Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kariann Helland Johannessen

[#78774] Haugo i Luster

Recommended Posts

Gjest Kariann Helland Johannessen

Hei. Sitter her med bind 6 i Luster og leser på gården Kjørlog s.553 at Peder Rumohr Thomasson (1816-1879)vart gardbrukar på Haugo. Men finner ikke helt noen gård som heter Haugo i området. Er det noen med litt mer lokalkunnskap som kan hjelpe? Mvh Kariann

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne-Lise Hansen

Hei. Kan denne oversikten hjelpe? LenkeEr ikke kjent i området selv.Vennlig hilsen Anne-Lise

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svehn Ruskelöv

Hei!Denne gården ''Haugo/ Hauge'' blir omtalt/ finnes og lese om i ''Hafslo'' del 3, band 10 som er under arbeid.Jeg har sjekket gården ''Hauge'' i ''Gards-og ättesoge'' for ''Fortun sokn'' band 1, den er det ikke.Mvh,Svehn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Her er Peder Thomassen på Hauge (Hafslo) i 1865: Lenkemvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kariann Helland Johannessen

Kjempebra. Tusen takk skal dere ha alle sammen. Mvh Kariann

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hei Kariann,Som forfattar av bygdebøkene for Luster (Hafslo) er spørsmålet ditt spennande, og orsaki er den at, sovidt eg veit, har ikkje Peder Rumohr Thomasson Hauge (1816-1879) etterkomarar i NOREG, med mindre sonen Peder Hjermann Pederson Hauge (fødd 2.12.1857) likevel skal ha butt i Noreg? Opplysningar eg har motteke om Peder Hjermann, seier han utvandra til Amerika, men eg har aldsi nokon gong greidd å prova dette!Kanskje veit DU, Kariann, noko om denne Peder Hjermann?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kariann Helland Johannessen

Vet ikke helt om jeg er på rett spor. Var på leit etter foreldrene til Thomas Fredrik Hess som ble født 24 nov 1868 på Valaker dp.1 jan 1869 Hafslo/Solvorn. Men han har foreldre Peter Thomasen Valaker og Marthe Arnesdtr eller Andersdtr. Thomas flytter til Bergen og gifter seg der. Skal gi deg en lyd hvis om jeg kommer frem til noe. Mvh Kariann

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Peder Rhumor Thomassen Hauge er i 1865 49 år.Peter Thomassen Rumor er fødd Årdal i og er 24 år når han i 1868 giftar seg i Sogndal med med Martha Andersdtr. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 13 (1859-1877), Ekteviede 1868, side 203. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6925&idx_id=6925&uid=ny&idx_side=-206>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kariann Helland Johannessen

Ja, og om 2 forskjellige Thomas Fredrik Hess også. Fant ut fra vielsen i Bergen at han jeg leter etter skal være fra Sogndal f.1868, konf.1884 med far Iver Thomassen. Mens f.t.1900 har han som f.Sogndal 1862, så er han etter f.t.1912: T.F.H.,26111868,Havslo,Hotelbud, g.1888. Mens han er gift 1893 med Sigvarda Kvamme. Stadig like forvirret. Det er bra det er helg. Mvh Kariann

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Fann ein Thomas Fredrik Hess som blir konfirmert i Sogndal 1884. Han er oppgitt fødd Dvergedal i Sogndal 26.11.1868. Foreldra er Iver Tomassen og Anne Masie Eriksdtr? Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 15 (1871-1904), Konfirmerte 1884, side 73. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2069&idx_id=2069&uid=ny&idx_side=-74>Lenke Permanent bildelenke: LenkeHer er vel då dåpen hans, nr. 8: Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 14 (1864-1877), Fødte og døpte 1869, side 62. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kariann Helland Johannessen

Ja det må være han. Tusen takk. Da er det vel kanskje hjelp å få i Sogndal b1 da. Får se om vi får den ut fra biblioteket i disse streikedager. Kjekt å vite hvor ektefellene kommer fra også, synes jeg. Mvh Kariann

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Sværen

Kan dette væra ho du leitar etter, Kariann ? Anne Marie Eriksdtr, som er i FT 1865 er heime hos foreldra som ug. Ho er f. ekte, på Hegrenes i Jølster 26.2.1849.Far er: Gardbrukar Erik Hanson. Mor: Nicolaia Nilsdtr

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Her er giftemålet til Iver Thomassen og Anna Marie Erichsdtr i Hafslo 10. juni 1868. Iver er oppgitt fødd Hafslo og er i 1868 20 år gamal med far Thomas Pettersen Dvergedal i Sogndal. Anna er også fødd Hafslo og er 31 år, og faren hennar er Erich Sjursen Øvrebø.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Litt morsomt! Denne Iver Thomassen må altså då bror til Peter Rumohr Thomassen. LenkeDen oppgitte fødestaden ved vigsla må då være feil, han er altså fødd i Årdal som broren.Dei to Thomas Fredrik Hess, som er fødde med to dagers mellomrom, er altså søskenbarn.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

