Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#78589] Nordfjord - Hans / Anne Haus, Davik, Andenes - ei uløyst gåte

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Med utgangspunkt i tema 78420 [url="http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=78420&juledag=#anker>Lenke lagar eg ein ny tråd for å lette oversikta over det vi held på med. Eg tillet meg å gjere ei «kortslutning», nemleg at dei personane vi arbeider med på Haus / Davik / Andenes verkeleg er dei same, sjølv om det endelege beviset manglar.Hans Haus kjem frå «det store intet» - kona er ikkje nemnt ved dei fyrste dåpshandlingane. Noko ekteskap har vi ikkje funne. Kven er dei?Det fyrste årstalet eg har er1741 – Hans Ytre-Haus døyper sonen Ole Lenke1743 – Hans Haus døyper sonen Knut, som døyr 7 dg gammal. Lenke1745 - Hans Haus døyper dottera Ingeborg Lenke 1747 – Hans og Ane Haus døyper sonen Absalon, som døyr seinare same året. Lenke 1749 – Hans Haus døyper dottera Berte. Lenke1752 – Hans og Ane Haus døyper dottera Gjertrud Lenke1754 – Hans og Ane Haus døyper sonen Peder Lenke1756 – Hans og Ane Haus døyper sonen Absalon Lenke1758 – Ole Hansson Haus blir konfirmert i DavikSå forflyttar vi oss til Davik (indre eller ytre eller prestegarden) -1762 – Ingeborg Hansdtr Davik konfirmert

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Litt supplerande opplyningar: Hans Haus har patronym berre ved 1 av dåpshandlingane - Knut, der han blir kalla Hans Olsson. Kona Anne har aldri patronym. Det kan vere freistande å tippe på Knutsdtr, pga namnet på denne andre sonen, men det kan like gjerne vere noko anna, t.d. Olsdtr. Vi veit heller ikkje sikkert om Ole i 1741 er det eldste barnet deira. Her er t.d. ei innførsle i 1738 med barn Ole og far Hans. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Når det gjeld Ole Hansson Haus, f.1741, har eg funne ein aktuell kandidat. I 1773 gifter Ola Hansson Daviknes seg med Ingeborg Rasmusdtr Myklebust [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8750&idx_id=8750&uid=ny&idx_side=-297>Lenke Denne mannen kan ikkje knytast til brukar-rekkja på Daviknes. Dei får borna Anne i 1775 Lenke og Marte i 1778 Lenke, og eg merkjer meg to namn på fadrar her: Hans Davik og Anne Davik.Ingeborg døyr, og Ola gifter seg att i 1779 Lenke med Synnøve Mikkeldtr Myklebust, og dei får dottera Ingeborg i 1780

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Vidare til Ingeborg Hansdtr, f.1745 - der finn eg ein aktuel kandidat som gifter seg i 1774 [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8750&idx_id=8750&uid=ny&idx_side=-297>Lenke under namnet Ingeborg Hansdtr Haugs. Brudgommen er enkjemann Anders Hansson Hennøy, og dei døyper sonen Hans i 1776 Lenke,som døyr 8 dagar gammal.Absalon Andersson Henøen som døyr som spebarn i 1777 kan kanskje også høyre til her Lenke - og Anders Hansson døyr seinare i 1777 Lenke - eg er usikker på korleis eg skal lese alderen hans. Skiftet etter han er her

