Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#80314] MR Borgund, Solevågseide - kven er dette paret?

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Ved folketellinga i 1801 finn eg ektefolka Lars Salomonson og Marte Gammelsdtr på Solevåseide. Etter alderen skal dei vere fødde ca 1761 og ca 1775.Er det nokon som veit kvar desse to kom frå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inge Nygård

Paret vart vigd 1. januar 1800 i Sykkylven (Ørskog Prestegj.): LenkeMarte var frå 'Gammelgarden' på Grebstad i Sykkylven. Faren heitte Gammel Andersen Grebstad (1741-1782).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Eg hengjer på neste spørsmål: Son til Lars og Marte, Karl Larsson, gifte seg ein gong før ca 1831 med Petrine Knutsdtr. Er det nokon som kan fortelje meg kvar ho kom frå - eg finn ikkje noka vigsle i Borgund.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Eg hengjer på endå eit spørsmål, sidan eg veit at folk frå rette området les tråden:Peter Larsson Kursetgjerde, Sykkylven, fødd 1821, har ikkje fått namnet på kona si med i bygdeboka, men folketellinga 1865 viser at ho heiter Eline Ivardtr og er fødd omlag 1810. Nokon som veit kven ho var?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inge Nygård

Petrine var frå Eikrem på Sula (i Borgund Prestegj.) Lysning 1830 i Borgund (nr. 16): [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16008&idx_id=16008&uid=ny&idx_side=-13>LenkeEline Marie Iversd. Tandstad (1811-1894) var gift 1.gong 1838 med Sivert Andreas Jenssen Straumgjerde (1808-1847). Dei budde på Kursetgjerde og fekk 4 born. Ho gifte seg 2. gong 1848 med Peter Ingebrigt Larssen Fet (1821-1890)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inge Nygård

Her er Eline Iversd. sitt 1. ekteskap (nr. 16): LenkeSivert Andreas sin far ser ut til å heite Jahn Olsen og ikkje Jens Olsen. (I bygdeboka er Sivert Andreas nemnt Jenssen)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Mange takk! Når eg no sjekkar bygdeboka finn eg det sjølv og, men du har funne ordet: Krøkkete..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.