Gå til innhold
Arkivverket

[#78968] MR Rafteset i Herøy 1801 - hjelp til identifisering?


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Ved eit landsomfattande søk i 1801 kjem eg fram til garden Rafteset i Herøy, der eg finn to som kan tenkjast å vere eit syskenpar frå Rygg i Gloppen som eg ikkje finn att der LenkeAnne Lassedtr og Lars Lasseson, 55 og 50 år gamle.Er det nokon som kan avkrefte eller bekrefte teorien min?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Kanskje....I Herøyboka-Gardar og Folk b. 3 s.86 (Rafteset bnr. 1) står ikkje meir om Anne enn at ho er f. 1747, d.1804, g. 1781 Kristoffer Gullikson Fjelle, Tjervåg. Ingen born nemnde.Men s. 96 (Rafteset, Husmenn) står 'Lars Lasseson Rygg, Gloppen(?), 1752-1801' g.1775 Katrine Guliksd Fjelle, Tjervåg. 9 born. Brukar 1785-1806. Det kan tenkjast det finst ein plass-setel ca. 1785 der etternamnet er nemnt.Etternamnet står ikkje i kyrkjeboka ved truloving (jan. 1775): [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15943&idx_id=15943&uid=ny&idx_side=-50>Lenke eller ved vigsel, 17.jan 1775: LenkeKristoffer og Anne trulova 16.aug 1781

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Kanskje....I Herøyboka-Gardar og Folk b. 3 s.86 (Rafteset bnr. 1) står ikkje meir om Anne enn at ho er f. 1747, d.1804, g. 1781 Kristoffer Gullikson Fjelle, Tjervåg. Ingen born nemnde.Men s. 96 (Rafteset, Husmenn) står 'Lars Lasseson Rygg, Gloppen(?), 1752-1801' g.1775 Katrine Guliksd Fjelle, Tjervåg. 9 born. Brukar 1785-1806. Det kan tenkjast det finst ein plass-setel ca. 1785 der etternamnet er nemnt.Etternamnet står ikkje i kyrkjeboka ved truloving (jan. 1775): [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15943&idx_id=15943&uid=ny&idx_side=-50>Lenke eller ved vigsel, 17.jan 1775: LenkeKristoffer og Anne trulova 16.aug 1781

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Dahlstrøm

Lars Lassesen er heller ikke innført i kirkeboken med etternavnet Rygg ved begravelsen i 1801: Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15944&idx_id=15944&uid=ny&idx_side=-37>LenkeMen derimot er enken etter han innført med etternavnet Ryg når ho vart oppattgift i 1811:Permanent sidelenke: LenkeOg sønnen deres Lasse Enevold Larsen Ryg: Permanent sidelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Dahlstrøm

Lasse Enevold Larsen Ryg er å finne under 'ægteviede' i 1812: Lenke Enken Anne Cathrina Gulliksdatter Fjelle/Ryg og to av sønnene, Lasse og Lars slo seg ned på Herøyholmane. Holmene som ligger midt mellom Gurskøya og Leinøya.Du vil finne Lasse Enevold og moren i Herøyboka, Gardar og folk II (2 opplag 1981), under Blankholmen s. 483. Lasses bror Lars Larsen Rygg bodde på Kronholmen 1824-1860. Nevnt i samme bok s. 463.Kurt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Mange takk! Det kan ikkje vere mykje tvil att om at dette er 'min' mann, når Rygg-namnet i det heile teke er nemnt. Eg skal sjå nærare på dei oppføringane de nemner, m.m.Far til desse to heitte Lasse Jonson og vart oppattgift med ei Berte/Brite Larsdtr. Dei fekk ei dotter Ingeborg i 1766 og ein son Lars i 1769, død 1772. Seinare finn eg dei ikkje, så dei har truleg også forlete Gloppen.Er der spor etter dei og i Herøy, kanskje?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Det fyrste eg går meg på når eg 'opnar' kyrkjeboka for Herøy er ein dåp midt på denne sida (høgre) der Berte Larsdtr Rafteset er fadder - kan denne personen identifiserast gjennom bygdeboka? Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Så vidt som eg kan forstå har eg identifisert henne sjølv, gjennom Ft 1801 - det er tydeleg at Lars og Katrine ikkje har alle borna sine buande heime då, for Lasse Enevold (5) er busett hos bestefaren på Tjørvåg - håpar denne lenka fører fram Lenke saman med ein bror Elias, og lenger nede finn vi Bartha (!) Larsdtr i familien til Pål Gullikson som skal vere ein onkel.Eg får myse litt til rundt her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Nyttar høvet til å sende ein mindre vennleg tanke til dåverande prest i Herøy som har vore så oppteken av å spare papir at han har ført alle kolonnene fortløpande, slik at det er blitt 5-6 år avstand mellom døypte og vigde på same sida. Ingen god måte for ettertida.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Det er ofte lettare for lokalkjende å lese stadnamn etc, så no spør eg kva som står her, ved dåpen til det fyrste barnet eg finn etter Lars og Katrine LenkeOg kvifor kalle Mads når du er Lasseson og Gulliksdotter?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(7,8) Dette er nok dotter til Lars, men ikkje Barta (nest eldst). Det er Berta Katrine/Karine (nr. 5 i barneflokken), konfirmert i 1803, Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Trur dette er mellom dei minst oversiktlege kyrkjebøkene eg har vore i, så eg vil setje stor pris på å få hjelp til å finne dåpsinnførslene til borna her.Då du meiner konfirmanten i 1803 er den same som Karine i folketellinga?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Om FT1801 sa eg vel ingenting, men det stemmer med alderen. Berta Karina er døypt 23 juli 1789, her: Lenke (og då har presten rekna ut feil alder på henne ved konfirmasjonen i 1803)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(10) Fielle. Det var namnet Gullik, far til Katrine og Kristoffer, tok med seg (frå ei gard i Ulstein) då han flytta til Tjervåg i Herøy. Det fortel altså ikkje noko om kvar Lars og Katrine budde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Dahlstrøm

