Gå til innhold
Arkivverket

[#79003] Tollak Anfindson Seim i Vik, fødd 1807 - gift og skild - men kvar vart han av?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Tollak Anfindson, fødd på Seim i Vik og døypt der 19.4.1807, gifte seg i Vik 23.6.1834 med Britha Eriksdotter, fødd på Bergum i Feios, Leikanger og døypt der 26.11.1810.Britha gifte seg att i Leikanger 22.1.1849 med Anders Monsson på Berdal, døypt i Leikanger 13.12.1813, og då vert det opplyst at Britha var ''fråskild''!Er det nokon som kjenner soga om dette skilsmålet og kvar det sidan vart av Tollak Anfindson? So vidt eg veit, fekk Tollak og Britha ingen born i lag.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svehn Ruskelöv

I ''Gards-og ättesoge for Vik i Sogn'' under ''Seim'' side 129 står det nävnt : ''Tollak Anfinson Seim'' (1807-1867) g. 1834 m. ''Brita Eiriksdtr. Bergum'' f. 1810 fra ''Feios'', de blev skilde, og årsaka må väre att ''Tollak'' levde ett utsvevande liv, han budde på ''Seim'' men gardbruker vart han ikkje. Etter flere straffesaker gjorde han i 1846 eit innbrott og fekk 6 år og 1 mån. straffarbeid.Mvh,Svehn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Svehn for flotte og nyttige opplysningar! Med dette er problemet mitt løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.