Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#79261] Ingebrigt Hansen Hillestad gift Bergen 1910 - til Stavanger same år - lagnaden?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

I lysingsprotokollen for Krosskyrkja i Bergen er i 1910 innskrive denne vigsli (Lenke):Ingebrigt Hansen Hillestad, fødd i Hafslo 6.10.1874 (skal vera 1873!), son av Jens Hansen (Setenes) og Ragnhild Ingebrigtsdotter (Hillestad), gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 13.2.1910 med Elise Olsen, fødd i Stavanger 1881.Brudgommen er sagt å bu i Pedersgate 49 i Stavanger, og eg vil tru dei vart buande i Stavanger. Dei er i alle fall IKKJE i Bergen i 1912!Er det nokon med lokal kunnskap i Stavanger som kan hjelpa meg finna ut om lagnaden til dette parfolket? Kvar vart dei av?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Kanskje Byarkivet i Stavanger kan hjelpa deg, trur dei har kommunale teljingar fram til 1925.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Annalisa Thelin Knutsen

Hei Lars Jeg holder på med en hjemmeside der jeg registrer folk som har bodd i Pedersgaten. (pedersgaten.org) Jeg har ikke funnet Ingebrigt i nr 49 ennå. Han finnes heller ikke i adressebøkene for 1935- 1941-1955 i Stavanger, hverken som Hillestad eller Hansen. I 1900 finnes det to Elise Olsen f. 1881 så det er ikke godt å vite hvem han ble gift med. De kommunale folketellingene i Stavanger går fram til 1916.Hvis han hadde vært nevnt i Pedersgaten 49 ville jeg ha funnet han allerede. De er ordnet etter adresse og har ikke register. mvh Lisa

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Mariann og Annalisa for spennande innlegg!Eg har drive og leitt etter fødsli til Elise i Stavanger, og no har eg funne ut at ho var fødd i Øiestad, men konfirmert i Stavanger Domkyrkje (Lenke)!Eg har snakka med Kyrkjevergen i Stavanger, men dei kunne ikkje finna korkje Ingebrigt eller Elise som gravlagde i Stavanger.Eg har òg leitt gjennom kyrkjeboki for St. Petri for 1910 og 1911, men finn ingen born etter Ingebrigt og Elise. Merkeleg! Kvar har dei gjort av seg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Det er en Ingebrigt Hillestad Hansen som er f.6.10.1873 (et år feil) som er død i Bjugn 10.1.1933. Det er bilde av garvstøtta på DIS gravminner. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan Arthur og Rune for kjempemessige innlegg! Dette var ei stor overrasking! Kanskje kan me ogso finna Elise og etterkomarar i Bjugn...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

No har eg søkt gjennom konfirmantane i Bjugn hovudsokn til ut i 1930-åri, men finn ingen born etter Ingebrigt. Dei andre soknene er ikkje skanna.Eg har i kveld sendt ein forespurnad til Statsarkivet i Trondheim om å leita etter dødsmeldingi hans og andre detaljopplysningar.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×