Gå til innhold
Arkivverket

[#78487] Nokon som har sett omtale av omgrepet 'juletråd' i eldre kjelder?


Gjest Arnfinn Kjelland
 Del

Recommended Posts

Gjest Arnfinn Kjelland

I artikkelen 'General F. W. B. Stabell´s autobiografi. Meddelt af fhv. bureauchef Wilhelm Lassen', nyleg publisert på Lenke , finn ein på s. 128 omtale av ei ordning som i alle fall er ny for meg, og som eg ikkje finn omtala i lett tilgjengelege oppslagsverk: _juletråd_.Iflg. Stabell (orginalen er skrive i 1836) var det ein løynant som i 1804 klaga til ein overordna, kammerherre Staffeldt, over at kompanisjefen hans ikkje ville dele 'juletråden' med han.Stabell forklarer så kva dette var i fotnote: 'Juletraad var en slags Afgift, som Officiererne fordrede af Lægdsmændene, naar de reiste om paa Lægdsvisitation, og som bestod i alskens Ting, saasom Penge, Smør, Ost, Liin, Uld &c., af hvilke Sorter de kunne bringe hele Læs Hiem med sig.'Ordninga var iflg. Stabell ulovleg, og kammerherren reagerte med å ville innstille både løytnanten og kapteinen til å få sparken, 'men Forbøn og Løfte om aldrig at fordre eller modtage Juuletraad, var det, som frelste dem'.Har nokon av lesarane av dette forumet vore borti t.d. klagar frå legdsmenn o.a. over slike krav frå offiserar, eller høyrt om ordninga på annan måte?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne-Lise Hansen

Hei, Arnfinn. Ikke i den sammenhengen du skriver om, men det kan se ut som skikken med å måtte gi 'juletråd' til den som kommer til gards, stammer fra dette: LenkeMvh Anne-Lise

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Har nok aldri høyrd om 'juletråd' tidlegare, men 'rokkmann' derimot var eit vanleg omgrep i min barndom. Det kom vel meir eller mindre bort etter kvart som det vart slutt med spinninga kringom i gard og grend. Med fare for å avleia tråden til Arnfinn; Spann dei i byane også, eller var dette noko som berre gjekk føre seg på landsbygda der ulla vart produsert?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Arnfinn Kjelland

Eg har visst gløymt å takke Anne-Lise og Finn for tilbakemeldingane.Eg nyttar samstundes høvet til å løfte spørsmålet i nr 1 opp att, no i etterdønningane av julefeiringa. Juletråd i den tydinga som eg refererte der må altså minst vere nærare eller over 200 år gamal, og er neppe noko som er nemnt i nyare munnleg tradisjon. Ein må nok til skrivne kjelder, t.d. rettsprotokollar der legdsmenn t.d. klagar over slike pålegg, eller skifte der slikt er ført til utgift, for å kome lenger med fenomenet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.