Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#78703] Sjur Walaker og Ranvei Severine Bugge - Hafslo - Lier - Eiker - Grefsen - borni?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Sjur Jacobson Walaker, fødd i Hafslo 13.8.1852, gifte seg i Hafslo i 1885 med Ranvei Severine Samuelsdotter Bugge, fødd i Hafslo 16.2.1860. Sjur var sorenskrivarkontorist og likeins ei tid kommunekasserar i Hafslo. Han tok over som gardbrukar på Valaker frå kring 1886, og han og Ranvei dreiv garden fram til 1903. Dei flytte same året til Lier der me finn dei att som gardbrukarar på Nøsted, men skal sidan ha butt i Eiker. I 1929 var Ranvei Walaker busett på Grefsen i Oslo.¤¤¤¤¤ (opplysningar om lagnaden deira etter 1903 er særs mangelfull - fleire opplysningar?)¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet til Sjur?)¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet til Ranvei – etter 1929?)Sjur og Ranvei fekk ni born i lag:1. Magda Elina Nitter Sjursdotter Walaker, fødd i Hafslo 6.4.1886.¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)2. Lina Margrethe Bugge Sjursdotter Walaker, fødd i Hafslo 28.8.1887.¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)3. Jacob Lemvig Sjurson Walaker, fødd i Hafslo 16.9.1890.¤¤¤¤¤ (utvandra i 1912 frå Lier til North Dakota - skal sidan ha butt i Alberta - lagnaden hans?)4. Elen Kirstine Sjursdotter Walaker, fødd i Hafslo 3.7.1893.¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)5. Anna Harbo Frimann Daae Sjursdotter Walaker, fødd i Hafslo 16.7.1895.¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)6. Samuel Mandrup Bugge Sjurson Walaker, tvilling, fødd i Hafslo 25.11.1897.¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)7. Peder Sjurson Walaker, likeins tvilling og fødd i Hafslo 25.11.1897.¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)8. Sigurd Sjurson Walaker, fødd i Hafslo 8.10.1899.¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)9. Olava Marie Bugge Sjursdotter Walaker, fødd i Hafslo 18.10.1902.¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Det er merkeleg korleis denne store huslyden so såporlaust ''forsvinn''. Eg har ikkje funne spor etter dei på DIS-gravminner heller... Kanskje bygdeboki for Lier har fleire opplysningar??Eg vonar no at einkvan dreg kjensel på denne huslyden og kan supplera med opplysningar, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Her emigrerer sønnen Jacob Lemvik - LenkeGrethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Ser at du allerede har den opplysningen om Jakob.Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for fleire flotte innlegg! Særleg var det fint at du fann dødsmeldingi til Ranvei. Eg leitte i Austre Aker og Nordstrand utan å finna ho... Eg trudde Grefsen høyrde til den delen av byen...Det ser ut til at Kapellveien 52 ikkje lenger finst på Grefsen...So kvar vart det av dei...? Kanskje me lyt satsa på Folkeregisteret?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Jeg finner Kapellveien 52 der Kapellveien krysser Bråtenalléen. Det er riktig at man av en eller annen grunn ikke får tilslag når man i Finn kart søker på Kapellveien 52, Oslo, men søker man opp Kapellveien og zoomer inn, ser man gatenumrene og eindomsgrensene helt tydelig.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Det må ev være å sjekke opp søsknene som bodde i Kapellveien 52 i adressebøker for Aker/Oslo. Anna, født 1895, ser ut til å være gift Nærsnes/Nersnes og bodde i Fjellgata ved morens død i 1933.Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore S. Falch

Når det gjelder Walaker på Grefsen, bør du kontakte Historielaget Grefsen-Kjelsås-Nydalen (- forøvrig hovedstadens største lokalhistorielag - http://www.historielaget-gkn.no/index.php) . Jeg mener bestemt å ha sett navnet Walaker i noen av lagets publikasjoner, og jeg tror sogar det fremdeles er Walaker'e på Grefsen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Otto Ottesen

Finn i alle fall nokre av dei i folkeregisteret. Magda døydde ugift i Oslo 11.03.1963. Samuel døydde i Oslo 22.02.1966. Anna Harboe F. Nærsnes døydde i Oslo 09.01.1970.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svein Arnolf, Grethe, Tore og Otto for nye spennande innlegg. Med Otto sitt innlegg har me fleire dødsdatoar, men eg er litt usikker; er namni til Magda og Samuel skrivne med V eller W?No ser eg i telefonkatalogen for Oslo ein Olafsen med Walaker som mellomnamn. Han må vel vera ein etterkomar etter Rolf Olafsen, sonen til Elen ''Ella'' Walaker Olafsen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Otto Ottesen

