Gå til innhold
Arkivverket

[#79199] Oppslag i bygdebok for Hyllestad - garden Bø, please?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

På garden Bø i Hyllestad budde frå kring 1903(?) gardbrukar Rasmus Hermundson frå Sætevik (f. 1861) og kona Hansina Andersdotter frå Bø (f. 1866). Truleg var det heimebruket hennar dei dreiv, med mindre det var ein mindre parsell av garden(?).Rasmus og Hansina hadde fleire born, mellom anna dotteri Anna Kristine Rasmusdotter Bøe (f. 1893) som i 1928 (dato?) gifte seg med enkjemannen Ivar Lasseson Raudboti frå Fjærland. Dei skreiv seg Jordal og skal ha butt på Bø - truleg ein mindre parsell av garden - til dei som pensjonistar busette seg på Radøy. Ivar Jordal skal ha vore matros og sidan los. Dei fekk fire born i lag, og dessutan hadde Anna ein son frå før.Er det mogeleg å få gjort eit oppslag i bygdeboki for Hyllestad for å sjå om desse opplysningane so nokolunde høver med det som står der?* Var det heimebruket hennar på Bø Ivar og Anna tok over etter dei gifte seg, eller ein parsell?* Kva er elles sagt om yrket til Ivar Lasseson?* Kva år flytte dei til Radøy?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Tislevoll

Fra Hyllestad bygdebok Bind 2 : Rasmus Hermundson, gbr.1902 - 36 Bruk nr.1 Indre Bø, gnr.86 (halve garden). Gift 1889 med Hansine Andersdtr. Ytre Bø (1866 - 1936). Dei kom hit fra Sæsol i Hyllestad. Står ikkje noko om yrket til Ivar Lasseson.V.h. Svein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Tislevoll

Dette står om eigaren før Rasmus i bygdeboka:Hermund Rasmussen, gbr.1871 - 1902, f.1838 på Indre Bø, d.1902. Ugift. Etter han vart det halde ein stor auksjon som vara i to dagar. Garden vart så delt, slik at Klaus Rasmussen fekk eine halvparten, det seinare bruk 2. Søstersonen til Hermund og Rasmus vart neste brukar på bruk nr.1.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svehn Ruskelöv

Hei Lars!Denne släkten kjenner jeg litt til og de har også ett släktskap til mig langt ut.I samme bygdebok som ovenfor nr. 2.''Anders R. Böe (bror til Anna Kristine) hadde arverätten til bruk 1 og var eigar 1931-78, men han og familien var bosatt i Oslo, så under tiden 1934-63 paktet ''Anders'' bort bruket til sösteren ''Anne Kristine'' og ''Ivar Jordal'', de hadde 3 barn.Mvh,Svehn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svein og Svehn for nyttige og spennande opplysningar frå Hyllestad. Då har eg fått svar på det meste som eg treng om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.