Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Olav Revheim Martinussen

[#78771] Bush

Recommended Posts

Gjest Olav Revheim Martinussen

Margrethe Andersdtr. Bush - sannsynligvis bergenser - var gift med Herman Johanson Garmann, Født 1612. Sammen hadde de ihvertfall barna Willum Hermansen Garmann,1645-1669 ogWillum Hermannssøn Garmann,1641 - .Noen som har peiling på hennes foreldre ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nils Wilhelm Johnson

Foreldrene til Margethe Andersdatter Buch født i Bergen 1618. Far :Anders Andersen Buch død på Voss i 1623. Mor :Christence Madsdatter død på Voss i 1651. Har desverre ikke notert kildene til disse opplysningene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnfrid Mæland

Vossaboki, innledning:'St. Mikaels kloster på Nordnes i Bergen var frå fyrst av Benediktinerkloster, skipa fyre 1110 av kong Øystein Magnusson. Det er seinare oftast kalla Munkeliv kloster. Etter klostret sine jordbøker åtte det 1427 i 8 gardar på Voss, i 1463 8 laup 18 mark i 11 gardar, i 1480-90 118 mmb. i 19 gardar og i 1646 8 laup 2 pund 6 mark i 8 gardar. I 1661 åtte Munkeliv 60 laup 1 pund 15 mark i 56 gardar på Voss. 24. april 1662 selde kongen godset til kommersialråd Lillienskjold og president Hermann Garmann, som skifte det millom seg. Klas Miltzow har 5. november 1662 fått kjøpekontrakt frå Garmann på hans part og 4. oktober 1677 skøyte frå Garmanns ervingar på 29 laup 13 mark 2. bukkskinn i 21 gardar.Allehelgens kyrkja åtte etter hennar j ordbok i 1645-1647 22 laup 1 pund i 14 gardar på Voss. I 1661 var det 3½ laup i 5 gardar. Etter 1601 kom jordgodset åt denne kyrkja saman med godset åt Ulstein kloster. Hannibal Sehested har ved makebyte med kongen i 1649 fått 19 laup 15 mark i 9 gardar på Voss av Allehelgensgodset. Kongen selde Allehelgensgodset ikring 1665.Klas H. Miltzow, son åt Henrik Miltzow, sokneprest på Voss 1623-1666, har ikring 15 år havt meir jordgods på Voss enn nokon annan nokorsinne har havt. Klas var fødd ikring 1632, budde på Mosafinn og døydde 1692. I 1660-åri og 1670-åri kjøpte han til ymse tider so han 1676 åtte 64 laup 1 pund 1 mark i 65 gardar og i 1680 228 laup 1 pund 16 mark i 126 gardar. I 1670- og 1680-åri førde riksstyret ei vidsveimd sak mot Klas Miltzow for ulovleg skoghogster i Raundalens Ålmenning. Det enda med at han ikring 1687 vart dømd til å betala 3537½ riksdalar. Han laut då ut med 120 laup jordgods. Boti vart ved kgl. resol. 1689 sett ned til 2000 rd. Etter at kreditorane hadde fått sitt ved skiftet 1692 etter Klas, var det att 3900 riksdalar. Enkja fekk halvparten av dette, deri medrekna 23 laup 1 pund 12 mark jordgods. Det andre jordgodset etter Klas gjekk då til ymse eigarar, men mykje av det til skyldingar og etterkomarar.Gjert H. Miltzow, bror hans Klas, fødd 1629, var sokneprest på Voss etter far sin til 1688, då han døydde. Han åtte i 1680 9 laup 1 pund 9 mark i 9 gardar på Voss. Han hadde fleire born og millom dei Henrik og Kristense. Henrik f. ikring 1685 vart rikt gift, budde på Lillegraven i Granvin og døydde 1755. Han åtte mykje jordgods på Voss. Sumt av det hadde Klas Miltzow ått fyrr. Kristense G. Miltzow f. 1676 var fyrst gift med kaptein Rasmus Stoud og andre gongen ikring 1720 med løytnant Jens Nordahl og budde på Lekve. Dei åtte og i mange gardar på Voss. Nordahl døydde 1751 og Kristense 1752. Joachim og Tønder Nordahl, brorsøner åt Jens Nordahl, fekk det meste av jordgodset etter han.Hannibal Sehested, dansk adelsmann, gift 1642 med Kristina, uekte dotter åt kong Kristian 4de, vart utnemnd 1642 til styresmann over Akershus len og vart riksstyrar i Noreg. Som umtala under Finnegodset, Apostelgodset og Allehelgens gods åtte han då mykje jordgods på Voss. Då Sehested 1651 vart nøydd til å gå ifrå, avstod han alt sitt jordgods i Noreg til kruna.Gabriel Marselis var ein nederlandsk pengemann som hadde store forretningar på Noreg. Etterkomarane tok bustad i Danmark, der dei lever som baronar Gyldenkrone. Marselis eigde Finnegodset ei tid.Hermann Garmann er til ymse tider skriven for president, tollforvaltar i Bergen og tollforvaltar nordanfjells. Som tollstyrar vart han løna med prosentar og hadde lov til å driva handel. Garmann var g. 1634 m. Margreta, dotter åt Anders Buck, som var sokneprest på Voss fyre Henrik Miltzow og bleiv 1668 ved Lister. Garmann er ogso umtala under Munkelivgodset.Vincents Lunge har etter jordboki si i 1535 ått 3 laup 2 pund 12 mark 8 huder og 3 bukkskinn i 9 gardar på Voss.'Garmann er nevnt mange steder i Vossaboki, Anders Buck fire steder. Vossaboki er digitalisert. du finner den ved å google den.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Revheim Martinussen

Tusen takk for hjelpen !!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.