Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#78823] Fredrikke Clemetsdotter Hauge - gift i Bergen 1815 - kvar var ho ifrå?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jørgen Colbenson og Fredrikke Clemetsdotter gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 18.6.1815.Då sonen Carl Johan vart fødd 29.12.1817, har foreldri namni Jørgen Colbenson Sundve og Fredrikke Clemetsdotter Hauge.Faren Jørgen Colbenson var frå Sundve på Voss, men kvar hadde Fredrikke opphavet sitt ifrå?Dødsfallet hennar i Bergen: 3.11.1837, 47 år (Lenke).Eg har søkt i FT1801 for heile landet, men finn ikkje nokon som høver i alder...Kanskje har andre betre auge enn eg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Finner denne, men alder passer vel ikkeLenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Dersom vi korrigerer for alderen, så er den kanskje ikkje så umogeleg. Det finnes ein gard som heiter Hauge i Ytre Holmedal, og det finnes eit skifte i 1886 etter ein Klemmet som då budde der. Eg trur eg overlet til andre å tyde skifte (høgre side) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 1 , 1677-1687, oppb: Statsarkivet i Bergen.Merknader: 1682 mangler.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24184/267>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24184/267Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

beklager det blei jo heilt feil. det skulle jo ikkje være 1886, men 1686. Det blir vel heilt feil det også (om lag 100 år for tidleg), men Clemet namnet finnes i alle fall der. I 1801 er det ein Clemet Jensen på Hauge. Han er berre 20 år, så han kan ikkje være aktuell, men bærer i alle fall namnet Clemet.mvh Egil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Johannessen

Finner en Fredrikke Clemetsdtr Hauge døpt (uektefødt) i Fjaler i juni 1782, far Clemet Larsen, mor Kari Jensdtr. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Fjaler, Ministerialbok nr. A 2 (1779-1798), Kronologisk liste 1782, side 45. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1981&idx_id=1981&uid=ny&idx_side=-51>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei finner denne jenta i Fjaler - LenkeGrethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørg, Egil, Lars og Grethe for spennande og nyttige innlegg. ''Kandidaten'' frå Fjaler i Sunnfjord er heilt klart svært so ''sterk''. Eg likte ikkje alderen hennar, men namnet er svært sjeldant, og Hauge har me òg, so eg er viljug til å tru me har rett person...Men kanskje ei bygdebok for Fjaler kan stadfesta dette?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Den eneste jeg fant på Hauge i Fjaler er ei Kari Jensdtr. f.1761 datter til Jens Clementson Hauge Lenke og i følge Fjalerboka blir hun gift i Bergen med matros Christen Christensen Bergen. De får sønnen Hans den 15.6.1794. Iflg. FS blir de gift 9.9.1792 i Nykirken. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Michael Moum

Finner Fredrikke Clemetsdatter under FT1815 i Bergen Lenke hun er oppgitt å være mellom 32-47 år og er tjenestepike på Nordre Haugen under Nyegaard. Dvs. at hun er født seinest 1783, mulig alderen ved død er feil?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hvis alderen ved dødsfallet er feil, er vi tilbake til kandidaten i 1801 som Bjørg H fant (se innlegg 2).Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Jeg glemte vel å nevne at denne Kari Jensdtr. f.1761 sannynligvis er mor til Frederikke! Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan Arthur, Michael og Grethe for nye spennande og etter kvart avklarande innlegg.Eg er vorten meir og meir overtydd om at alderen til Fredrikke ved dødsfallet må vera feil. Dessutan ser eg at yngste barnet hennar, sonen Ingebrigt, var fødd i 1823. Hadde ho vore åtte år yngre, kunne me vel ha venta fleire born...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg var inne på biblioteket i dag, og nytta høve til å låne med meg gards- og ættesoga for Fjaler.Eg har ikkje funne Fredrikke på Hauge, men Kari Jensdtr er nemnd.Ho er oppgitt fødd 1761, gift med matros Christen Christensen, Bergen.Det er i alle fall ei kobling til Bergen.Fann dessverre ikkje meir i farten, men skal leite meir seinare.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Beklager Johan, den hadde jo du allerede fått med. Eg oversåg den i farta.Hadde vi klart å finne far til Fredrikke, Clemet Larsen, i ætteboka? Kanskje det står opplysningar om Fredrikke der.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Det er fort gjort og overse slikt. Jeg har boka hjemme, men den er vanskelig å lete i uten register. Hadde vært enklere i PDF versjon å finne navnet. Kan det være han som er gift her? Lenke Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Ja, den ser bra ut. Eg har kikka litt på kirkebokregistreringa i innlegg 5. Så vidt eg kan sjå, står det at denne Clemet Larsen er ein gift mann frå Vornes/Wornes. No er det ingen gard som eg kan finne som heiter det, men Vårdal er vel det næraste.Her er kirkebokregistreringa til giftemålet til Clemet og Orlow. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Fjaler, Ministerialbok nr. A 1 (1755-1778), Kronologisk liste 1772, side 145. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8828&idx_id=8828&uid=ny&idx_side=-107>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Kan det være han som giftar seg igjen i 1786, då oppgitt å være frå Åsnes, og giftar seg med Karine Nielsdtr Åsnes (høgre side) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Fjaler, Ministerialbok nr. A 2 (1779-1798), Kronologisk liste 1786, side 97. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1981&idx_id=1981&uid=ny&idx_side=-120>Lenke Permanent bildelenke: LenkeDå er det han som er på Gjølanger i 1801

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Det ser ut til at denne Clement Larsson er blant husmennene, og dei er ikkje ytt mykje omtale i den utgåva av ætteboka eg har her. Om dette er tilfelle i den du har også, så trur eg vi kan konkludere med at ætteboka ikkje gir noko svar på kva som skjedde med Fredrikke, og heller ikkje om det er den same som dukkar opp i Bergen.Vi kan nok likvel konkludere med at det er rett far til den Fredrikke som er fødd i Ytre Holmedal i 1782, vi har funne, om det skulle ha nokon verdi for oppgåvegiver.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.