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

I samband med leiting etter noko anna finn eg ein Anne Absalonsdtr Daviknes død i 1779, 70 år gammal. Eg klarer ikkje å knyte henne til brukar-rekkja på Daviknes utan vidare - kan ho kanskje vere mor til Ola Hansson (3), og då kanskje identisk med Anne Haus?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Vedkomande Anne Absolonsdtr. i innlegg (6):Aase, alle desse gardane/ stadene er i hovudsak i Nordfjord, ikkje sant?I og med at Anne Absolonsdtr. sin alder er opgjene til 70 år då ho døyr i 1779, så er det ikkje urimeleg å rekna med at ho er fødd om lag 1709. Eg reknar då med at du har sett litt på FT 1701 for Nordre Bergenhus for å finna far hennar, - Absalon.Om du då først avgrensar søket (namn som byrjar på Abs*) utelukkande til prestegjelda i Nordfjord, og så søkjer på alder og plukkar ut t.d. berre dei som er over 8 år og under 60 år; så avgrensar du talet på mogelege fedre dramatisk. Då sit du att med eit overkomeleg tal 'Absalonar'.[url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=1701nba>Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Mange takk for konstruktivt innspel! Eg har oversikta over fleire av desse Absalonane før, og der ein eg spesielt har bite meg merke i - Aksel Kristofferson Sårheim (Aksel/Absalon går om kvarandre her i fjorden på den tida) som må forlate Sårheim rundt 1710, midt i ein fyldig barneproduksjon. Han har ei dotter Anne i 1688 - litt for tidleg til mitt bruk, men ho kan ha døydd og blitt erstatta. Bygdebokforfattaren føreslår at han reiste til Bergen, men eg har ikkje funne dei der - enno.Eg forundrar meg stadig over mobiliteten i Nordfjord på denne tida! Det er så lett å tenkje at kommunikasjonen var dårleg så folk sikkert heldt seg heime, men skifta er fulle av arvingar Udenlandz, på Røraas, i Trundhiem og Kjøbenhavn, så jammen har dei reist rundt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Ei Anne Axeldtr. Haus (gm. Abel Jonsen Haus) var fadder på ein eller fleire av borna til Hans og Ane.Det hende seg at to i same syskenflokken bar same namnet sjølv om begge voks opp og!Synd vi ikkje klarar å finne farsnamnet på 'vår' Ane nokon stad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

I følgje Davik bygdebok døydde Anne Akseldtr Haus i 1751, 65 år gammal, noko som tilseier at ho skal vere fødd rundtom 1686. Og ja, sjølvsagt hender det at sysken med same namn veks opp, særleg viss namnet er Anne.Det er artig å finne tynne trådar å drage i, sjølv om det som kjem fram når ein har drege ei stund ikkje stemmer med det ein SKULLE finne, så eg skal ha desse tankane i bakhovudet i vidare leiting.Anne Akseldtr Haus er det skifte etter http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24228/225 - dessverre for meg har ho livsarvingar, og buet er solid utan særleg mange kreditorar, så her er ikkje så mykje å hente.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inge Nygård

Vedr. Ole Hansen (Daviknes) i innlegg (3): Ved trulovinga med Ingeborg Rasmusd. i 1772 er han nemnt med gardsnamnet Haus (Hougs): LenkeMellom alle namna som vert ramsa opp i skiftet etter Anders H. Henøen i innlegg (4), finn eg ei Giertrud Hansd., og ei Gunilde Andenes. Er det nokon som kjenner til Gunilde Andenes, og korleis passar evt. ho inn i denne samanhangen?Til innlegg (10) må eg nemne at eg for min del er glad for at Anne Akseldtr. Haus hadde livsarvingar, då ho var mi tipptipptipptipptipptippoldemor!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Mange takk, Inge, den namnelista der hadde eg ikkje lagt merke til! Gunnhild Andenes har eg, 1720-1785, ugift så vidt eg kan sjå.Når det gjeld Anne Akselsdtr er det berre ein ting å seie, og det er 'til lags åt alle kan ingen gjera' -men veit du noko meir om kven ho er?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inge Nygård

Eg veit diverre ikkje noko om foreldra eller evt. sysken til Anne Akseld., så eg kan ikkje utelukke ein mogleg samanheng her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

HAr du fadrar på borna hennar, t.d.?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inge Nygård

