Gå til innhold
Arkivverket

[#80483] Elias Lund - matros frå Sund - barnefar i Hafslo 1894 - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ja, dette er alt som står i kyrkjeboki for Hafslo i samband med dåpen til Petra Sjøthun, fødd 24.10.1894:Far: matros Elias Lund frå SundKanskje er det ein eller annan med lokal kunnskap i Sund som kan identifisera denne karen? Kven var han? Kvar budde han? Leveår?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg er redd det vert: 'Til sin barnefader udlagde hun ...' - han finst nok ikkje under det namnet. Eg har leita i alle tenkjelege lister, utan resultat. Nærast 'Lund' i Sund pr.gj. er Lundøen i Austevoll, men der er det ingen Elias etter det eg kan finna. Så det er nok truleg ein matros på sognebåten ho har vore saman med - og som hadde eit heilt anna namn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Bjørn for nye innlegg om Elias Lund!Det høyrest ut som om denne matrosen vert vanskeleg å spora opp, men me får lata spørsmålet liggja; kanskje dukker det opp ein kandidat frå det ''ukjende''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Digresjon: det står Eliasdatter Sund på Petra i 1900-tellingen, men det har vel ikke noe å si mht å spore opp faren hennes...Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddvar Søreide

Tar ein utgangspunkt i navnet Elias og at han er matros, så er det ein Amund Elias Larsen på garden Sund i Sund prestegjeld, han blir gift i 1899. Dette går kun på navnelikhet, så vi kan ikkje skylde Amund for ei farskapsskap av den grunn, men det finnes kanskje ett skifte etter denne Amund? Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.