Gå til innhold
Arkivverket

[#79717] Peter Britannus Knutson (1826- ) - Bygdebokoppslag Stenes øvre i Ørsta?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Som det går fram av tema #79695, so gifte Martha Evensdotter frå Sogndal seg i Bergen 22.10.1854 med:Peter Britannus Knutson frå Stenes øvre i Ørsta sokn i Volda, fødd der 19.5.1826 (Lenke).Dei fekk ein son August i Bergen i 1858, men vert so borte!So er spørsmålet; finst det ei bygdebok for Ørsta som kan fortelja oss kvar det vart av Peter Britannus Knutson og huslyden hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Mulig det er øynene mine som svikter, men jeg finner ikke sønnen August Peder døpt i Nykirken. Og registreringen i FS/VRI og FS/Pilot inneholder bare fødselsdato på gutten.Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

(1): skal vi pirke litt, så står det Ytre (ikkje Øvre) i dåpen til Peter Britannus....'Ørstingar' bd.I (Dale, 1995) s.655 (Ytre Steinnes bnr.) seier at Peder er nemnd (dvs i live) 1900, gift, hadde 2 barn og var busett Dassel, Minnesota. Namnet på kona er ikkje nemnt (dvs. ukjent for forfattaren).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne-Lise Hansen

Han sto oppført som barn av dissentere: Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. H 1 (1858-1896), Fødte barn av dissentere 1858-1859, side 72. Permanent sidelenke: LenkeHer står det også at de dro til Amerika. Mvh Anne-Lise

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne-Lise Hansen

Peder Brittannus som utmeldt av statskirken 28. april 1858 (nr. 6) Kildeinformasjon: Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. H 1 (1858-1896), Utmeldte av statskirken 1857-1859, side 41. Permanent sidelenke: LenkeHer står det at han har reist til Amerika.Mvh Anne-Lise

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe, Berit, Ivar og Anne-Lise for mange flotte innlegg! Eg har no funne att P. B. PETERSON (som han kalla seg der borte) i fleire amerikanske folketeljingar, m.a. i 1875 med kona Martha i Kandiyohi Co., MN og sidan med ny kone Allis i Meeker Co., MN. Han hadde minst tre born med første kona og to med den andre.Eg manglar framleis nokre detaljar, men problemet er i hovudsak løyst!Nok ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest David Widerberg Howden

Hei! Ørstingar 1 og 2 er digitalisert her:[url="http://www.nb.no/utlevering/nb/a14e415c9c88c0fa715fd4c2fc45eec9#&struct=DIV672>LenkePeder Britannus Knutson Ytre Steinnes var bror av Ola Martinius Ytre Steinnes, som var far til Petrine Steinnes som fikk et barn utenfor ekteskap med Knut Petter Howden i 1889. Se denne debatten:Lenkeog denne:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Pål W. Martinussen

Hei! Har en Elias Britanus Knudsen, f. 1830 i Borgund, Sunnmøre inngift i slekta mi. Er dette en annen bror? Han døde 16.03.1884 på Gustad, Bø i Vesterålen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Pål (11): Både Elias og Knut var vanlege namn på Sunnmøre (og Britan(n)us - men mest som 2. eller 3. førenamn).Peder er f. i Ørsta, og som du ser frå lenkja i (10) budde foreldra hans der. I 1830 fekk dei dottera Oline. Skal du finne 'din' Elias, må du leite i kyrkjeboka i Borgund. Der står sannsynlegvis eit gardsnamn også, om du ikkje veit det frå før. Er du 'uheldig', er det døypt fleire Elias Britanus Knutsøner i Borgund det året. Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg held framleis på med åleita etter Peter Bfritannus og ætti hans i Amerika, men det er ikkje lett!Det går fram av FT1870 for Whitewater, Walworth Co., WI at Peter Britannus og første kona Martha Evensdotter fekk TO born, medan dei budde i Noreg. I tillegg til August i 1858 hadde dei òg ein son Carl ''Charles'' fødd kring 1856. Eg finn ikkje dissentarfødsler i Nykyrkja på den tidi, men kanskje han er innskriven ein annan stad?Peter Britannus og første kona Martha fekk minst fem born i lag, medrekna dei to fødde i Noreg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne-Lise Hansen

Hei, igjen.Peder Britannus melder seg ikke ut av statskirken før 28. april 1858, se (8), så Carl er nok i en 'vanlig' kirkebok antar jeg.Mvh Anne-Lise

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne-Lise Hansen

Fant ham, tror jeg.. Carl Martinius f. 17. april 1856, døpt 25. mai: Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Klokkerbok nr. B 3 (1849-1856), Fødte og døpte menn 1856, side 116. Permanent sidelenke: Lenke(nr. 64) Foreldre: Peder Knudsen Matros og Marte _Anders_datter. Har presten skrevet feil patronym på mor, eller er dette noen andre?Anne-Lise

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne-Lise for nye spennande innlegg!Eg trur sanneleg du har rett! Det må vera denne Carl Martinus me leiter etter!So er spørsmålet om me kan finna han att i Amerika etter 1870...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Ellingsen

Ragnar Standal skriv i si 'Mot nye heimland - Utvandringa frå Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta', utgjeven av Ørsta kommune i 1985:'Steinnes, Peder Knutson, f. 1826, drog tidleg til Bergen, der han gjekk i bøkkarlære. Seinare sigla han på Nordland som fiskehandlar. Kona hans var frå Sogn, men ho døde tidleg. Kring 1860 drog han til Amerika og fekk seg farm ved Dassel i Minnesota. Der kalla han seg vekselvis Peter B. Stone og Peter B. Peterson. Han hadde sonen Charles, musikklærar, og dottera Jennie, også lærar, båe truleg utvandra frå Noreg. Peder var baptist. Han døde noko etter 1900.'Sonen August er altså ikkje nemnd her. Jf. elles ein merknad heilt til høgre s. 149 i Nykirken, Ministerialbok 1858-1869, om namnet Edvard August.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.