Magda og Samuel brukte W.Jan W.O. er son av Rolf Olafsen fødd 08.10.1915. Fell brikkene på plass då?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Det finnes en John Walaker (1919-1985) som er registrert i DIS-gravminner gravlagt på Grefsen gravlund. Han er kanskje en etterkommer av Sjur og Ranvei?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Otto og Svein Arnolf for dei siste innleggi om denne huslyden.Eg har endeleg fått tak i ein nolevande etterkomar, og eg har kunna oppdatera manuskriptet mitt:* Sjur Walaker døydde i Christiania (på Grefsen?) 3.9.1926.* Magda Walaker var ugift - hushaldar for brørne Samuel og Sigurd i Kapellvegen 52.* Lina Walaker var gift med Richard Kristoffersen, eigar av ''Egeberg-restaurantane''. Dei fekk to born, ei dotter (Ranvei?) gift med ein lækjar i Tønsberg(?) og sonen John Walaker, gravlagd på Grefsen (sjå innlegg #14).* Jacob i Amerika - ikkje noko nytt.* Elen Kirstine ''Ella'' Walaker døydde i Maridalsveien 60 - dødsdato skal ha vore 1.9.1919. Mannen Olav Frithjof ''Frithjof'' Olafsen var frå Kløfta og døydde i Christiania 23.6. kring 1953. Han gifte seg som enkjemann att med ei Dagmar!* Anna Walaker var gift med Sverre Nærsnes, butikkmann (manufaktur) - dei adopterte ein gut.* Samuel Walaker, gartnar, døydde visstnok på ein aldersheim i Råde i Austfold, ugift.* Peder - ikkje noko nytt* Sigurd Walaker, trygdemeklar, vart gift på sine gamle dagar med ei som var hushaldar hjå han, men dei var barnlause.* Marie Walaker gifte seg mellom 1933 og 1938 med Torbjørn Borch, funksjonær ved jarnbanen. Marie døydde som enkje på ein reise til England. Skal vera gravlagde på Grefsen. Ingen born.Kanskje er det nokon som kan bidra med supplerande opplysningar om nokon av desse?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Fhv. bokholder Sigurd Walaker, f. 1899 finnes nemnd i Aftenposten under anmeldte dødsfall 3.2 Akeravdelingen (avis av 5.2.1958)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Norges leger:Sigfred Bertram Sivertsen, f. i Kristiansund 26-1-1906, sønn av skipsfører Julius Johan Sivertsen (f.11-12-1875, død 1962) og Gyda Kornelia Lothe (f. 25-2-1884), tok eks.art. i Eidsvoll i 1926 og i juni 1937 med.eks. i Oslo.Han vikarierte i 1937 for to praktiserende Oslo-læger, var i 1937-38 læge på hvalfangsekspedisjon og har fra 1-8-1938 praktisert privat i Porsgrunn.Gift i Østre Aker 26-7-1941 med Ranveig Marie Nærsnes, f. i Østre Aker 14-6-1921, datter av selger Hans Kristian Nærsnes (f. 20-12-1890) og Anna Harboe Frimann Daae Walaker (f. 16-7-1896).Sender deg en mail om barn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle og Carsten for nye spennande innlegg og ogso for e-post frå Carsten! Eg har i kveld vore i kontakt med etterkomarar etter Ranveig Marie Sivertsen og ogso ein etterkomar etter Anna Nærsnes, men det er utruleg kor lite dei veit... Me får sjå kva som dukker opp etter kvart...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Håklev

Fra dødsfallsprotokoll vedr.Sjur Walaker,se nr 153 Kildeinformasjon: Akershus fylke, Aker kriminaldommer, skifte- og auksjonsforvalterembete, Vestre Aker tinglag, Dødsfallsprotokoll 2 (Hba 0002), 1925-1928, oppb: Statsarkivet i Oslo.Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/27370/67Ser ikke Peder nevnt her,så han var kanskje allerede død

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Håklev

Olava Marie vies 30/6-1934,her fra lysningsprotokollen,innf.nr.nr 24 Kildeinformasjon: Oslo fylke, Grefsen, Lysningsprotokoll nr. H 0001 (1933-1950), Lysninger 1934, side 5. Permanent sidelenke: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Håklev

Lurer på : Er det Samuel og Peder som er tvillinger ?? Finner bare dåpen til Samuel i KLOK Solvorn/Hafslo Finner heller ikke Peder i FT 1900Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Solveig for skikkeleg gode og nyttige innlegg!Eg har gått gjennom grunnlagsmaterialet mitt, og det syner seg at han som i si tid stod for databaseregistreringi av fødslene i Hafslo har gjort ein feil. Det neste barnet etter Samuel i kyrkjeboki heitte Peder, og denne Peder har fått feil foreldre i databasen. Dette vart heller ikkje oppdaga under korrekturlesingi!Soleis kan me slutta at Samuel ikkje hadde nokon tvilling, og barnelisten er komplett med åtte born!Det var ogso bra å få vigsli til Olava Marie ''Mia'' Walaker og Thorbjørn Borch på plass. Soleis tek huslyden til Sjur Walaker no etter kvart til å verta ganske so komplett...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×