Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#78534] Ættetavle over Losna i Band I (1927) av NST

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Oppdaga at B I av NST omsider var gjort tilgjengeleg som E-bok på foreininga sine eigne sider Lenke Mellom anna interessant er det også ein artikkel av brørne Sollied om Losnaætta. Om det er rett som Sollied skriv, så femna Losnaætta vidt, også om Matssønene og Olav Bagge. Den siste riktignok kalla Olav Nilsson Bagge, men eg går ut frå at det no er semje om at Gunnarsson er det rette.Artikkelen vert oppsummert med ei oversiktstavle som eg no legg inn her. Det eg lurar litt på er om det som går fram av ættetavla fraleis er geldande forskningsstatus for denne interessante slektskrinsen?

bilete9421.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roger Fossum

Hei Finn,Se NST XXXIV, 1994, s. 164-202. Semeleng-ætten i Valdres og Losna-ætten i Sogn. Av Bjønnes, Løberg, Vigerust og Weidling.Mvh Roger Fossum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Hei og takk for tipset!Har nok lest den nemnde artikkelen opptil fleire gonger, men det byrjar å verta ei tid sidan sist.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Det ser ut som om de fire forfattarane av artikelen i NST 34 1994 kutter sambandet mellom Semeleng og Losna. Grunngjevinga synest å vera manglande samsvar mellom sosial status og manglande våpenlikskap. Bruken av det sjeldne mannsnamnet, Filippus ser ikkje ut til å ha gjort særleg inntrykk.Eg ser at Margrethe Nilsdotter ('Semeleng') vert oppført som dotter av Nils Jensson n. 1550 - 1559 og gift med Christen Trane. Då Christen var gift fleire gong lurar eg på om det no ligg føre noko nytt om kven som var mor til dei ymse borna hans?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Peter Sollied Lykke

Hei Finn: Henning Sollied var sønn, ikke bror av P.R.Sollied (Peter Andreas Ravn Sollied) mvh Peter

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takk for korreksjonen til Peter. Eg lurte litt på dette og rekna i grunnen med å verta korrigert om det var feil at dei var brør. Sidan ditt eige namn liknar svært, så er du kanskje av same ætta som Peter og sonen, Henning?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Peter Sollied Lykke

Joda, P.R.Sollied er min morfar, og Henning, som døde i 1945 er min mors bror. Men P.R. Sollied hadde også en bror som var aktiv i slektsgranskning: Olaf Gustaf Sollied, gift med nok en slektsgransker, Thora Sollied f. Kahrs.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Peter (7)Visste ikkje at Henning Sollied og slektskrinsen hans hadde så nær slekt i Trondheim. Hyggeleg at du ville helsa på oss i denne tråden.Lars Ove (8)Det var eit interessant tidsbilete frå Bergen ved starten av det syttande århundre som O. Sollied der har gjeve. Veit du om artikkelen er trykt ein eller annan staden?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

I ættetavla i innlegg (1) står det nemnd ein Fredrik Fartegnsson gift med ei Undena. Denne Undena vart gift andre gong med ein Holte Toresson på Faffnne i følgje avskrifta til Martin Nilsen. I følgje kjeldene og ymse litteratur, så hadde Holte og Undena ei dotter Gudrid.Om hennar etterslekt, sjå biletet nedanfor (sitert frå artikkelen til far og son Sollied i NST I).Her vil eg tilføra litt ny kunnskap om denne Holte Toresson som altså skulle vera rådmann i Bergen. I Martin Nilsen si avskrift er han kalla Holte på Faffnne. Det må utan tvil vera den same vi møter i testamentet til Arvid Ingjaldsson i Nidaros. Her vert han kalla Holte Toresson a Ræmpno og det vert sagt at han bodde i Sunnhordaland i 'Stranduikar kirkiu sokn'. Lokalkjende kan kanskje klara å identifisera staden og soknet? Som vi ser, så kan det verka som Holte dreiv innan skipsbygging, men at han ikkje hadde levert det som Arvid hadde tinga.jtem till Helghæsæters klosler lx. fisk till gilz. jtem domkirkiunne i Bergwin Munkalifwe Nunnosætre Varfru kirkiu Krosskirkiu Jin till brødhra oc Wt till brødhra gifuer ek swa mykla pæninga som Holte Þorisson a Ræmpno buande a Sunhordhulande i Stranduikar kirkiu sokn er mik skyldugher firi eith skipp af xxv alna køøll oc xv vmfar. þet skulle han mik gøra lata. en ek hafuir honom fult firi gifuit. oc scall hwar þenne stadhen iammykit her af hafwa.Her er lenke til heile det aktuelle diplomet Lenke

