Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#80143] SF, Ålfoten / Davik: Ein liten lesedugnad på Sigdestad?

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Enkelte skifte kan ein få utruleg mykje opplysningar ut av, og her er eit http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24218/270 etter Gjøde Knutsdtr Sigdestad og tidlegare avdød mann Rasmus Olsson. Her er det ikkje nok å lese berre innleiinga, og eg er usikker på om eg har trekt ut alle mulege familieforhold, og oppfordrar Gunnar Sigdestad og andre lese-spesialistar til å kvalitets-sikre for meg.Skiftet er halde i 1705, men Rasmus Olsson er oppgjeven å vere død i 1675, og likeleis skal enkja Gjøde vere død 'for nogen år siden'.Dei har tre born saman: Kristen Rasmusson Sigdestad, Martinus Rasmusson Førde, og Mette Rasmusdtr, gift med Jørgen Torvik.Så kjem den salige mands børn/kvindens stifbørn: Anne Rasmusdtr er avdød, og sonen Anders Pedersson Midt-Ise møter på vegne av seg sjølv og syskena (som ikkje er namngjevne), Synnøve Rasmusdtr som møter med verje og sonen Anders Samsonson.Vidare meiner eg å lese at der er gjort eit skifte med enkja i levande live som ikkje er gjennomført.Så kjem oppramsinga av boens midler, og eg legg merke til at der er fleire sølvgjenstandar - for meg ser det ut som eit par av dei, pluss ein messingstake, er fordelt ut til arvingar før dette skiftet.Under jordegods ser eg at dei eig både i Brynestad, Sølvberg og Ryssdal, uvisst kvifor.Så kjem noko gjeld - fleire namn eg kjenner frå før, men vi får vel ikkje nye tips om slektskapsforhold før vi kjem til høgre spalte på fol 268a.Der får vi vite at Rasmus Olsson har hatt ei dotter Marte i fyrste ekteskap; Marte er død, og eg les det slik at hennar arv frå det fyrste, ufullførte skiftet skal delast på syskena hennar, og ho må då ha vore barnlaus - men var ho gift? Der står noko om bryllaupsutgifter -I den følgjande sekvensen hadde eg håpa å finne namna på dei syskena Anders Pederson Midt-Ise representerte, men her står berre sl Anne Rasmusdtrs barn, og resten av arving-flokken er kjende frå før.Blar vi om kjem ei liste over 'utlegg'. Eg ser ikkje heilt føre meg kven alle desse folka er, og skulle der framgå slektskapsforhold som eg ikkje har oppdaga - ?På neste side blir det delt ut til arvingane, Lengst nede til høgre står det at den sl mands arvingar er 2 brør og 3 systre - det er vel her meint søner/døtre i forhold til han, og likeeins på neste side i forhold til kvinna.Vidare utdeling, utan nye opplysningar, men i andre spalte på 269b meiner eg at eg finn arvingane etter Anne Rasmusdtr: Anders Pederson Midt-Isen, Rasmus Pederson, sl Knut Pederson Myklebusts børn, sl Anne Pedersdtr Myklebusts 2 børn og Mette Pedersdtr Isane.Eg bryr meg ikkje om ei fullstendig avskrift av skiftet, men vil gjerne få bekrefta om eg A - har fått med meg alle slektskapsopplysningane og B - om eg har tolka dei rett.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Etter ei rask gjennomlesing, forstår eg det slik:Rasmus Olsen Sigdestad, d. 1675, var siste gongen gift med Giøde Knudsdatter, ho var død nokre år før skiftet etter dei i 1705.Deira born: Christen Rasmussen Sigdestad, Martinius Rasmussen Førde og Mette Rasmusdatter, gift med Jørgen Torvik.Rasmus sine born med fyrste kona, Maritte:Anne Rasmusdatter, død. Hennar born: Anders Pedersen Midtisane, Rasmus Pedersen, Knut Pedersen Myklebust, død, Anne Pedersdatter Myklebust, død, og Mette Pedersdatter Isane.Synneve Rasmusdatter Backen [er Davikbakken, no Indredavik, bnr. 1]. Sonen hennar, Anders Samsonsen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Takk så langt! Men kvar finn du namnet på fyrste kona?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Bygdeboken har ingenting om første kona, annet enn at datteren Anne var nevnt i 1645. Men Rasmus står i boken som Rasmus Kristenson født ca 1606. Han var bruker fra 1630-tallet ab 1/4 laup smør.Sønnene Kristen 12 år og Martinus 10 år er nevnt i 1666. Førstnevnt ble bruker etter faren. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Ad. (3):s. 268b nede i høgre kolonna: 'Noch for sin Lod af Sal. Marittis Arf..'og s. 269a oppe i venstre kolonna og øvst i høgre kolonna og litt lenger nede.Men på s. 268a står 'Dend sal. Mands med første Qvinde aflede datter Maritte Rasmusdatter...', er nok feiilskriving for Anne Rasmusdatter.Eller har eg misforstått noko?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Ja, det trur eg kanskje, for eg oppfattar det slik at Maritte Rasmusdatter sin arv blir delt mellom dei andre syskena. Altså at der har vore tre døtre i fyrste ekteskap; Anne, Synnøve og Marte, og at Marte er død utan livsarvingar før dette skiftet. Eller?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Er ganske sikker på at Aase har rett her. Det står også at Maritte var av første ekteskapet til Rasmus.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Viss eg skulle setje pengar på eit førenamn på Rasmus si fyrste kone ville eg ha satsa på Mette. Grunnar: Dottera i andre ekteskap heiter dette, og Anne kallar ei av sine døtre for Mette.Dei tre døtrene i fyrste ekteskapet bør vere fødde sist på 1630-talet, ut frå alderen på Anne og Synnøve når dei får born. Berre Anne er nemnd i koppskatten 1645, men det er ofte tilfeldig kva som er nemnt der og ikkje, tykkjer eg.Dersom ingen andre har vesentlege moment frå skiftet å legge til slår eg meg til ro med at eg har funne ut det eg kan av dette skiftet.Takk for hjelpa for denne gong!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.