(9) Det var sognepresten til Herøy Arnt Mortensen Haar du forbarmer deg over. Han virket her 1761 - 1775. Etterfølgt av Jakob Jersin fra Luster.(10) 'Lars Lassesens og Catrine Guleksdatter Fielles b: N: Mads Povel'. Catrine er innført med sitt familienavn Fielle, også skr. Fielde. Det var faren hennes Gullik Jonsen Fielle (1726 - 1805) som tok det i bruk. Det viser til fødestedet hans, gården Fjelle i Ulstein kommune. Han var først huslærer hos sognepresten i Ulstein Johan von Cappelen. Deretter klokker og gårdbruker i Herøy. Han og hustruen Bartha Poulsdatter Michelet (f. 1729 på Basmo fort i Rødenes) bodde på Tjervåg br. nr. 7. det som i dag vert kalla 'Tonning-garden'.Videre om det du spør om: Fadderene var: 'Ole Tiervog' = Ole Jakobsen (1717 ? - 1790), gårdbruker på Tjervåg br. nr. 1 1748 - 1778. Hans sønn Svend vart gift med Johanne Gulliksdatter Fielde.'Christoffer Gulecksen Fielle' = hans døpe navn var Jochum Christoffer, f. 1751.'Ole Jørgensen Tiervog', 'Birte Catrine Haar' = prestefruen i Herøy. Arnt M. Haars hustru.Og til slutt 'Barta Povelsdatter Tiervog' = Mormor til dåpsbarnet og Gullik Jonsen Fielles hustru. Her er ho innført med gårdsnavnet Tjervåg.Mvh Kurt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Mange takk, den var ikkje god å finne! Maken til rotete prest -Den Barta eg nemnde i (8) ser forresten ut til å vere frå ein annan familie.Eg tek med takk i mot fleire dåpsoppføringar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Dahlstrøm

(17) Jo det var/er vitterligt et navn. Bartha Poulsdatter Michelet (1729 - 1795) var kalla opp etter sin farmor kommendantfruen på Basmo Bartha Rasmusdatter Brandt (1677 -1727).Kurt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kurt Dahlstrøm

Her har du hele familien på et fat. Skifte etter Lars Lassesen 14 april 1803: [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24574/161>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24574/161Og skifte etter Lars og Anne Katarinas sønn Elias Larsen som 'omkom paa søen ved Bergen' i 1806: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24574/485Katharina Gulliksdatters skifte 1821:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Storarta! Er det nokon som kan tenkje seg å lese skiftet etter Elias - står det at Mads er på sjøen og at dei ikkje veit om han lever, eller kva?Eg finn også skifte etter Anne Lassedtr, trur eg, men slit med ordlyden her - det er Lars sine born som arvar, men kva står før rekkja med arvingar? http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24574/369

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(21): då ser vi ein feil i Herøyboka, G&F (b.2 s. 96). Her er det ført opp ei dotter 'Marte Johanne 1798, g. Danill i Bergen'. I skifta etter Lars og Elias finn vi ein Mads (5 år i 1803, altså f. 1798.Han er døypt 2.juni 1798: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(22) 'Fuldbroderen Mads Larssen 31 gl. ej tilstede men har i en 13 Aars Tiid faret til Søen og vides ei om han lever og hvor han opholde sig,...'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.