Gå til innhold
Arkivverket

[#78788] Slektsgransking er lik skattejakt :-)


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

For vêl eit år sidan leste eg i ei avis om ei dame som ikkje visste kven morfaren/mormora si var, mor hennar hadde også leita forgjeves etter sitt biologiske opphav. Dette vart berre sagt som ein bisetning, og var ikkje noko bøn om hjelp.Eg tenkte: 'dette _må_ det gå an å finna ut av'!!'' Men på same tid var eg litt tilbakehalden, dei hadde jo ikkje bede om hjelp, det vart berre sagt som ein info...Men eg fekk ikkje dette frå meg, så tok til slutt telefonen og ringde! Eg ringde til dottera, sidan eg hadde hennar namn.Ho vart svært overraska, men glad, og sa at ho måtte fyrst spørja mora kva ho ville.Det enda opp med at eg fann slekta til denne dama, ho har vore på grava til både mor si og far sin (ho vaks opp hjå fosterforeldre, og visste nesten ingen ting om opphavet sitt).Pga. forskjellige årsaker, høyrde eg ingen ting frå dei etter dei hadde vore på gravene ifjor vår. Men ein dag i forrige veke var det ein e-post frå dottera, ho lurte på om eg hadde fått helsing frå dei ifjor, noko eg måtte svare nei på.Idag fekk eg pakke(to bøker) i posten ein 'lapp' (ikkje eg som har sagt at eg skal ha noko) og eit nydeleg kort. Det stod bl.a. at det var ei spesiell stund ved foreldra sine gravstader, og mor sa også at det var den siste brikken som var på plass.Eg er redd for at nokon skal tru at dette er sjølvskryt (høyrt om Janteloven?), men det eg har lyst til er å formidla kor glad eg er som kan vera med på dette.Det er fantastisk gjevande!!Eg laga eit innlegg der eg spurde etter om nokon hadde sett/kunne sjå om det var fleire barn etter far til denne dama, her er det: Lenke løkås&nr=1&antinnlegg=3&startnr=&antall=&spraak=#ankerDersom nokon slumpar over fleire barn av denne mannen, er eg ganske sikker på at det hadde vorte stor glede!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest A. Martinsen

Slekt og opphav er noe av det mest grunnleggende for et menneske. Bistand til å finne ukjent familie kan ikke undervurderes. De som hjelper 'forfedreløse' gjør et godt arbeide.André M.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ingmar Seth

Ja, det er kjekt å kunne hjelpe andre, i den historia eg lenker til i '2' døde mormora nokre månader etter at kontakta vart gjennoppfriska. Hadde litt kontakt med vedkommande som eg hjelpte og familien var kjempeglade for å ha funnet henne igjen...Faktisk 'Just in time'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.