Gå til innhold
Arkivverket

[#79301] Johannes Monsen, Solund i Sogn


Gjest Tore Hansen
 Del

Recommended Posts

Gjest Tore Hansen

Trenger litt hjelp til å bekrefte fødestedet.Kirstine (nr12) fødes på .... (Næsø leser jeg det til)?På forhånd takk!mvh Tore HansenKildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Solund i Solund, Klokkerbok nr. A 1 (1860-1893), Fødte og døpte kvinner 1864, side 42. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6931&idx_id=6931&uid=ny&idx_side=-43>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svehn Ruskelöv

Hei Tore!Vet du hvor denne dreng ''Johannes Monsen'' på gnr.44 ''Nesöen/ Solund'' har sitt opphav i fra ??Mvh,Svehn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

I ein annan debatt her på DA har Lars E. Øyane komme med følgande;Johannes Monsson, fødd på Lågøy i Solund 8.2.1840, og Gunnhild Nilsdotter, fødd på Urnes i Hafslo 5.9.1838, reiste i 1864 til Målselv der dei gifte seg 7.1.1866. Johannes livnærte seg som fiskar, og kring 1871 flytte parfolket til Tromsø for kring 1881 å flytta vidare til Vardø. Båe levde framleis i 1900, men dødsdatoane deira er ukjende. Me kjenner til åtte born etter dei:* Kirstina Johannessen, fødd i Solund 3.8.1863, truleg død i ung alder(?)* Ingeborg Marie Johannessen, fødd i Målselv 3.8.1866, nemnd i 1875, ukjend lagnad* Nils Meyer Johannessen, fødd i Målselv 4.3.1869, konfirmert i Vardø 1884, ukjend lagnad* Johan Kristian Johannessen, døypt i Tromsø 3.3.1872, truleg død i ung alder(?)* Johanna Marie Johannessen, fødd i Tromsø 1.8.1874, konfirmert i Vardø 1888, ukjend lagnad* Olga Henriette Johannessen, døypt i Tromsø 13.5.1876, nemnd i 1900, ukjend lagnad* Hjalmar Gunnerius Johannessen, fødd i Tromsø 18.9.1879, nemnd i 1900, ukjend lagnad* Julie Karoline Johannessen, fødd i Vardø 17.6.1884, nemnd i 1900, ukjend lagnad

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få nytta dette høvet til å takka deg, Tore, for e-postane dine frå i fjor med ein del ættesogeopplysningar om borni til Gunnhild Nilsdotter og Johannes Monsson. Grunna forseinkingar i prosjektet er det først no at eg har hatt høve til å gå gjennom dei tilsende opplysningane, og eg har oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden. Dette følgjer her:~~~~~~~~~~~~~~~~~~Gunnhild Nilsdotter, f. [urnes, Hafslo] 5.9.1838, flytte i 1859 til Solund og derifrå i 1864 vidare til Målselv der ho 7.1.1866 gifte seg med Johannes Monsson frå Lågøy i Solund. Han var son av husmann Mons Hansson i Hagen under Lågøy, opphavleg frå Pollen, og kona Johanna Johnsdotter frå Utvær og f. i Solund 8.2.1840, men flytte likeins til Målselv i 1864. Johannes var nokre år arbeidsmann og budde på Karlstad og Holmen i Målselv, men livnærte seg sidan som fiskar. Han og Gunnhild budde frå kring 1870 i Tromsø, men flytte kring 1881 til Vardø der dei sidan budde levetidi ut. Johannes d. som fiskar i Vardø 9.3.1916, medan Gunnhild d. som enkje på gamleheimen i Vardø 31.5.1919. Dei fekk åtte born i lag:a. Kirstina Johannessen, f. i Solund 3.8.1863, d. på Karlstad i Målselv 12.11.1864.b. Ingeborg Marie Johannessen, f. i Målselv 3.8.1866, d. i Kirkenes 30.6.1919. Ingeborg gifte seg i Vadsø 31.10.1896 med Olaf Julius Evenson Riise, f. i Vadsø 2.4.1874. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Olaf var fyrbøtar og sidan maskinist, og han og Ingeborg budde i Vadsø, men flytte sidan til Kirkenes i Sør-Varanger. Dei fekk¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900: Gunnar 1892 og Thoralf 1897, båe fødde i Vadsø! - Gunnar var vel hennar son? - fleire born?)born i lag.c. Nils Meyer Johannessen, f. i Målselv 4.3.1869,¤¤¤¤¤ (konf. Vardø 1884, ikkje n. 1900 – lagnaden hans?)d. Johan Kristian Johannessen, f. i Tromsø 24.9.1871, d. i Tromsø 18.5.1872.e. Johanna Marie Johannessen, f. i Tromsø 1.8.1874, d. som enkje i Vardø 25.10.1951. Johanna gifte seg i Vardø 31.10.1898 med Oluf Martin Karlson Lystad, f. i Vardø 14.4.1871. Han d. i Vardø 6.9.1933. Oluf Lystad var fiskar, og han og Johanna budde i Vardø levetidi ut. Dei fekk tolv born i lag.f. Olga Henriette Johannessen, f. i Tromsø 6.5.1876,¤¤¤¤¤ (ikkje konf. Vardø, men n. 1900 – sjukleg, hadde dotter Gudrun Marie 1900-1901)g. Hjalmar Gunnerius Johannessen, f. i Tromsø 18.9.1879, var fiskar, men miste livet på fjellet mellom Porsanger og Svanholt 18.12.1900, ugift.h. Julie Karoline Johannessen, f. i Vardø 17.6.1884, d. ugift i Vardø 18.2.1902.~~~~~~~~~~~~~~~~~~Om du (eller andre) er i stand til å gjera tilføyingar eller rettingar i denne ættelista, so ville eg setja stor pris på det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane - lars.e.oyane@sdsl.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.