Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#80236] Haldis Johannson, fødd i Trondheim 1907 - døydde i Moose Jaw, SK 1978 - opphav?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Frå Amerika har eg fått opplyst at emigranten Nils Samuelson Lomheim, fødd i Hafslo i Sogn 14.3.1899, utvandra til Amerika i 1924 og gifte seg i Moose Jaw, SK i januar 1927 med:HALDIS JOHANNSON, fødd i Trondheim 11.5.1907.Me veit ikkje kva år Haldis utvandra eller kven foreldri hennar var.Ei Haldis Johanson var fødd på Hagforsen i Vefsn 3.12.1907 som dotter av Johan Carl Jacobson og Lina Emilie Larsdotter, og ho utvandra til Amerika med mor si i 1910. Men det kan vel ikkje vera ho; fødselsdatoen har etter mitt syn eit altfor stort avvik...?Eg vonar at einkvan dreg kjensel på denne Haldis og kan hjelpa meg:* Stadfesta dato og stad for fødsli hennar?* Finna opphavleg norsk namn?* Utvandringsår?* Fulle namn på foreldri hennar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Trur dette må vera rett:

bilete9935.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Grunnen til at eg trur dette er rett, ser du her, nr.43:LenkeDet er eit stykke frå Ibestad til Trondheim, men det er iallfall i Norge ;-))

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Ja, klart det er rett! Det står jo at ho skal til sin forlovede Nils Lomheim :-))

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Ein annan ting er at eg ikkje heilt skjønar kvifor ho kallar seg Johansen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Mariann for kjempeflotte innlegg!Ingen tvil om at du har funne den riktige Haldis, men her er det mykje som ser ''merkeleg'' ut:* Foreldri hennar frå fødsli i Ibestad stemmer ikkje med at faren er oppgjeven i 1924 heita Salomon Larsen i Høyanger! Kanskje Salomon var stefar?* Og so dette med Johansen...?Elles var jo Nils Lomheim òg ei tid busett i Høyanger før han utvandra, og det gjorde han òg i 1924, so dei må ha vore kjende alt i Høyanger, men trulova...?Kanskje er det meir å finna i kyrkjebøkene for Høyanger...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Her fann eg Haldis konfirmert i Høyanger i 1921, og ho heiter Haldis Johannessen! Faren er Peder Johannessen!! (Lenke)Kanskje farsnamnet vart skrive feil ved fødsli?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Her har me vigsli til foreldri i Ibestad: (Lenke)Her heiter faren Peder Johansen!Med dette skulle problemet vera so nokolunde løyst...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Dette stadnamnet 'over there' , Moose Jaw, er såpass originalt at eg tykkjer Lars bør vurdere å ta med den norske omsetjinga i bygdeboka: - Elgkjake/ elgkjeve :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Adele Goa

Here is a link to the Rosedale Cemetery in Moose Jaw Lenke You will find both Haldis and Nils buried there. Ingen hjelp med Haldis aner men kanskje hjelp hvis du ikke har funnet tidliger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.