Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#79104] Bygdebokoppslag garden Nøsted i Lier - 1903 og utover - Sjur Walaker?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Sjur Jacobson Walaker (ogso omskriven under tema #78703), fødd i Hafslo i Sogndal 13.8.1852, og kona Ranvei Severine f. Bugge, fødd i Hafslo 16.2.1860, flytte kring 1903 frå Hafslo til Lier og var gardbrukarar på garden NØSTED.Spørsmålet mitt er om det går fram av bygdeboki for Lier KVA ÅR desse huslyden budde (eller eigde) garden Nøsted?Dei KAN sidan ha butt i Eiker (svært usikkert), men hamna i alle fall til sist på Grefsen i Vestre Aker.Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lisbeth Wangen

Dette står i bygdeboken: Hans Kristoffersen på Lier-stranda forteller at han for med barken Scotia med trelast fra Drammen til England. En annen bark som han hadde, hette Helvetia. - Lorentzens enke solgte kort etter 1900 til XV) S. Walaker, som ikke hadde skjøte på gården. Så kjøpte Aksel Andersen, O. P. Espedahl, Martin Olsen og S. Skarstad gården, og fikk skjøte av Lorentzens arvinger 1913. Ved skylddelingsforretning i 1914 ble gården delt; størsteparten tilhører nå Drammen kommune, men hovedbølet, som fikk bruksnr. 13, ble overtatt av XVI) ingeniør L. Stürbelle, som fikk skjøte på eiendommen i 1916. Stürbelle var belgier, og var gift med Annie Pettersen. I 1924 ble gården overtatt av XVII) Gustav Renskaug, f. 1854, d. 1930. Han var gift med Anne Ledaal, f. 1881, d. 1942. Barn: Gustav, Astrid Margrete (g. m. dyrlege Grøholt), Tordis (g. m. Ivar Fløgstad), Søren. Fruen drev pensjonat her fra 1925. Hun giftet seg annen gang med ingeniør Eilif Fougner. I 1940 overtok XVIII) Gustav Renskaug, f. 1907. Han er gift med Astrid Rørholt, f. 1912, datter av kaptein Christian Rørholt, Sør-Odal. Barn: Hans Gustav, Astrid, Ole Christian. Gustav Renskaug dreiv Solberg i Sanne fra 1935 til 1940. I 1941 begynte han med blomstergartneri her. Av de 7 mål dyrket mark er nå 2 ½ mål under glass.GårdsregisterIkke noe mere her,skal se hva jeg finner for noe mere;)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lisbeth for spennande opplysningar frå bygdeboki.Det går sjølvsagt ikkje fram kor lenge Sjur Walaker var gardbrukar på Nøsted, men eg tolkar det slik at godt KAN ha vore der heilt fram til kring 1916 då Stürbelle tok over.Det EG elles veit, er at:* Sonen Jacob vart konfirmert i Lier 1905* Dotteri Elen vart konfiormert i Lier i 1907* Dotteri Anna vart konfirmert i Lier i 1909* Sonen Jacob var busett i Lier då han i 1912 utvandra til AmerikaDerimot finn eg ikkje at sonen Samuel (fødd november 1897) eller sonen Sigurd (fødd oktober 1899) er konfirmerte her.Kanskje kan me av dette slutta at huslyden Walaker budde på Nøsted i Lier mellom 1903 og 1912 og at dei i 1912 flytte til anten Eiker eller, mest sannsynleg, til Grefsen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Håklev

Konf.Sigurd Walaker i Vestre Aker 3 okt 1915 Kildeinformasjon: Oslo fylke, Vestre Aker, Ministerialbok nr. 17 (1910-1926), Konfirmerte 1915, side 71. Permanent sidelenke: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Solveig for nyttig opplysning! Då veit me at dei var komne på Grefsen i 1915, truleg etter at dei hadde vore ei kort tid i sjølve Christiania kring 1913-1914 (kvar no enn Samuel vart konfirmert...)?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×