bilete9450.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Gjerstad

Hei.(10) Garden REVNA høyrer til Srandvik sokn, no Fusa kommune i Midthordaland.Bygdebok for Fusa bd. IV. s. 206 nemner at Holte Toreson budde på Revna i 1430, og at han i 1450 er rådmann i Bergen. Det vert vidare sagt at han truleg er soneson til Holte Torgrimson som i 1346 avløyste Ivar Andresson som lagmann for Bergen og Gulating. (Han eigde mellom anna i garden Oma i Strandebarm).Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Gjerstad

Hei.Det sneik seg inn ein feil i første linja, det skal stå Strandvik, ikkje Srandvik.Arne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Karin Romstad

Hei FinnJo Rune Ugulen sier i sin avhandling at det er tvillaust at det er Hans Kruckow g.m. Sunniva Eindridesdatter som i 1516 'amager på salet av garden Tolstad i Vågå' som Botolv Einridesson solgte A Alv Knutson i 1436.Jo Rune Ugulen viser også til et brev av 1529 som viser at Hans Kruckow har en bror Johan. Mvh Karin Mvh

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Tusen takk til Arne og Karin!Når ein berre finn fram den rette litteraturen, så finst det vist svar på det meste. Har no funne fram til Revna i Fusa, - sjå vedlagde kart! Eg lurar på om 'skipet' som Arvid Ingjaldsson hadde bestilt frå Holte Toresson skulle byggjast i Strandvik ein eller annan stad? Er det nokon her som kjenner til om det er nokon båtbyggartradisjonar i dette området? Den omtalte båten skulle altså ha ei kjøllengd på 25 alner eller 50 fot som vi vel ville ha sagt i dag. Dessutan skulle det vera 15 omfar med bord, noko som skulle høva bra for ein båt av denne storleiken. Eg går ut frå at skuta skulle ha klinkabord, og ikkje vera klavertbygd.At det var den same Hans Kruckow som var gift med Sunniva Eindridesdotter som i 1516 'amaget' på Tolstad, har vel lenge vore klart. Men det er vel framleis uklårt om det var på eigne vegne eller på vegne av kona at odelskravet kom. I tilfelle det skulle vera Sunnivas odel, - er det då nokon som har ei brukbar hypotese om korleis ho kunne hevda slik odel? Til så lenge vel eg å tru at det var på vegne av seg sjølv at Hans Kruckow la fram dette kravet.Den Johan Kruckow som ser ut til å ha arva Hans Kruckow er nok ganske sikkert den Johan Kruckow som vi kjenner og som døydde før 1539 om eg ikkje hugsar feil. Eg tippar at ein tredje bror var Lasse Kruckow og at Adelus Eriksdotter (Kruckow) gift Benkestokk var systra. Vidare er det vel naturleg at dei alle fire er born til Erik Andersson og Margrethe Ivardotter på Fit. Finn Hansson som av Absalon vert sagt å vera av Kruckow-ætta måtte vel helst vera son til Margrethe og Hans Jensson 'Rostvig' i eit ekteskap nr. 2 for Margrethe.

bilete9452.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Hansen

Hei.Finn (14) du roter. Trond Benkestokk og Finn Hansen var brødre.MvhKnut

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Til Knut (15)Ja, du har rett. Den rådande teorien er nok framleis den som H. Sollied la fram først i 1930-åra i NST. Den gjekk vel kort ut på at Adelus Eriksdotter (Kruckow) først var gift med Hans Jensson Rostvig og så med Torleiv Benkestokk. I tilfelle dette skal vera rett, så må Hans Rostvig vera avliden før ca 1490, då Trond Benkestokk er rekna å vera født kring dette årstalet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Peter Sollied Lykke

Lars Ove (8). Jeg kjenner kun to Olaf Sollied som vokste opp, og bare Olaf Gustaf av dissed drev slektsforskning. Mvh Peter

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.