Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gunnar Ellingsen

[#79936] Erik Nord sine born

Recommended Posts

Gjest Gunnar Ellingsen

Stortings- og dannebrogsmann Erik O. Nord frå Eid flytta kring 1820 til Bryggja i dåverande Davik prestegjeld (Rugsund sokn). - 1. Erik og kona Marte Paulsdotter hadde m.a. sonen Paul som vart fødd 27. februar 1819 og som ved folketeljinga i 1865 var ugift smed og budde hos broren Ole på Maurstad i Davik. Er det nokon som veit meir om han? - 2. Erik og Marte hadde også dottera Ane Marie som vart fødd 20. november 1824 i Davik. Ho drog til Bergen i 1846 'for at giftes' som det står i kyrkjeboka, og må vere identisk med ho som gifta seg i Bergen (AA-sokn) 22. eller 26. juli 1846 med jekteskipper Anders Johannessen. Er det nokon som veit noko meir om henne eller dei? - 3.Erik og Marte hadde også borna Oline (1809-1884), Gjertrud (1812-1812), Gjertrud Marte/Matea (1813-1848), Ole (1816-1910) og Claus (1821-1865). Er det nokon som veit om fleire enn desse borna?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Oline vart 8. mai 1836 gift med Jon Ingebrigtson Øvrelid (1806-1891) frå Eid. Dei fekk seg gard på Runnshaug på Bryggja i Davik prestegjeld og var gardbrukarar på br.nr.1 der.Dei hadde borna Erik John (1837) Marthe Karen Oline (1840) Ingebrigt (1842) Gjert Andreas (Gerhard) (1848) og John (1851)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Hjartans takk for desse opplysningane!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Hjartans takk for desse opplysningane også! Eg reknar med at bygdeboka du viser til, er den såkalla 'Aalandsboka' for Davik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Eg har meir opplysningar om borna til Oline Eriksdtr. og Jon Ingebrigtson Runnshaug dersom du er interessert i det. ;)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Nei, eg er primært interessert i opplysningar berre om Erik sjølv og om det første leddet etter Marte og Erik, til dømes at Oline gifta seg med Jon I. Øvrelid i 1836 og at dei slo seg ned på Runnshaug. Eg veit såleis at syskena Gjertrud og Claus flytta til Ålesund og døydde etter måten unge der, men eg veit som før nemnt ikkje fullt ut korleis det gjekk med Paul og systera Ane Marie. MEN: Eg er svært takksam for tilbodet ditt!!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.