Eg har fire registrert fire born, men å tolke namna til fadrane var ikkje lett. Dei fleste fadrane ser ut til å vere frå omr. Kjølsdalen til Haus, ein var frå Lefdal og ein eller to frå Gjesdal/Geisdal i Rimstaddalen.Anne Abelsd. døypt 28.8.1723 [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8748&idx_id=8748&uid=ny&idx_side=-61>Lenke Fadrar: Ole Larsen Gildal(?) - Ole R. Haus - Else Ervik - Gunilde Jonsd. Haus - Britte Jonsd. HausPeder Abelsen døypt 14.9.1726 Lenke Fadrar: Hans Ravnefjell etc.Britte Abelsd. døypt 21.11.1729 Lenke Fadrar: Ole Herlovsen - Hans Geisdal - Ingeborg Haus - Siri Gillesdal - Anne Caspersd. KjøllesdalElie Abelsd. døypt 18.11.1732

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

(3) - Marte Olsdtr etterlet seg ei myndig halvsyster ved sin død, i følgje tema 78629 i arkivforum; som kjent er eg ekstra glad i skifte utan livsarvingar i slike tilfelle, men må leve med dette og ;-)Dersom det er Ingeborg f.1780 det er snakk om, burde det vere muleg å finne henne i 1801, og då også kanskje få eit tips om kvar foreldra blei av.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Har vi forresten eit barn til av Hans og Anne Haus? Kven er konfirmanten Ane Hansdtr Haus nederst på venstre side her? Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Av og til opplever ein ting i denne bransjen som berre får håret til å reise seg over heile skrotten. Akkurat no har eg eit slikt øyeblikk.Eg gjorde eit søk på Ingeborg Olsdtr 19-23 år i 1801, og snevra inn området til Bergenhus-amta. Så gjekk eg gjennom desse personane og såg om nokon kunne vere aktuelle til å vere ho frå Daviknes. Og på ein av gardane oppdaga eg ei 63 år gammal Anna Hansdtr - som kanskje kunne vere ho i (17).Eg konstaterer at det finst skifte etter henne, og at ho til overmål er utan livsarvingar.Og her er arvingane etter Anne Hansdtr Bremnes i Bremanger i 1817 http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24206/96 :1. Broderen Ole Hansen, død og etterlatende seg Marte Olsdtr 36 år og Ingeborg Olsdtr 33 år. Formyndar Abraham Jørgenson Bakke.2. Broderen Peder Hansen, gift og boer i Bergen.3. Broderen Absolon Hansen, gift og er klokker på Vardø. I hans fraværelse blev indsat Abraham Jørgensen Bakke.4. Søsteren Ingeborg Hansdtr (..kva står her?.. ) Erik Jonsen Balsnes.5. Søsteren Brite Hansdtr gift med Abraham Jørgenson Bakke.6. Søsteren Gjertrud Hansdtr gift med Erik Jonsen Balsnes. Nokon som blir med og deler ei virtuell marsipankake?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Gratulerar, Aase!Dette vart både 'innartiar' og 'fullt hus på ståande' som det heiter i skyttar-verda. Absolon'n din i Vardø materialiserte seg til slutt (som klokkar) i eit skifte ja. Og med på kjøpet har du no fått mykje betre inngåande kjennskap til desse folka, ikkje dumt det heller.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

- men eg veit framleis ikkje kven foreldra er og kvar/når dei døydde, men det har eg tenkt å gløyme i eit halvt døgn, i alle fall!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Hei og gratulerer flinking!!! Det er godt du er standhaftig...(18) 4.:er Enke, er hos [& c.]

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til (18):Den omtala Anne Hansdtr. var vel kan henda det eldste barnet deira då, truleg fødd om lag 1739 dersom ho var i sitt 63.de år ved FT i 1801?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

(22) - det fødselsåret passar godt med konfirmasjonen i (17).Standhaftig, Gunnar? Her i Gloppen trur eg heller eg ville karakterisere meg som 'streta'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Med dei opplysningane eg har frå det andre skiftet finn eg også skiftet etter Brite Hansdtr Bakke i 1821. Det ligg her http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24206/259 - nytt sidan 1817 er at broder Absalon er død, men born etter han er ikkje nemnde (frå 1801-tellinga veit vi at der var fleire); syster Gjertrud er også død, så hennar 6 born blir ramsa opp. Ingeborg blir ikkje nemnt, er ho også død?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×