Gå til innhold
Arkivverket

[#78698] Lars Johannesson Heggeteig, f. Sogndal 1832 - til Amerika eller dreng til Vik?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Lars Johannesson Heggeteig, fødd i Sogndal 5.5.1832, son av gardbrukar Johannes Johnson på Heggeteig og andre kona Britha Larsdotter (Nitter) frå Valaker i Solvorn, Hafslo, skal ifølgje ætteboki for Nitter-ætti vera utvandra til Amerika i 1854.Eg ser at John Johannesson Heggeteig (32 år) utvandra til Amerika i 1854, men eg finn ikkje nokon Lars.Derimot ser eg at ein Lars Johannesson, fødd i Sogndal 1836, var tenestedreng på garden Åse i Vik i 1865. Det finst ikkje nokon andre rimelege alternativ i Sogndal for denne karen, so eg trur det godt kan vera ''vår'' mann frå Heggeteig!?Kanskje er det nokon med kunnskaper om denne ætti som kan hjelpa meg vidare? Kvar vart det av denne Lars Johannesson?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Det er Aase i Seljadalen i Vik du finn Lars Johanneson i FT 1865. IKKJE Aase i Arnafjord. (Det er 2 gardar i Vik Kommune m/ heilt same namn: Aase. Bruk 15. Og bruk 60 i Arnafjorden).Så er 'kampen' om å finna han etter 1865 !Har du sett på den ugift farneren, f. 1838, 62 år, busett i Illinois, USA, som reiser frå Bergen den 25.7.1900 med usikker fødestad (Vik i Sogn ?) på 'Emigranter frå Bergen 1874-1930' ??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.