For ordensskuld, her er nok også dåpen til Iver i Lærdal i 1847 (Årdal låg tidlegare under Lærdal prestegjeld) (nr. 163) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 6 (1835-1849), Fødte og døpte 1847, side 154. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11598&idx_id=11598&uid=ny&idx_side=-158>Lenke Permanent bildelenke: Lenke (Etternamnet på faren stemmer ikkje med FT 1865, men mora sitt namn stemmer, så det må være den same).Konfirmasjonen til Iver i 1863, stadfestar fødselsdatoen som er oppgitt ved dåpen i 1847 (nr 29) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 13 (1859-1877), Konfirmerte 1863, side 130. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Heisan, her var det kome mange nye fine innlegg!Frå manuskriptet mitt for gnr. 175, Solvorn har eg følgjande om denne huslyden som du, Kariann, leiter etter:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Anna Marie, kjend som Maria Eriksdotter [solvorn], f. i Hafslo 22.6.1837, gifte seg i Hafslo 10.6.1868 med Iver Thomasson frå Berget under Dvergedalen i Sogndal, ein son av gardbrukar Thomas von Krogh Petterson på Berget, Dvergedal (1817-1883), opphavleg strandsitjarson frå Solvornstranden, Solvorn i Hafslo (bnr. 1). Iver var f. i Årdal 30.10.1847. Iver og Maria vart plassfolk på Aspekren under Dvergedalen i Sogndal der Maria d. 27.10.1892. Iver gifte seg 3.11.1901 att i Sogndal med Anna Olsdotter frå Krokateigen under Hundere i Sogndal, ei dotter av husmann Ole Johannesson i Krokateigen (1820-1900), opphavleg ein husmannsson frå Reina under Kvam nedre på Hafslo. Anna var f. i Sogndal 14.6.1856. Iver og Anna flytte snart til Bergen der me finn dei att under namni Iver og Anna Wergedahl. Iver d. i Bergen 14.2.1931, medan Anna Wergedahl d. same staden 11.5.1936. Iver fekk fem born, som alle var frå første ekteskapet med Maria Eriksdotter:a. Thomas Fredrik Hess Iverson Dvergedal, kjend som Thomas Hess, f. i Sogndal 26.11.1868, d.##### (dato og stad for dødsfallet hans?)Thomas gifte seg i Bergen 29.10.1893 med Sigvarda Gerhardine Gregoriusdotter Kvamme frå Bergen, f. i Bergen 29.11.1870. Ho d. i Bergen 4.1.1928.##### (yrke og bustad? – hotellbod Bergen! – budde Bergen 1931)##### (talet på søner og døtrer? – minst fem!)b. Erik Christopher Iverson Wergedahl, f. i Sogndal 1.12.1872, d.##### (dødsstaden Bergen?)13.6.1945. Erik flytte til Bergen i 1891 og gifte seg i Bergen 25.9.1898 med Anna Andreasdotter Sebø frå Sæbø i Vik, f. i Vik 25.9.1873. Ho flytte til Bergen i 1893 og d. i Bergen 7.1.1934.##### (yrke og bustad? – 1898: brannmann i Bergen! – born 1934: Ingvald Wergedahl, Birgit Rasmussen, Erna Johnsen og Anna Wergedahl, alle i Bergen!)Dei fekk fire born i lag.c. Anna Margrethe, kjend som Margretha Iversdotter Dvergedal, sidan kjend som Margaret Dvergedal, f. i Sogndal 31.5.1876, utvandra til Amerika i 1907 og fór då til Madison, Dane Co., Wis. der ho##### (date and place of her marriage? – 1907!)gifte seg med Hans Andreasson Sæbø frå Sæbø i Vik, i Amerika kjend som Hans Saboe. Han var son av snikkar og møllar Andreas Hansson på Sæbø, opphavleg frå Vikøyri, og kona Britha Andersdotter frå Sæbø og f. i Vik 22.5.1878, men utvandra til Amerika i 1903. Hans var snikkar og byggmeister (”carpenter and contractor”), og han og Margaret busette seg i Madison, Dane Co., Wis. der Hans d. 8.5.1923. Margaret Saboe d.##### (date and place of her death? – after 1931!)Dei fekk tre born i lag.d. Karen Marie Iversdotter Dvergedal, f. i Sogndal 17.9.1878, d.##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – truleg Karen Fimreite, d. Bergen 30.10.1950 – n. 1931: Karen Marie Fimreite, Bergen)##### (biografi??)e. Anna Marie, kjend som Marie Iversdotter Dvergedal, f. i Sogndal 25.3.1881, d.##### (dødsstaden hennar? – Lotheveien, Bergen!?)11.3.1963. Marie gifte seg i Bergen 3.3.1906 med Jens Bottolfson Djupvik frå Djupvik i Fresvik, Leikanger, f. i Leikanger 16.10.1882. Han d.##### (dødsstaden hans? – Bergen?)14.5.1976.##### (tydeleg attgift med Kamilla, f. 23.4.1904, d. 19.2.1979)Jens Djupvik var symaskinagent##### (sagt so 1906 – sidan?)og budde i Bergen levetidi ut.##### (talet på søner og døtrer?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kanskje kan du, Kariann, supplera med svar på nokre av spørsmåli mine om denne huslyden for at band #11 av bygdebokserien vår kan verta meir komplett?Hjerteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane - lars.e.oyane@sdsl.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kariann Helland Johannessen

Hei. Har vært opptatt med buekorps i hele dag, så har ikke fått sett på dette før nå. Tusen takk alle sammen! Dette ble jo veldig morsomt at vi kom tilbake til familien jeg først trodde det var. Skal se på det du skriver Lars og gi deg svar. Igjen tusen takk, dere er fantastisk. Mvh Kariann

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×