Gå til innhold
Arkivverket

[#79758] Absalon Johnsen frå Lunde, Stryn til Bergen (1799-1843) - lagnad til borni hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Absalon Johnsen, son av strandsitjar John Simonson på Lunde og kona Britha Endresdotter (Ytreeide) i Stryn, vart døypt i Stryn (Innvik) 23.2.1799. Han gifte seg i Bergen 11.2.1821 med Anna Andersdotter (Wallager), døypt i Hafslo 6.7.1791. Absalon var smedsvein og sidan dagarbeidar, og han og Anna budde ulike stader på Nordnes i Bergen, men Absalon døydde på sjukehuset i Bergen 19.7.1843. Anna Johnsen døydde som enkje og almisselem (legdelem) i Bergen 2.1.1861. Dei fekk sju born i lag:a. Johan Andreas Absalonsen, fødd i Bergen 25.12.1819, døydde i Bergen 23.3.1820.b. Rasmus Olai Absalonsen, fødd i Bergen 1.6.1822, døydde i Bergen 17.8.1843. Rasmus var blokkmakarsvein og budde i Bergen, men døydde ugift.c. Bertha Marie Absalonsen, fødd i Bergen 9.8.1824, gifte seg i Bergen 4.7.1847 med Ole Nilsson frå Ystebø på Radøy, Lindås, kjend i Bergen som Ole Nilsen, fødd på Lindås 10.12.1821. Ole var matros, og parfolket budde i Bergen til 1852. Fire born er kjende. Denne huslyden er drøfta under tema #79757.d. Johan Andreas Absalonsen, fødd i Bergen 28.10.1826, lagnad ukjend.e. Randine Absalonsen, fødd i Bergen 30.3.1829, fekkei ''uekte'' dotter Anna Ovidia med handelsbetjent Hans Rasmussen, fødd i Bergen 21.8.1849, seinare lagnad ukjend.f. Cornelius Absalonsen, fødd i Bergen 1.9.1831, lagnad ukjend.g. Anne Gurine Absalonsen, fødd i Bergen 13.9.1834, lagnad ukjend.Eg står heilt fast på lagnaden til denne huslyden, so no vonar eg på positive innspel frå andre brukarar og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kjersti, Egil og Lars for kjempemessig ''teamwork''! Då er Randine på plass, og me har tydeleg òg spor etter Cornelius og Anna Gurine. Eg er imponert!Kanskje dukkar ogso Johan Andreas opp ein eller annan stad?Eg ser forresten ikkje noko meir til Anna Gurine Absalonsen i Bergen, so truleg er ho òg flytt frå byen etter 1875?Cornelius er heilt sikkert mannen du Egil har funne i Vågan, men kan dødsfallet hans finnast? Eg ser ikkje noko til han i 1875!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg har i kveld reinskrive opplysningane om desse Absalons-borni og då ogso leitt fram ein del detaljar frå Ålesund om Randine og huslyden hennar. So den biten er komplett.MEN, eg har òg søkt gjenom avlidne i Vågan frå 1865 til 1875 utan å finna spor etter Cornelius Absalonsen, og heller ikkje ser eg noko meir til Anna Gurine Absalonsen enn frå FT1875. Ho er ikkje i Bergen i 1885 eller 1891! Johan Andreas er og vert heilt forsvunnen...Eg står med andre ord heilt fast når det gjeld desse tre søskeni, og det kan sjå ut som ei temmeleg vonlaus oppgåve å finna dei att..., trass i eit so uvanleg ættenamn...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Her er dåpen til Ole Andreas i kirkeboka - en av fadderne het Thorvald Eriksen! Det kan dermed se ut som Anne Gurine Johnsen har fått barn med to brødre....Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. B 4 (1859-1871), Fødte og døpte menn 1869, side 176. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8327&idx_id=8327&idx_listetype=dp&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-174>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Jeg finner denne Ole Andreas Eriksen, blikkenslager - [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=11&filnamn=fg12011864&gardpostnr=7641&merk=7641#ovre>Lenke Dødsfallsregistreringen viser at denne Ole Andreas er identisk med sønnen til Anne Johnsdatter - LenkeOle Andreas ble gravlagt fra Johanneskirken i Bergen. Ifølge fattigmanntallet ble halvbroren Martin Egidius konfirmert høsten 1885 og her er konfirmasjonen i Johanneskirken – se nr. 22 - Bergen fylke, Johannes, Ministerialbok nr. C 1 (1885-1907), Konfirmerte 1885, side 6. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for mange nye og spennande innlegg!Anna Gurine ser ut til å ha ei interessant soge, og eg har søkt litt vidare etter ho. Kanskje er dette Anna Gurine i Bergen i 1900: [url="http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1301&kenr=106&bnr=0017&lnr=01>LenkeOg då kan det vera ho som døydde 31.10.1908 (Lenke)?Dødsmeldingi hennar:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Hei Lars,som sagt er det jo ikke helt sikkert at det er rette damen. Men fornavnet stemmer og siden faren til Anne Gurine hadde farsnavnet Johnsen og fødselsåret hennes er 1834 i fattigmanntallet og i folketellingen 1900, er det en viss sjanse for at det er en og samme dame. Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

WOW! Eg trur eg har funne svaret! Som det går fram av tema #79757, som gjeld søsteri Bertha Marie Absalonsen, so hadde ho ei ''uekte'' dotter i 1861, OLUFINE CHRISTINE. Denne Olufine gifte seg med Jakob Olai INGEBRIGTSEN og er nemnd i samband med dødsmeldingi etter Anna Gurine Johnsen i 1908!Då har me funne Anna Gurine og lagnaden hennar, og me sit ''berre'' att med dei to brørne, Cornelius og Johan Andreas, som ''uoppspora''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Johan Andreas har en navnebror som ble forlovet Bergen fylke, Domkirken, Forlovererklæringer nr. II.5.5 (1857-1863), Lysninger 1862, side 200. Permanent sidelenke:  [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4564&idx_id=4564&uid=ny&idx_side=-213>Lenke Permanent bildelenke: LenkeOg gift i Domkirkesognet i Bergen i 1862 - Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. D 2 (1853-1874), Ekteviede 1862, side 86. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: LenkeMen far til denne Johan Andreas het Absalon Paulsen (jf dåpen Lenke). Forlover var Jakob Olai Absalonsen, men din Johan Andreas hadde ingen bror med det navnet. Så da kan vi utelukke denne navnebroren.Johan Andreas Absalonsen, sønnen til Absalon Johnsen, ble i alle fall konfirmert i Nykirken - Bergen fylke, Nykirken, Ministerialbok nr. C 1 (1840-1851), Konfirmerte menn 1842, side 14. Permanent sidelenke:  Lenke Permanent bildelenke: 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Ad innlegg 14: Skipet Norden ankom Quebec i august 1866 (basen inneholder ikke navn på passasjerene) -Passenger Lists, 1865-1922Ship: NORDENDeparture Port and Date (yyyy/mm/dd): Bodo, Norway - 1866-06-03Port and Date of Arrival: Quebec, Que. - 1866-08-08Remarks:List Number: 87Reference:RG 76Microfilm: C-4521 Jeg er ikke medlem av Ancestry.com, men jeg tok et søk og mener å se at Cornelius var blant dem som kom fram til Canada i 1866:LenkeGrethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye flotte innlegg!Då veit me at Johan Andreas voks opp, og me veit at Cornelius utvandra til Amerika. Eg har søkt litt etter Cornelius i amerikanske folketeljingar, men har ikkje funne spor etter karen so langt...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.