Gå til innhold
Arkivverket

[#80120] Tingbok Sunnhordland (Tysnes) 1784


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Fredrik DuVahl og Anna Malene Alberg døypte 14.8.1784 på TYSNES ein ''uekte'' son Ferdinand Christian.Normalt skal denne saki ha vore framme på tinget, og eg vonar det er mogeleg å gjera eit oppslag for å sjå kva som står i tingboki, særleg om det er sagt noko om barnemori hadde fleire leigarmål? Eg trur ho òg fekk ei dotter Gjertrud kring 1779...Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Erling Utne

Ikkje heilt svar på spørsmålet ditt, men dette står i Tysnes 4 s. 60Fredrik Kristian du Wahl f. o. 1730 d. 1784/89, fekk skøyte på halve Hovland av stemora i 1772, etter å ha kjøpt odelsretten av broren året før. Kjøpesummen på 600 dlr. skulle han betala til Conrad Krüger i Bergen, som hadde garden i forpantning. Anna Harboe skulle sørga for å få skylddelt garden, men det vart aldri gjort. Og i 1783 vart skøytet sagt ugyldig, då seljaren på det tidspunkt ikkje åtte noko i Hovland. Fredrik betalte heller aldri det han skulle. Fredrik Kristian du Wahl var løytnant og i Rensborg i 1769. Sidan avanserte han til kaptein, men vart avsett ved krigsrettdom i 1779. Han fekk sonen Ferdinand Kristian i 1784 med Anna Malena Alberg. I rettssaka vart han kalla dimitert kaptein. Begge fekk bøter, han på 12, ho på 6 dlr. Og begge måtte sitja på vatn og brød i 8 dagar på eigen kost. Fredrik vart tilstått ein pensjon på 60 dlr., men på slutten gjekk han og tigga og vart funnen død i søla midt i vegen som går til Toten, ved plassen Blokkhus i Gran sokn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Erling for interessante opplysningar! So vidt eg kan forstå, var altso denne saki oppe på tinget i Sunnhordland, so då lyt me vona på at der kan stå noko meir om Anna Malene...?Elles ser eg at Fredrik DuVahl hadde CHRISTIAN som mellomnamn. Då Gjertrud Christensdotter, som eg trur er dotteri til Anna Malene, fødd kring 1779, fekk første barnet sitt i Bergen i 1801, Petter Christian, er ho kalla CHRISTIANSDOTTER. Kan det tenkjast at den same Fredrik Christian DuVahl var far ogso til denne Gjertrud og at straffi i 1784 vart ekstra streng sidan det var leigarmål nr. #2 for båe?Tingsaki KAN gje oss eit svar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.