeldrene mest sannsynlig heter Hans og Ane. Det er også riktig at denne Hans Balsnes, som finnes på samme adr. som Peder Hansen i Bergen i 1815, er Gjertruds sønn. Jeg har stavret med gjennom skiftet til Gjertrud i Nordfjord (1813-1817 prot. 22a s.315B) og der står det at sønnen Hans var gift og bodde i Bergen. Ser også at der under 'Udlodning' står en Peder Hansen. Også en indisie på at Peder og Gjertrud kunne være søsken, men selvfølgelig - det kan jo være andre som heter Peder Hansen.Når det gjelder Peder og Absalon som var konfirmert i Gloppen, så kan det være at de var tjenestefolk der, for så vidt jeg forstår var det vanlig at de ble konfirmert på stedet de holdt til, selv om foreldrene bodde andre steder.Når det gjelder Lars Johannessens innlegg nr. 6, der han nevner Anders, døpte 13.1.1759, så står det i KB at foreldrene riktignok var Hans og Ane, men bodde på gården Rødeggen. Tenkte det var våre Hans og Ane som hadde flyttet på seg igjen, men finner Hans Jensen og Ane Abelsdatter hhv. 66 og 64 år på Rødeggen i Davik i FT 1801, og det kan jo passe med alderen på Anders sine foreldre. Følgelig tilhører Anders ikke 'vår' familie.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Berit, har du sett på fadrane til Gjertrud sine born? Er der noko som kan gje spor?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Forresten - vi VEIT at Peder Hanssen i Bergen er den same som Peder Hansson Andenes, fordi han blir skriven slik ved død.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Og endå forresten - du såg vel at Peder Hanssen som er nemnt i skiftet etter Gjertrud er busett i Vaskerelven i Bergen, det står under Gjeld, så ho (eller heller mannen) har vel lånt pengar av han.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan I. Borgos

Bare en liten kommentar til Nedrebø (2): Det finnes faktisk ingen matrikkelgård kalt Andenes i Andøy kommune. Andenes er et områdenavn og omfatter tjue matrikkelgårder, blant dem prestegården, gnr. 42 Prestjorda.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.