Gå til innhold
Arkivverket

[#80336] Røysen - eit geografiproblem på Sunnmøre.


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Kristian Hunskaar

Jeg er rett nok ikke lokalkjent, men jeg vil tro dette er to forskjellige plasser. 1801-Røysen tilhører Hareid sogn og Ulstein prestegjeld - og vel dermed dagens Hareid kommune. 1865-Røysen tilhører derimot Valderøya skoledistrikt. Valderøya ligger i dagens Giske kommune, og så vidt jeg kan se av historikker jeg har tilgjengelig, har ikke Valderøya tidligere sortert under Hareid/Ulstein.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det høyrer naturlegvis med til soga at det somtid har vore (feil-)skrive 'Røisen' for Røyset (gnr.51, framleis i Hareid) og 'Røiset(h)' for Røysa (på Sula). Det er fort gjort...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg trudde eg hadde forstått, men no blei eg litt usikker igjen. 1865-lenka mi - kan eg kalle dette Røysa i Giske kommune? Og 1801-lenka er Røysa i dagens Sula?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Ja og ja er rett svar, men samstundes: Det er noko med om ein knyttar folk til garden eller til det enkelte bruk. Om ein legg seg på 'gardsnivå', er fasiten Gjøsundsæter i Giske og Røysa i Sula.Eller: Ein kan gå endå lenger og 'krydre' med opplysningar om den enkelte garden og det enkelte bruket. Det som t.d. er spesielt med Gjøsundsætra er at garden truleg må ha ei tilknytning til garden Gjøsund, som ligg på Vigra-sida av sundet. M.a.o.: Tidlegare låg desse gardane i kvar si kommune. Vigra og Giske vart til ein kommune i 1964.Koummunen Vigra heitte Roald fram til 1919. Roald vart utskilt frå Haram i 1890. Giske, på si side, vart skilt ut frå Borgund i 1908.Røysa var ein del av Ulstein fram til 1917. Då vart Hareid skilt ut frå Ulstein og Røysa vart høyrande til Hareid. Så vart gardane på Søre Sula overført frå Hareid til Borgund i 1958. I 1968 vart Borgund slått saman med Ålesund. I 1977 vart Sula utskilt frå Ålesund og etablert som eigen kommune.Ein skal halde 'tunga i rett munn' for å orientere seg i den sunnmørske geografien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Ja, det burde vere klart nok. Eg tenkte ikkje å diktere kva du skulle skrive, for eg er slett ingen guru på området! Eg berre tenkte, reint logisk, at når ein skal knytte folk til ein stad: At ein bør ta eit val om kva slags spesifikasjonsnivå ein vil vere på. Kommune, gard, bruk, eller noko anna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Ja, dette blir sjølvsagt alt etter kva du skal bruke det til. Men at den sunnmørske geografien er ei utfordring - ja, det er aldeles sant.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.