Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#79698] Britha And Kolseter/Hillestad/Reppen, f. Hafslo 1831 - Amerika 1891 - sju born?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har ei skikkeleg utfordring til dei som liker ''amerikanøtter''. Eg har freista mangt, men greier ikkje finna denne huslyden att i Amerika:~~~~~~~~~~~~~~~~~~Britha Andersdotter Kolseter, ogso kjend som Hillestad og som Reppen, var fødd på Holsete på Hafslo 21.9.1831, men flytte i 1854 med foreldri sine til Kolseter i Sogndal. Først fekk ho tre born utan å vera gift; so gifte ho seg i Sogndal 25.6.1866 med enkjemannen Trond Olson (Vassli) Reppen, fødd i Sogndal 20.3.1831. Trond og Britha var først husmannsfolk i Hagen under garden Hillestad i Sogndal, men flytte i 1868 til Reppen i Sogndal og i 1872 til heimen hennar på Kolseter under garden Ormelseng i Sogndal der Trond døydde 9.11.1874. I 1891 utvandra Britha som enkje til Amerika og kalte seg då Reppen, men der forsvinn alle spor!Borni hennar:a. Peder Nilsson Kolseter, son av Britha og Nils Pederson Bjelde, var fødd i Sogndal 28.10.1859, einaste barnet eg ikkje finn i utflyttingslistene, men har nok òg funne vegen til Amerika(?)b. Kirstina Nilsdotter Kolseter, dotter av Britha og Nils Pederson Bjelde, var f. i Sogndal 20.9.1862, utvandra til Amerika i 1893 og hadde med seg ei ''uekte'' dotter Britha Eriksdotter, fødd i Sogndal 1890 (som eg ikkje kan finna!).c. Lars Erikson Kolseter, son av Britha og Erik Olson Hollekve, var fødd i Sogndal 10.5.1865, men utvandra til Amerika i 1886.d. Ingeborg Trondsdotter Hillestad/Reppen, fødd i Sogndal 7.3.1867, utvandra til Amerika i 1893 og skreiv seg då Hillestadhagen.e. Andreas Trondson Reppen, fødd i Sogndal 22.2.1869, utvandra med mori til Amerika i 1891.f. Johannes Trondson Reppen, fødd i Sogndal 18.5.1871, utvandra òg til Amerika med mor si i 1891.g. Maria Trondsdotter Reppen, fødd i Sogndal 14.12.1873, utvandra likeins med mori til Amerika i 1891.Eg har so langt ikkje funne spor etter nokon av desse borni i Amerika!!Om nokon greier å finna ut kva som skjedde med denne søskenflokken og mor deira i Amerika, vil eg verta mektig imponert!På førehand hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

For ordens skyld - her emigrerer Kirstine og datteren BrithaLenkeGrethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for innleggingi av utvandringi til Kirstine og dotter hennar. Det er merkeleg at me ikkje kan finna nokon dåp på denne dotteri; det kunne ha hjulpe i leitingi i Amerika...Eg held fingri framleis krossa for at noko skal dukka opp om lagnaden til denne søskenflokken i Amerika...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Etter at eg tidleg i dag fekk eit tips frå Amerika om lagnaden til dotteri Kirstina i Amerika, har eg nytta ein stor del av dagen til å ''nøsta opp'' det meste av denne huslyden. Dei busette seg i det nordvestlege Minnesota og skreiv seg for ANDERSON!Problemet er soleis på det næraste løyst, bortsett ifrå at eldste sonen Peder skal ha utvandra til Amerika tidleg på 1880-talet! Let det seg gjera å finna utvandringi hans?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.