Gå til innhold
Arkivverket

[#80675] Tilje og plett - nemningar i båten


Gjest Mads Langnes
 Del

Recommended Posts

Gjest Mads Langnes

Om det lause lemggulvet i ein færing eller annan liknane båt blir det brukt ulike nemningar. Nokon seier tilje, andre plett.Hjå Ivar Aasen blir det hevda at plett (plitt) er gulvet i forrommet og bakrommet i ein båt. Og også andre hevdar at det heiter plett i for- og bakskoitt, medan nemninga er tilje for rommet eller romma i mellom.Er det nokon som kan gje fleire opplysingar om skilnaden mellom plett og tilje?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Kan ikkje hugsa at det vart brukt andre ord enn tilje på våre trakter. Framtilje og baktilje var dei vanlege nemningane for tilja fremst og bakerst.Plett (plitt) kan eg ikkje hugsa å ha høyrd brukt i denne samanhengen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sigbjørn Sandsmark

Vronjå er bakerst i færingen. Er usikker på om det bare er bak det atterste spantet som kalles vronjå.Har bare hørt tilje om de lause lemmane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

- så treiv eg til han med fiskjestongji, så'n låg i uvitet bak'i RONGJI ! Eg vart så glad, tok til å kvad; eg rådde grunnen åleine !(Rongji og Vronjå må mest vera same plassen ? Me får vona at tiljene låg pent på plass ...)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Hei Mads!I Nordfjord, Sunnfjord og på Sunnmøre heiter tilfaret framme og bak framplitten og bakplitten. Dei er vanlegvis hogne i spiss av ein høveleg hun. Dei andre av tilfara heiter tilje etter rommet dei ligg, t.d. storetilja og slagromstilja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald L. Bakke

Seksring og Ottring lange, Aarer og Øskarre mange Ved han vel at lage Og mage. Tofte, Tilje, Pligt, Mast og andet sligt, Som er brugeligt I Sølænders Stikt; Sælger dem til Smellen For Fellen Blir betalt med Fisken paa Hjellen. Petter Dass: «Den Norske Dalevise»

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnstein Rønning

Et plekter (for å traktere strengene på f.eks en gitar) ligner jo telja foran og bak i båten. Vi har jo forresten ordet telgje (hogge, skjere til, spikke), og telja er vel laga på denne måten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Har tygd litt på dette med plett eller plekt som eg slik halvveges dreg i minnet at var noko på færingen. Det var jo også noko som vart brukt som vertikal deling under toftene. Var det desse som vart kalla plekt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Søren Storaker

I indre Agder og Setesdal er tilje (tile) brukt om vanlig golv i hus. Det heiter jo også i ein sang 'dansen går over tilje'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mads Langnes

Eg takkar for svara på spørsmålet mitt. Som venta kjem det fram at det har vore ulik enemningar kring om i landet, og ikkje minst var det interessant å sjå at det (t.d. i Nordfjord) var eit skilje mellom tilje og plett. Det har nok vore slik i gamal tid i Romsdal også, der ein har kalla 'golvet' i romma for tilje og 'golva' i framskott og bakskott for 'plett', sjølv om ein no stort sett nyttar anten tilje eller plett om heile stasen.Sidan Harald Bakke (innlegg 7) viser tl Petter Dass, må eg jo som meir eller mindre god romsdaling vise til Bjørnson. I 'Faderen' skriv godaste Bjørnstjerne, godt van med fjordbåtane i indre Romsdal, som følgjer: Fjorten Dage efter den Dag roede Fader og Søn i stille Veir over Vandet til Storliden for at samtale om Brylluppet. 'Den Toften ligger ikke sikkert under mig', sagde Sønnen og reiste sig for at lægge den tilrette. I det samme glider den Tilje, han staar paa; han slaar ud med Armene, giver et Skrig og falder i Vandet. - 'Tag i Aaren!' raabte Faderen, han reiste sig op og stak den ud. Men da Sønnen havde gjort et Par Tag, stivner han. 'Vent lidt!' raabte Faderen, han roede til. Da vælter Sønnen bagover, ser langt paa Faderen - og synker.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Johannessen

Som nevnt (5) brukes ordet ”plekt” på Helgeland. Svein Molaug i ”Vår gamle kystkultur” skiller ikke mellom tilje og plikt: ”Tiljer eller plikter er brett man legger i bunnen av båten.” Han sier videre at skråbandet som står i ”framskoten” kalles ”ronga”. Tydeligvis bruktes samme begrepet om skråbandet (spantet) i akterskotten, jfr. innlegg ovenfor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.