Gå til innhold
Arkivverket

[#78707] Hans Johnson og Guri Olsdotter - frå Grov i Hafslo til Bergen 1740-åri - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg slit med denne huslyden som flytte frå Hafslo til Bergen på 1740-talet, og vonar at einkvan kan bidra med gode tips i leiting etter dei?Hans Johnson (Grov), fødd i Hafslo kring 1703, gifte seg i Hafslo 20.10.1726 med ei Guri Olsdotter av ukjent opphav, truleg òg f. kring 1703. Dei var nokre år gardbrukarar på Grov i Solvorn, Hafslo, men flytte frå garden kring 1735 og skal snart etter vera farne til Bergen der Hans er sagt vera avliden FØR 1762! Om lagnaden til Guri seier ikkje kjeldene mine noko som helst.Eg kjenner til to born etter dei (om det var fleire, so døydde dei andre før 1762!):* Ole Hansson, døypt i Hafslo 15.12.1726, døydde før 1762, lagnad ukjend.* Inger eller Inga Hansdotter, døypt i Hafslo 3.9.1730, levde ugift i Bergen i 1763, lagnad ukjend.Eg ser ikkje noko meir til denne huslyden i Bergen og finn i grunnen heller ikkje nokon gode ''kandidatar'' for Inga Hansdotter som brur...Men kanskje er det noko ser på denne huslyden med andre auge?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for innlegg!Eg har hatt dette notatet i mange år, men hugsar ikkje kvar eg fekk det frå. Men eg meiner ganske bestemt det må vera frå eit skifte frå 1762 der Hans Johnson vart nemnd som avliden, samstundes som dotteri i Bergen, ved utlodningi i 1763, hadde formyndar...Alternativt KAN det òg vera frå ei tingbok...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.