Gå til innhold
Arkivverket

[#79411] Målar Knut Olsen, Sandviken. Fødd rundt 1890 - 1900.


Gjest Olav Skeie Lid
 Del

Recommended Posts

Gjest Olav Skeie Lid

Eg søkjer informasjon om Knut Olsen, Sandviken. Han er oppgjeven som målar, var fødd sannsynlegvis mellom 1890(1880??) og 1900. Eg ynskjer å vita kven hans foreldre og besteforeldre var - og om han har nolevande etterkomarar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Skeie Lid

Han var mine kjære stebarn sin oldefar. Dei ynskjer å vita meir om han og slekta si - men har svært lite konkret å visa til. Han døydde i Bergen på 1970-talet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Med så få opplysningar er det også vanskeleg å vite når ein har fått treff. Der er ein kandidat Knut Johan Olsen f. 28.07.1895 og som døydde i Bergen 13.09.1971. Gift med Betzy.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Kva slags målar var Knut? Kunstmålar, husmålar, vegmålar eller oppmålar? Kva heitte kona? Kan det vera ho som Otto nemner i innlegg 5, Betzy?Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Finn i Bergen adressebok for 1958 at Knut og Betzy då budde i Bekkesvingen 3 på Landås. Han er nemnt som arbeidar.Men: Dette kan jo berre vere eit slag i lufta når vi ikkje kan fastslå at denne Knut Olsen er den rette Knut Olsen.Finst det namn på etterkomarar her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Olav Skeie Lid

Det er her det vert litt kinkig, og kanskje ikkje i tråd med reglane for debattforumet: Knut Olsen fekk ein son utanfor ekteskap - og det er desse slektningane eg prøver å hjelpa å spora opp fortida si....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Bakketun

Visst denne sonen var fødd før 1930 og vart døypt, er det vel råd å lokalisere foreldra? Visst du veit navn, fødselsår og fødestad, men ikkje vil legge det ut på Forumet, kan du gjerne sende meg ein mail? Eg prøver å hjelpe, så sant eg kan. mariannealfakrøllbakketunpunktumnet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.