Gå til innhold
Arkivverket

[#80297] Luster, Sog Fj: Etterkomarar av Mons Olsen Nes (hjelp til ein amerikanar)


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Her er familien i FT1865:LenkeSonen Elling (og gjerne fleire av barna og?)har eg funne som utreist i 1890.Det etterkomaren i USA lurar på er om det finnes etterkomarar av syskena i Norge? Vidare opplysningar om Elling finnes, men syskena hans?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Dersom BB for Luster går heilt opp til våre dagar, så er mi e-post adresse:mastokkto(to skrives med 2)alfakrøllonlinepunktumno

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Har sjekka på nett, og etter det eg kan sjå var den ferdig i 1984? Men kanskje det er revidert utgåve han held på med?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Elling Monsson, i Amerika kjend som Erling M. Ness (1856-1940) er omskriven i Gards- og Ættesoga for Luster, band III (1987). Eg ser eg manglar nokre detaljar kring vigsli hans med Kjerstina Nilsdotteer Tuving frå Tynset, men elles er dei sju borni deira omskrivne...Broren Mons (1849-1923), i Amerika kjend som Mons M. Ness, utvandra til Amerika med kona Kari Olsdotter f. Raaum i 1879. Dei busette seg i Pope Co., MN og fekk tolv born i lag.Søsteri Gunhild (1846-1912) gifte seg med husmann Nils Asbjørnson (1839-1917) på Ongelsneset under Nes i Luster. Dei fekk ti born i lag, men har ingen etterkomarar i Luster i dag. Ein del er i Amerika, men dotteri Agatha (1880-1932) har slekt i Bergen, sonen Elling (1888-1961) har slekt i Drammen og dotteri Anna (1892-1952) har slekt i Hol i Hallingdal.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Tusen takk Lars! Dette var flotte opplysningar å bringa vidare til Amerika!Har du nærare kjennskap til etterkomarane etter Agatha, Elling og Anna?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Heisan Mariann,Mons Olson døydde på Nes 10.10.1894, medan Elisabeth døydde same staden 17.7.1902.Eg hadde i si tid kontakt med etterkomarar etter slekti frå Ongelsneset, mellom anna med enkjemannen etter dotteri Agatha, Bernhard Karlstad, men han var i 1986 ein mann på 91 år og lever ikkje i dag! Dei andre kan eg ikkje hugsa; eg har det oppskrive, men notati ligg lagra i Gaupne. Agatha sine born var frå første ekteskapet hennar med Gudmund Furebotten frå Masfjorden, medan borni etter søsteri Anna var frå einaste ekteskapet hennar med Lars Aslakson Sveinhaug i Hol.Eg vonar dette er til hjelp.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

PS: Eg seier meg lei for seint svar, men eg har vore ute i heile dag, på utflukt til Graubünden, og kom att for berre ein time sidan!d.s.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Du skal slett ikkje vera lei for seint svar!! Du har ikkje noko plikt på deg til å svara!Men du skal vita at eg er svært takksam på vegne av etterkomar Ted frå USA!!Tusen hjarteleg takk for hjelpa :-)))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.