Gå til innhold
Arkivverket

[#79530] Karen Marie Hermansen (f. 1868) - gift med konditor(?) Simonsen i Christiania?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Med utgangspunkt i tema #10417 (Lenke Øyane&nr=5&antinnlegg=17&startnr=&antall=&spraak=#anker) vil eg starta ein ny tråd for å setja fokus på det eine problemet som står att å løysa:Karen Marie Hermansen, truleg kjend som Marie Hermansen, fødd i Bergen 1.8.1868 som dotter av Johannes Hermansen og Johanna Marie f. Jansen, var i 1913 sagt å vera gift med ein ''konditor'' Simonsen og budde truleg i Christiania!Rimelegvis var det ho som ved FT1900 kalla seg for ''fru Simonsen, fødd i Bergen 1868, busett i Christiania'', men då på vitjing i Bergen?Eg har søkt i ein del kyrkjebøker frå Christiania frå 1890-åri for å sjå om eg kunne finna ei vigsle for Karen Marie, men so langt utan hell... Det er so mange kyrkjelyder..., og so mange vigsler...!Kan det tenkjast at denne konditor Simonsen kan finnast i ei av byteljingane frå Christiania (1912?) i Byarkivet? Er det nokon som har høve til å undersøka dette for meg?Eg takkar på førehand for alle gode tips om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Håklev

Her er Karen Marie i FT 1923 Kristiania,men her er hun enke så da hjelper ikke det for å finne ekteskapet LenkeKanskje det går an å finne mannen i dødsfallprotokollene for Oslo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Solveig og Carsten for imponerande funn! Dette var ei skikkeleg overrasking å få med seg på ein tysdags morgon! Desse opplysningane har eg søkt etter i mange år!No vil det kanskje òg vera mogeleg å finna ut om dei fekk born, eventuelt dato og stad for vigsli deira?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Solveig for nye fine opplysningar!Då hadde dette paret tydelegvis ingen born i lag, men bnoki vigsli kan eg ikkje finna i Bergen, so dei gifte seg nok i Christiania, ein eller annan gong mellom 1891 og 1900...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg tek opp att dette tema i ein freistnad på å finna svar på dei siste spørsmåli mine om denne huslyden, om det i det heile er mogeleg...:* Dato og stad for vigsli til Karen Marie Hermansen og Karl Christian William Simonsen (truleg Christiania mellom 1891 og 1900)?* Dato og stad for dødsfallet til Karen Marie Simonsen (Christiania/Oslo etter 1923)?* Når me veit at Karl Christian William Simonsen var fødd i Horsens 1.10.1869 - kanskje kan ein av Danmarks-ekspertane våre hjelpa til med namn på foreldri hans med yrkestitel på faren?Eg takkar på ny hjarteleg for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Litta for flotte og nyttige innlegg! Då er opphavet til bakar Simonsen på plass!Eg har sjølv leitt i dødsmeldingsprotokollane for Oslo fram til og med 1945 og har funne EIN kandidat til Karen Marie Simonsen, òg kjend som Marie Simonsen:* Enkjefru Marie SIMONSEN, døydde i Oslo 8.2.1943 - dødsmeldingi hennar er #149 i II rekke.Denne dødsmeldingi er ikkje skanna, men kanskje har ein eller annan høve til å gjera eit oppslag for meg på Riksarkivet?Elles manglar me framleis vigsli til Karl Christian William Simonsen og Karen Marie..., men denne er truleg ikkje so lett å finna...Eg takkar å ny for all god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i dag få henta fram att denne saki frå 2.8. Kanskje det no etter ferien er ein eller annan som har høve til å gjera oppslag på Riksarkivet på dødsfallet frå 1943 for Marie Simonsen (jmf. innlegg #13)?Eg takkar igjen for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Carsten Schanche

Den Marie Simonsen som døde 8-2-1943 var 89 år gammel, så hun kan det ikke være. (Iflg. dødsannonsen i Aftenposten av 10-2-1943.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for stadfestingi av at dette var ''feil'' Marie. Då lyt me attende til ''scratch'', men eg har ikkje nokon idé om kvar ho kan ha gjort av seg...Heller ikkje har det vore mogeleg å finna vigsli til Karen Marie Hermansen og Carl Christian Simonsen. Eg vil tru dei gifte seg mellom 1891 og 1900..., sannsynlegvis i Christiania!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.