Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#79228] Johannes Brodwall (Lærdal) g.1912 m. Magnhild Nielsen (Tjøme) - detaljopplysn.?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Denne huslyden er delvis omskriven i Arkivforum (tema #79082):Johannes Olson Brodwall, fødd på Brattegjerde i Lærdal 24.4.1877, gifte seg i 1912 med Magnhild Hansdotter Nielsen frå Kruge på Tjøme, fødd på Tjøme 7.1.1886. Johannes var i mange år lensmann i Lærdal, men i 1947 flytte han og Magnhild som pensjonistar til Stabæk i Bærum der Johannes skal vera avliden i 1959. Magnhild skulle vera avlidi same staden i 1967, men i tema #79082 har Gisle referert til ein annan dødsdato for Magnhild, 29.10.1963. Dei fekk sju born i lag; den eldste av dei var Olav Brodwall, fødd i Bærum i 1914.Eg har følgjande spørsmål om Johannes og Magnhild:* Johannes Brodwall skal vera avliden i 1959, men eg manglar dato og stad?* Magnhild Brodwall skulle etter mine notat vera avlidi i 1967, medan Gisle har 29.10.1963. Kva er rett dato og kvar døydde ho?* So er det spørsmål om dato og stad for vigsli til Johannes og Magnhild? Dei er ikkje gifte i Lærdal og ikkje på Tjøme, men etterdi eldste sonen er fødd i Bærum, kanskje dei gifte seg der?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Johannessen

Magnhild Brodwall døde 24. oktober 1963, dødsannonsen sto i Aftenposten 28. oktober. 6 barn er nevnt i annonsen. Hun døde i Stabekk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars og Carsten for flotte og nyttige innlegg! Då er det berre dødsfallet til Johannes Brodwall frå 1959 som manglar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×