Gå til innhold
Arkivverket

[#79079] Ein færing ved- kva er det?


Gjest Kai Løseth
 Del

Recommended Posts

Gjest Kai Løseth

I ein festesetel frå 1826 som eg har fått hjelp til i tyde her Lenke står m.a. ....til Brændefang skal han nyde 3 Færinge løs Veed Aarlig .....Eg kjenner godt til båten som vert kalla færing. Om det har har noko med båt å gjere, tyder det då fullasta færing, og kor mykje tilsvarer det i favner evt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Hei Kai!Der står ikkje 'Færingslæs' då, dvs. 3 gonger så mykje ein kan laste inn på ein færing? Kan det vere dei frakta veden heim med båt? Der er ikkje strek over o'en dersom det skulle vere ein 'ø' i 'løs'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kai Løseth

Takk for innspel Gunnar! Den aktuelle plassen festesetelen gjeld for ligg ca 2 km frå sjøen. Staden der han får hogge ved ligg endå lenger frå sjøen, ca 3 km. Der er heller ikkje vatn det er aktuelt å bruke båt. Derfor tenkte eg det kunne vere uttrykk for (mål på) ei viss mengde ved. Har aldri høyrt dette uttrykket, har også prøvd å søkje etter det utan resultat. Men at det har med kor mykje ved ein kan laste i ein færing er vel truleg.Helsing Kai Løseth

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Eg vil tru det er meint førelass. Altså eit sledelass som ein kan køyre på snøføre; - i motsetnad til tå(e)lass/tøylass - som ein kan køyre på tøyr (berr mark).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kai Løseth

Ja, kanskje det? Ordet/orda står som siste på linje 11 og første på linje 12 under No 7 på høgre oppslagside her: Lenke Eg måtte melde pass på tydinga sjølv, men fekk hjelp av ein av toppekspertane, Else B. Rustad. Takk for engasjement!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

det står 'feringe las' (i to ord); og det er naturlegvis nærliggande å tenkje på båten. Men her er det - som du påpeikar - ikkje så aktuelt. Brensel (t.d. torv) vart ofte målt i lass - og då var det hest og slede det var snakk om.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kai Løseth

Dei eldre fortalde at der var mykje mindre skog tidlegare. Furuskogen var nærmast rasert, vart hogd ut og seld til Hollendarar og Skottar. Skikkeleg lauvskog - bjørk, rogn, hegg o.l. vart i stor grad laga til for salg. Den dårlegaste skogen nytta dei til eige brensel. Veden vart frakta i båt til Ålesund. Det eg har høyrt er at dei frakta veden i ein trerong. http://no.wikipedia.org/wiki/Seksring Dei sa at dei reiste til byen med en 'vedafarm'. Men det kan også vere at færingar vart nytta? Og at dei då hadde ei praktisk erfaring kor mykje ein færing romma? Dette er 'høgttenkjing' frå mi side!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.