Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#79007] John (1829) og Gjøri (1833) på Grønsberg i Vik - kva tid døydde dei? -bboppslag?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

John Sjurson, fødd på Borlaug i Leikanger 24.11.1829, og kona Gjøri Monsdotter, fødd på Berdal i Leikanger 27.2.1833, var gardbrukarar på Grønsberg i Vik.Er det nokon med tilgjenge til bygdebøkene for Vik som kan fortelja meg:* Dato og stad for dødsfalli deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Sværen

Jon døydde i 1912 og kona Gyrid/Gjøri i 1913 iflg Ætteboka frå 2008.Som eg har peikt på i innlegg 52.830 i 'Forum for Skanna Kyrkjebøker' er det eit 'hål' i opplysningane frå Vik på 8 år mellom 1907 og 1915.Eg byrja å jamra / masa 27.9.2007 på dette. Igjenn 10. april 2009. Siste mas frå meg kom 17.4.2010.Så du ser her Lars kor UTRULIG stor påvirkingskraft eg har !!!Ved at eg ikkje har fått gjennomslag, så rammar dette deg óg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Fra ”Gards- og ættesoge for Vik i Sogn. Vik, Arnafjord sokn, Vangsnes.” (Vik lokalhistorisk arkiv, 2008), Grønsberg: s. 25-26: Lnr. 41a Grønsberg (…)= bnr. 11/1(…)Hermund Eirikson Grønsberg (1809-1863) & 1838 Brita Oladtr Øvstedal (1811-1890) frå lnr 44 vart sjøeigarar på denne delen. Hermund kom etter kvart i økonomiske vanskar, selde bruket i 1854 og flytta inn på ein husmannsplass i Vetle-Nummedal. Kjøpar var Jon Sjurson Feidje (1829-1912) & 1853 Gyrid Monsdtr Berdal (1833-1913), båe frå Feios.(…) Sjur Jonson Grønsberg (1858-1928) & 1876 Brita Helgedtr Turvoll (1852-1940) frå lnr 46, fekk skøyte på bruket i 1894. I åra 1880-1894 hadde dei budd på småbruket lnr 40d i Vetle-Nummedal.”Ut fra dette leser jeg at Jon Sjursen døde i 1912 og kona Gyrid døde året etter. Sønnen Sjur Jonsen døde i 1928 og Brita Helgesdatter døde i 1940.Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Grethe for nyttige og gode innlegg om desse dødsfalli. Eg får då senda konkrete spørsmål i Arkivforum om dei nøyaktige dødsdatoane...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×